Det følgjer alltid med ei viss spenning når ein opnar gamle pakkar kor ein på førehand ikkje er heilt kjende med innhaldet, og spesielt dei som på utsida er merka "Diverse". I ein av desse mindre konkrete pakkane låg det to 109 år gamle gråbrune konvoluttar. Eg kjende med ein gong at dei slett ikkje var tomme. Eg opna dei, som naturleg var, og oppdaga eit lass med "sand" i kvar konvolutt. "Det var då rart", tenkte eg med ein gong, men ei fornuftig forklaring stod tydeleg på utsida. "Guldforekomst fra Dahls apatitgrube i Bamble". Eg gnei meg i augo og las ein gong til. "Guldforekomst fra Dahls apatitgrube i Bamble". GULL. Og brått var eg rik. Det var rett nok berre gullstøv, men eg kunne jo smelta det om til gullbarrar og lodda stemninga på Londonbørsen. Eg tenkte meg likevel litt om; kor mye gull var det eigentleg tale om? Ja, med ei raus vekt, rett i overkant av fire gram, med den rådande marknadsverdien på gull kanskje nok til tre sentrumsbillettar med buss i Bergen. Nei, det var nok meir interessant det andre eg fann i bergmeisterarkivet.

Historikk

Som kjent vart Bergvesenet i 1986 gjort om til ein sentral institusjon med sete i Trondheim. Dette var sjølsagt ei rasjonell løysing på bakgrunn av den dalande utviklinga den norske bergverksnæringa har vist gjennom praktisk talt heile etterkrigstida. Men ein gong var utkome frå denne næringa levebrødet for mange, og i Sokndal lengst sør i Rogaland har gruveverksemda ved A/S Titania vore vital for kommunen sidan 1935. I 1946 heitte det frå dette kystsamfunnet at "Her avhjelpes den største nød, her laves stener om til brød". Rundt århundreskiftet vart slagordet "Norges fjell skal betale Norges gjeld" lansert med stort hell. Optimismen var den gongen stor. For fleire lokalsamfunn har bergverksnæringa vore sjølve fundamentet i den historiske utviklinga, og på denne lista vil me finna langt fleire namn enn Røros og Kongsberg.

I 1812 vart det norske bergvesenet etter kongeleg resolusjon delt inn i tre regionale embete, kor embetsmannen fekk tittelen "Bergmeister". Det vart oppretta eit embete for "Nordenfjeldske" og to for det "Søndenfjeldske", "Vestre Søndenfjeldske" og "Østre Søndenfjeldske" bergdistrikt. I tida frå 1812 til nedlegginga av dei regionale bergmeisterdistrikta vart det gjennomført mange endringar, ikkje minst på det jurisdiksjonelle planet. I 1908 endra dei to sørnorske embeta namn til "Østlandske" og "Vestlandske" bergdistrikt. I 1885 vart det "Nordenfjeldske" embete gjenstand for fragmentering og namneskifte.

Arkivet

I 1990 slo Riksarkivaren fast at arkiva etter dei regionale bergmeisterembeta skulle avleverast til dei statsarkiva embeta hadde sokna til. Det innebar såleis at arkivet etter Bergmeisteren i Vestlandske distrikt skulle samlast og avleverast til Statsarkivet i Bergen. Dei første avleveringane frå Vestlandske bergmeister-embete til Statsarkivet i Bergen kom i gang tidleg på 20-talet, då denne institusjonen bar det klingande namnet "Stiftsarkiv". På denne tida hadde Bergmeisteren kontoradresse i Kristiansand og vart først mot slutten av 20-talet flytta til Bergen.

