Ansvarsområde og oppgåver


Statsarkivet i Bergen er både eit forvaltingsorgan og ein vitskapleg kulturverninstitusjon.
Statsarkivet tek vare på arkivmateriale frå styresmakter på lokalt og regionalt nivå frå Hordaland (med Bergen) og Sogn og Fjordane, og frå private arkivskaparar.

Det er omtrent 16.000 hyllemeter med arkivsaker (pr 2009) i magasina no. Materialet strekkjer seg i tid frå 1307 til 1990-talet. Statsarkivet har arkiva frå både eldre og nyare statlege organ som sorenskrivar, lensmann, prest, jordskiftekontor, vegkontor, folkeregister ol.

Dei tilsatte ved Statsarkivet rettleier brukarane på e-post, brev, telefon, ved oppmøte på lesesalen og i diskusjonsforum på internett. I serviceerklæringa for Arkivverket kan du lese meir om kva du kan forvente deg av hjelp og rettleiing.

Det er også Statsarkivet si oppgåve å føra tilsyn med alle dei offentlege arkiva i Hordaland og Sogn og Fjordane. Regelverket for handsaming av offentlege og private arkiv er å finna i arkivlova med føreskrifter.