I Riksarkivet ligg det ei omfattande samling av kart og teikningar som kan kasta lys over norsk bergverkshistoria. Bare for Kongsberg Sølvverk aleine er det bevart eit kartmateriale som tel om lag 2 500 kart, dei eldste tilbake til 1600-talet. Denne kartsamlinga må reknast som ein kulturhistorisk skatt, og er av den grunn kjend. I denne artikkelen skal me sjå på delar av kartsamlinga i eit regionalt bergmeisterarkiv, "det søndre vestenfjeldske bergmesterembede", der kart og teikningar er langt mindre kjend.

I samband med avlevering av størsteparten av det resterande materialet frå Bergmeisteren i Vestlandske distrikt til Statsarkivet i Bergen ytra dåverande bergmeister for det landsdekkande Bergvesenet, Per Zakken Brekke, eit ønske om å halda tilbake størsteparten av kartsamlinga. Her fekk Statsarkivet melding om at alderen på karta ikkje hadde noko å seia, dei var stadig i forvaltningsmessig bruk og hadde derfor lenge igjen før dei "gjekk ut på dato". Likevel har Statsarkivet i løpet av åra fått avlevert ein heil del kart som høyrer til bergmeisterarkivet og denne samlinga utgjer nå i alt kring 400 kart. I denne artikkelen skal me ta enkelte kart fram i lyset for å vurdera kva strategisk rolle kart og teikningar har spelt for den norske bergverksnæringa, i hovudsak sett frå Bergvesenet si side. La oss sjå på bakgrunnen for utarbeiding av kart i tilknyting til bergverksdrift. På kva måte kan ein dra nytte av kart og teikningar på dette feltet?

Spekulering, aksjeteikning og opningsarbeid

Før ein kan gå i gang med regulær malmbryting, er det heilt avgjerande at berggrunnen har blitt inngåande og detaljert undersøkt. Om førekomsten er drivverdig eller ikkje er eit fundamentalt spørsmål som må avklarast. Å undersøkja berggrunnen kan gjerast på fleire og til dels ulike måtar, men i vår samanheng er akkurat denne prosessen eit underordna aspekt. Resultatet av undersøkingane er då langt meir interessante, og det er på dette feltet visuelle hjelpemiddel i første omgang spelar ei sentral rolle. Om gruvespekulantar skal skaffa til vegs risikovillig kapital, er det viktig at eventuelle interessentar får eit visuelt inntrykk av "Grubens Mægtighed". Kor omfattande og "reine" er dei malmførande gangane? Andre faktorar har også avgjerande innverknad på førebuingsstadiet. Koss bryt fjellet? Er førekomsten eigna for dagbrotsdrift eller må ein driva i djupet? Underjordsdrift er sjølvsagt langt dyrare. Kor langt er det til ei eventuell utskipingshamn? Koss er topografien generelt i området? Dette er heilt sentrale spørsmål som må avklarast før ein kan gå i gang med regulær bergverksdrift, og på dette feltet er kart og teikningar utvilsamt eit viktig og høgst veleigna medie.

Ulykker og tryggingstiltak

I 1842 vedtok Stortinget "Lov angaaende Bergverksdriften". Denne lova var omfattande, og detaljregulerte bergverksnæringa på dei aller fleste områda. Eit av dei mest sentrale elementa var å gjera gruvedrifta så sikker og trygg som mogeleg. Gruvearbeid har alltid vore eit risikofylt arbeid, og mange har opp gjennom tidene kvesta seg stygt eller i verste fall mista livet inne i mørke og djupe gruvegangar. Me har eit par stygge gruveulykker i Barentsburg friskt in mente. Dei svenske "profesjonelle" gruvearbeidarane levde under mottoet "Man fryktar inte Døden", men dette var ei lite rasjonell haldning å dra med seg inn i gruva. Om det var denne haldninga som gjorde utslag ved dei mange dødsfalla ved Sulitjelma, "Lapplandets helvete", der det var mange svenskar, skal vera usagt, men omfattande tryggingstiltak var så avgjort påkravd i samband med gruvedrift. Det var Bergmeisteren si oppgåve å føra tilsyn med all gruvedrift i sitt område. Og også på dette feltet var utarbeiding av kart og skisser eit sentralt hjelpemiddel for Bergmeisteren. I § 46 i kapittelet "Om Grubedrift og Opsynet dermed" heitte det at "Over enhver Grube, der er dybere end fem Favne [om lag ti meter], skal Grubeeieren, for saavidt Bergmesteren finder det nødvendigt, lade optage et fuldstændigt Kort, som completteres efter som Driften skrider frem." I Bergmeisteren sine kopibøker kan ein sjå at denne paragrafen blei teken på alvor. Han forlangte ofte å få tilsendt gruvekart for å ha kontroll med drifta. I tillegg laga bergmeisteren ofte sine eigne kartskisser under sine årlege inspeksjonar ved dei ulike bergverka. Her utarbeidde han ei grov oversikt over heile malmleiet, kor langt dei var komne og i kva retning det skulle drivast frametter. Desse skissene brukte han aktivt og drog stor nytte av når han skulle vurdera den vidare drifta. Basert på denne informasjonen kunne han pålegga eventuelle tryggingstiltak, eller i verste fall stengje heile gruva om han syntest drifta verka usikker.