Arkivet etter Bergmeisteren i Vestlandske distrikt ved Statsarkivet i Bergen rommar tida frå starten i 1813 og fram til 1935/36, med små avstikkarar fram til krigen. I denne perioden var embetet gjenstand for fleire jurisdiksjonsendringar. Frå 1812 og fram til 1908 romma "Vestre sønnafjeldske distrikt" fem fylke; Vestfold, Telemark, dei to agderfylka og Rogaland. Innslaget av det "tradisjonelle" Vestlandet var den første tida med andre ord imponerande lite. Først i 1908 vart Hordaland innlemma i embetet, samstundes med namneendring til "Vestlandske bergdistrikt". Frå 1908 til 1922 utgjorde altså Vestlandske bergmeisterdistrikt Telemark, begge agderfylka, Rogaland, Hordaland og Bergen. "Dette er 2,5 embede", sa bergmeister Godtfred Puntervold i eit intervju med Fædrelandsvenden i februar 1921. Puntervold vart kvitt den største børa allereie året etter då Telemark vart overført til Østlandske bergdistrikt. Telemark var totalt sett det mest "næringsrike" fylket i Vestlandske bergdistrikt.

Kva kan ein så rekna med å finna i bergmeisterarkiva?

Det åttande kapittelet "Om Grubedrift og Opsynet dermed" i "Lov angående Bergverskdriften" av 14. juli 1842 trakk opp grensene for Bergmeisteren sitt ansvarsområde. I §42 heitte det til dømes at" Det paaligger de ved Bergvæsenet ansatte Embedsmænd i deres Districter at have Tilsyn med, at Gruberne drives bergmæssigen". Dette innebar at Bergmeisteren måtte dra på regelmessige inspeksjonar ved alle gruver og verk som sorterte under sitt bergdistrikt. Inntrykka frå desse inspeksjonane noterte så Bergmeisteren ned i sine såkalla "Befaringsprotokoller". For historisk interesserte kan desse protokollane vera eit særs verdfullt materiale, særskild når det gjeld gruveverksemda på 1800-talet kor det som oftast kun finst moderate mengder kjeldemateriale elles. Ein må difor i det minste nytta det som er.

For nokre år tilbake vart det levert ei magisteravhandling i etnologi kor verksemda ved Vigsnæs Kobberværk i Avaldsnes på Karmøy frå 1865 og fram til ca.1940 var tema. Forfattaren konsentrerte likevel det meste av oppgåva om forholda på slutten av 1800-talet. I perioden frå 1875 til 1885 var dette bergverket i særklasse det største i landet. På 1880-talet arbeidde rett i underkant av 700 arbeidarar ved gruvene på Karmøy. Dette var til samanlikning om lag det dobbelte av det Kongsberg Sølvverk, som var det nest største, hadde i det same tidsrommet. Forfattaren til avhandlinga om Vigsnes Koparverk skreiv i innleiinga at ein først frå midten av 1880-åra kunne finna "detaljerte oppgåver over produksjonen, fordelinga av arbeidsstokken på dei enkelte greinene av produksjonen og lønstilhøva for dei ulike gruppene av arbeidarar." Om forfattaren hadde retta blikket mot Bergmeisterarkivet ville han funne detaljerte skildringar og oversikter over gruveverksemda ved Vigsnes attende til 1860-talet. Sidan verksemda ved dette gruveselskapet var dominerande på denne tida var bergmeisteren på hyppige visittar på Karmøy. Ved fleire høve skreiv bergmeisteren særs detaljerte skildringar frå embetsturane sine, og då var det slett ikkje mye som gjekk han forbi. For å illustrera dette kan eg framheva ein del utdrag av det bergmeisteren noterte etter si vitjing ved Vigsnes i 1870.

Av "Bekvemmeligheder for Arbeiderne" kunne bergmeisteren fortelja oss at "Ved Vigsnes er for Compagniets Regning opført 46 Bygninger (deri Beboelsesleiligheder med Udhuse og Bygninger over Maskiner og Værksteder) tilsammen assurerede for 40 000 Spd". Det var med andre ord romslege dimensjonar over gruveverksemda ved Vigsnes på denne tida. Når det gjaldt lønsforholda kunne bergmeisteren mellom anna fortelja at "En Borheiers [minerar] Nettofortjeneste var 96,6 Skilling pr. Dag." Ein kan ikkje forlanga meir spesifisert informasjon. Bergmeisteren kommenterte også den manglande effektiviteten ved sjølve gruvedrifta. "Hvor storartet og fortrivlig dette Bergværksanleg maa ansees at være, forekommer det mig dog, at Grubedriften lider af en ikke uvæsentlig Mangel. Denne bestaar fornemmelig deraf at Fordringen af Malmen i Gruben er i Forhold til Udmineringen overordentlig dyr. Der anvendes nemlig lige mange Mænd til Fordring som til Udminering".

