Statsarkivets historikk

Statsarkivet i Bergen vart oppretta i 1885 under namnet "Stiftsarkivet i Bergen", og dekka frå først av Rogaland, Hordaland, Bergen, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Eit eige statsarkivkontor i Stavanger vart oppretta i 1949, og frå 1970 var Rogaland fylke eige statsarkivdistrikt. Sunnmøresakene vart sende til Statsarkivet i Trondheim rundt 1930.

Frå Klosteret til klosterinspirasjon på Årstad

Institusjonen heldt dei første åra etter 1885 til i Klosteret 17, det som tidlegare hadde vore Bethlehem fattigskule. Ved eit makeskifte i 1914 mellom stat og kommune vart Klosteret 17 bytta mot ei stor tomt på Årstadvollen. Bygningen vart oppført i 1920-21, og teken i bruk frå 1. juli 1921. Arkitekten Egill Reimers har i utforminga av bygningen på Årstadvollen teke utgangspunkt i detaljar frå den gamle arkivbygningen i Klosteret 17, og frå ulike klosterbygningar. I ei nisje i trappen står "St. Sunniva", skåre ut av Wilhelm Rasmussen.

Trappeoppgangen i Statsarkivet i Bergen

Trappeoppgangen i Statsarkivet i Bergen. Foto: Kristian Strømme

Stiftsarkivet i Bergen på Klosteret

Stiftsarkivet i Bergen, Klosteret 17.

Tysk hovudkvarter

Statsarkivbygningen vart teken av tyske militære 10. april 1940 og gjort til hovudkvarter for dei tyske landstridskreftene på Vestlandet. Bygningen kom då til å huse generalane Herman Tittel, de Boer og til sist generalløytnant von Beren, og hadde i tillegg til administrasjon også den tyske feltkrigsretten, bykommandanturet og kvarter for tyske soldatar. På tomten let tyskarane bygga eit bunkersanlegg med tilhøyrande panservogngarasje og ei barakke for det tyske militærpolitiet. Viktige arkivsaker vart etter kvart flytta ut av bygningen og overført til Bergen Museum, seinare plassert i Rasmus Meyers samlingar. Nokre arkivsaker vart sende til steinkyrkjer i distriktet, og ein del til gruvene på Kongsberg.

Nyare bygg

Tyskarbarakka vart riven i 1969, men kjellaren vart ståande, og på den vart det i 1975 bygt eit konserveringsbygg (arkitekt Peter Helland-Hansen). I 1992 vart det oppført eit magasintilbygg (arkitekt Hansteen), knytt til den gamle magasindelen. Den gamle magasindelen har plass til om lag 6000 hyllemeter, den nye rundt 10 000.