Formålet med Riksarkivaren si statistikkinnhenting er å få eit overordna bilete av situasjonen i arkivsektoren i Norge, og å måle endringar i sektoren over tid. Oversikta nyttast i fleire høve av Riksarkivaren, eksempelvis i tilsyns- og rettleiingsverksemda, i oppfølginga av arkivinstitusjonane og i rolla som utviklingsaktør. Det er også eit mål at institusjonane og verksemdene sjølve skal kunne nyttiggjere seg av statistikken, til dømes som styringsdata internt og som verkemiddel for å synliggjere seg sjølv eksternt.

 

Statistikken publiserast kvart år på desse sidene i form av enkeltrapportar med svara frå dei ulike institusjonane/verksemdene, i samletabellar som gir ei oversikt over dei ulike delane av sektoren og i Riksarkivaren sine analyser av dei innrapporterte talla. Klikk på dei ulike fanene i margen til venstre for meir informasjon.