Rekefjordtunellen under bygging. Foto fra 1869

Rekefjordtunellen under bygging. Foto fra 1869

For underteikna som har undersøkt dette arkivet meir inngåande verkar det difor meiningslaust at forskarar på høgare nivå fullstendig overser dette materialet.

Eit anna bergverk i Vestlandske distrikt som på 1800-talet var relativt stort var "The Norwegian Titanic Iron Ore Company Limited", eller kort og godt "Soggendal Titanjernfelter"som det populært vart kalla på norsk. Dette føretaket dreiv malmbryting på dei same førekomstane som Titania driv på i Sokndal i dag. Eit engelsk selskap sette i november 1863 i gang drift av nokre gruver ei snau mil inn i landet frå kaia i Rekefjord i Sogndal ladestad. Verksemda vart lagd ned etter kun drøye 13 år då den engelske direktøren døydde. Drifta hadde då i tillegg vist underskot eit par år.

Som jernmalm var malmen i Sokndal tung å smelta på grunn av det høge innhaldet av titan. I åra rundt 1870 arbeidde likevel rundt 150 arbeidarar i gruvegangane i Blåfjell som det heitte der kor gruvene låg. "Adgangen til Grubeaabningerne er meget besværlig, ja nesten farlig, da en trang Sti slynger sig opad den steile Fjeldvæg", skreiv bergmeisteren då han var på inspeksjon i Sokndal i august 1870. I 1869-70 la selskapet ei jernbanelinje frå gruvene i Blåfjell til hamna i Rekefjord. "Omkostningerne med denne omtrent 7/8 Mil lange Jernbane maa have været meget betydelige", skreiv bergmeisteren vidare i si skildring. Biletet på neste side er av ei handfull arbeidarar ved inngangen til ein av gruvegangane i Blåfjell rundt 1870.

Arbeidere ved inngangen til gruven i Blåfjell. 1870

Arbeidere ved inngangen til gruven i Blåfjell. Foto fra ca. 1870

Dei tre distriktsvise bergmeisterane fekk frå starten i 1812 kvar sin assistent, ein såkalla geschworner. I §47 i bergverkslova heitte det at "Ingen Bergmester eller Geschworner maa, uden Kongens Tilladelse være Eier eller Deeltager i nogen Grube". Geschworner, seinare Bergmeister i Vestlandske bergdistrikt, Tollef Dahl fekk slik sett etter "naadigste Resolution av 26 de April 1862 givne

Tilladelse at eie Gruber i Sogndal Præstegjeld". Geschworner Tollef Dahl var medeigar i Soggendal Titanjerngruber frå starten i 1863.

Soggendal Titanjernfelter la ned drifta i 1876 og Vigsnes Kobberverk gjorde det same i 1894. Det vart eigentleg ikkje skikkeleg fart i bergverksnæringa i Vestlandske distrikt att før den første verdskrigen. Det var særskild molybden-gruvene på Sørvestlandet som då for alvor skaut fart. I 1920 derimot møtte bergverksnæringa fullstendig veggen, på lik linje med mange andre "hjul" i det norske næringslivet. Dei gode krigskonjunkturane hadde gjeve bergverks-næringa "liv og rørelse", men datt fullstendeg saman då etterkrigskrisa melde seg. I 1918 sysselsette bergverksnæringa 8424 arbeidarar, i 1921 hadde talet sunke til 2602. I 1919 hadde bergmeister Puntervold 120 gruver og verk i full drift i sitt distrikt, to år seinare var talet redusert til 10. Likevel hevda Puntervold at det var "mer voldgiftsdommen som ødela bedrifterne" enn "tidernes pinagtighed". Det var sjølsagt "de thinnske voldgiftsdommer", som imøtekom arbeidarane på fleire punkt, bergmeister Puntevold sikta til.

Kring århundreskiftet endra arbeidsforholda mange stader fullstendeg karakter. Arbeidarar og arbeidsgjevarar inntok ved fleire bedrifter ei fundamental kampstilling som i fleire tilfelle toppa seg i harde konfrontasjonar på arbeidsplassane. Dette har frå historikarhald vore forklart som ein overgang frå paternalisme til liberalisme eller marknadsorientert tilsetjingsstrategi. Mange har hevda at arbeidsgjevarane ikkje lenger såg på arbeidarane som "sine menn", dei viste ikkje lenger ansvar for arbeidarane. Arbeidskrafta vart meir ei vare kor det var overlagt til dei skiftande tidene å fastsetja prisen.

Rundt om i landet fekk mange bergverk føla "den nye arbeidsdagen" med tøffe tarifforhandlingar, streikar og lockoutar. I Vestlandske bergdistrikt var det først og framst forholda ved Stordø kisgruver på Stord som fekk merka det nye "profesjonelle" samfunnet. Under den første verdskrigen grodde det fram eit markert gruvesamfunn rundt svovelkisgruvene på Litlabø på Stord. Fram til 1935 var denne bedrifta den største i Vestlandske bergdistrikt og sysselsette i mellomkrigstida to-tre hundre arbeidarar.

Bergmeisteren hadde i utgangspunktet ingenting med lønsforhold å gjera, det var hovudsakleg overlete til forhandlingar mellom partane i arbeidslivet å bli samde eller usamde om dette. Det var derimot bergmeisteren sitt ansvar å føra tilsyn med at "Gruberne drives bergmæssigen". I 1929 krangla arbeidarane og leiinga ved Stordø kisgruver om arbeidarane sin tilgang til å "benytte Badet som vaske og tørkerum". Bedriftsleiinga hadde nekta arbeidarane slik tilgang "da pladsen i badet er forliten" og av økonomiske grunnar kunne ikkje bedrifta byggja eit nytt og større bad. Nokre gruvearbeidarar ved Stordø skreiv då til bergmeisteren og bad "Bergmesteren godhetsful å gjøre alt hvad De kan, så at saken kan realiseres i den nærmeste framtid".

I eit skriv til Stordø kisgruver kort tid etter skreiv bergmeisteren at "ønskeligheten av et vaske og tørrerum for arbeiderne er jo innlysende, men stiller de økonomiske forhold sig iveien derfor, vil jeg nødig søke et slikt pålegg herom". Bergmeisteren gjorde berre nokre få dagar etter heilomvending i saka og gav Stordø kisgruver melding om at han etter "de skjerpende bestemmelser for arbeidere under dagen...vilde pålegge bedriften å opføre sådant lokale". Det var i slike tilfelle arbeidarane kunne rekna med støtte frå bergmeisteren, bergverksnæringa var underlagt reglar som dei ulike selskapa måtte ta omsyn til. Men bergmeisteren gjorde i dette tilfelle lite før Fabrikktilsynet hadde lagt fram den konkrete saka for bergmeister Borchgrevink.

Ei anna spesiell sak dukka opp ved Titania i Sokndal seinhaustes i 1935. Alle arbeidarane i gruva la då ned arbeidet dersom ikkje selskapet gjekk med på "2-manns belegg i stigorter". Gruvearbeidarforeininga ved Titania gjekk til det skrittet å spørja Rikstrygdeverket om det var lovleg å driva stigortar med berre ein mann. I slutten av oktober 1935 kunne Rikstrygdeverket gje gruvearbeidarane ved Titania klart svar at "R.T.V. ikke har noget med spørsmålet om lovligheten av å bruke bare en mann under drift i stollen, stigorter m.v. Bergmesteren er rette vedkommende hvad dette angår". Så feil kan ein ta.

Driftsleiar Johan Lenschow skreiv etter kvart sjøl til bergmeisteren og spurte om bergmeisteren hadde pålagt to-manns belegg i stigortar, slik gruvearbeidarane ved Titania påstod. Bergmeister Andreas Holmsen telegraferte då tilbake at "Generelt gjeldende påbud angående drift av stigorter eller tomands belegg i samme kjenner jeg ikke til". Sjølve bakgrunnen for denne saka var derimot heilt spesiell. Titania hadde i løpet av året 1935 rekruttert ein god del vante minerarar frå Bjørkåsen gruver i Ballangen i Nordland og dei som kom derifrå var vant med at to mann dreiv i stigortar som var over ei viss lengde. Titania arbeidde i åra 1935 og 1936 med eit enormt produksjonspress, noko arbeidarane var fullstendeg klare over.

Titania skreiv så til Bergmeisteren i Nordland og spurte om det der oppe i det kalde nord var pålagt med to mann i lange ortar, men heller ikkje i det distriktet hadde bergmeisteren gjeve særskilde påbod om det. Leiinga ved Bjørkåsen derimot, hadde sett det mest forsvarleg å nytta to mann i lange stigortar, det vil seia gruvegangar som i dette tilfellet var over 40 meter lange. Så desse "Bjørkåskarene", som leiinga ved Titania omtala dei nordlandske kverulantane som, hadde eit poeng. Dei trudde at Bergmeisteren hadde pålagt to - manns belegg i gruvegangane, men i dette tilfelle var det leiinga ved ei bestemt gruve som hadde innført auka bemanning av di drifta då vart sikrare.

Frå 1866 gjorde Statistisk Sentralbyrå "Beretning om Bergværksdriften" til ein del av Norges Offisielle Statistikk. Fram til 1915 bygde desse statistikkane i all hovudsak på oppgåver dei distriktsvise bergmeisterane sende til byrået. Frå og med 1916 utarbeidde SSB særskilde skjema som kvart einskild bergverk var pliktig å levera til det bergmeisterembetet selskapet sorterte under. Kvart bergverk måtte levera to eksemplar av denne bergverksstatistikken. Bergmeisteren sende det eine vidare til Statistisk Sentralbyrå medan han sjøl tok vare på det andre. SSB utarbeidde så igjen årlege oversikter over Norges Bergverksdrift basert på desse statistikkane. Primærmaterialet som ligg i Bergmeisterarkivet er meir detaljert enn det som vart offisielt publisert, sjøl om grunnlagsmaterialet altså var det same. I primærmaterialet får ein oversikter over drifta ved kvart einskild bergverk frå månad til månad gjennom kvart kalenderår. Slike informasjonar er interessante av di svingningane kunne vera relativt store og gjennomsnittet var slett ikkje alltid eit gunstig grunnlag. Om det til dømes var produksjonsstans ville dette sjølsagt ha ein negattiv innverknad på den generelle oversikten.

Generelt vil eg likevel påstå at om ein er interessert i å sjå nærare på einskilde bergverk kor drifta er konsentrert i dette århundret vil eg først venda blikket mot eventuelle bedriftsarkiv. Bedriftsarkiva vil jo innehalda ein god del informasjon om arbeidarane og funksjonærarane, informasjonar som ein ikkje vil finna i bergmeisterarkivet. Bedriftsarkiv er derimot ikkje alltid så lett tilgjengeleg for tidlegare tider. Ein god del har nok gått tapt eller forsvunne til utlandet, naturleg nok ettersom det hovudsakleg var utanlandsk kapital som stod bak den norske bergverksnæringa i det førre århundret. For tida før 1900 vil eg difor på det beste tilrå å ta bergmeisterarkiva "under lupa". Her kan vera mye spennande, og som me har sett detaljert stoff, som ein nok ikkje vil finna andre stader.

Eg vil til slutt takka Sven Jonsson og Sokndal Bygdetun for tilgang til eit unikt fotomateriale.

Av Ståle Handeland ved Statsarkivet i Bergen