Desse skissene teikna bergmeister Lammers i samband med ein inspeksjon ved Bøe gruve i Setesdalen i juli 1855. "Følgende Skizzer ville tydeliggjøre Driften", skreiv han. Vidare noterte han at "Gruben er med Hensyn til Sikkerhed meget veldreven". Inspeksjonsprotokoll nr.1 1853-1868, bergmeisteren i Vestlandske distrikt.

Den 17. juli 1909 døydde 19 år gamle Torkel Olsen Hovland ved ei ulykke i Fraastad gruve i Kvam i Hordaland. Han "...faldt udfor og ned i en dyb synk til en underliggende fordringsstol. Ingen saa hvorledes egentlig ulykken foregik, da hans kammerat stod igjen langt inde paa skinnegangen forfjamset over afdødes adferd", heitte det i forklaringa som blei send til fabrikkinspektøren og bergmeisteren. I samband med denne ulykka blei det utarbeidd ei profilskisse for å illustrera koss Torkel Olsen Hovland fall ned i synken. Av skissa går det fram at han må ha falle godt over 40 meter loddrett ned i ein synk. "Tror ikke ulykken kan lægges nogen til last", noterte bergmeister Per Mortensen i samband med denne dødsulykka. Gruveulykker kunne i prinsippet få rettslege etterspel, men eg har ikkje kome over hendingar der saker har vore ført for rettsapparatet.

"Eit hol i jorda" - gruvekart som reiskap i kulturminneforskinga

I bergmeisterarkivet kan ein finna oppgåver og driftsberetningar over gruvedrift ved ulike bergverk tilbake til midten av det førre hundreåret. Frå 1866 gav Statistisk Sentralbyrå ut årlege oversikter over, i prinsippet, all bergverksdrift i landet. Ved å ta i bruk kartmateriale kan ein få eit inntrykk av gruvedrift vesentleg lengre tilbake enn det førre hundreåret. I åra like etter unionsoppløysinga i 1905 skylla ei nasjonalistisk bølgje over landet. Norsk Bergindustriforening heiv seg på denne bølgja ved å forlangte at alle "...mulig bevarede berg- og grubekarter reddes fra undergang og indsendes til rigsarkivet for der at gjennemgaaes, ordnes og katalogiseres for at kunne blive tilgjængelige for det almindelige publikum". Norsk Bergindustriforeining hevda vidare at "... vort naboland Sverige forlengst har indseet den uvurderlige nytte, som baade det offentlige og det private har af et ordentlig grubearkiv". Ein god del gamle norske gruvekart hadde teke vegen til København, og i den samanheng krevde Norsk Bergindustriforening "...at der sker en henvendelse til de danske statsmagter om at erholde samtlige i det danske rigsarkiv beroende grubekarter m.v. overført til det norske rigsarkiv". Dette blei ikkje gjort før på slutten av 30-talet. Me skal sjå kva "uvurderlige nytte" ein i dag kan ha av gamle gruvekart, sjøl om det følgjande eksempelet på langt nær er det beste.

Dei eldste karta i bergmeisterarkivet går tilbake til midten av 1700-talet. Desse karta kan ein mellom anna bruka for å vurdera kor gamle "hola i jorda" er når anna kjeldemateriale må melda pass. La oss bruka Fensgruvene ved Ulefos i Telemark som eit eksempel. Her går rett nok ikkje kartmaterialet i bergmeisterarkivet lenger tilbake enn til midten av førre hundreåret, men eg trur likevel det vil tena til å kasta lys over essensen i dette avsnittet. På midten av 1600-talet la jernmalmførekomstane på Fen grunnlaget for opprettinga av Ulefos Jernverk. Som ved andre gruver og smelteverk herska det vekslande tider. I 1872 såg det ut til at gruvedrifta skulle innstillast for godt. Men når ein mot slutten av 1890-talet oppdaga at malmen kunne nyttiggjerast til andre produkt enn stangjern, blei drifta teken opp igjen på haustkanten i 1900. I dei påfølgjande to tiåra var gruvedrifta ved Fensgruvene stor sett etter norske forhold, og kring 1910 blei det drive malmbryting i 13 ulike gruvegangar. I samband med at drifta blei teken opp igjen i 1900 utarbeidde bergmeister Per Mortensen eit grundig kart over heile malmfeltet. På dette kartet kan ein mellom anna finna ut kor langt inn stollane var drivne før dei la ned drifta i 1872. Då veit ein samstundes at om lengda på stollane har auka sidan kartet blei utarbeidd, er dette gjort etter hundreårsskiftet. Spora etter gruvedrifta ved Fensgruvene kan ein finna over store delar av Fen. Heile landskapet der gruvene låg er i dag mest som ein ost; små hol i jorda, "lufterom", med 30-40 meters avstand. Dei djupaste gangane går fleire hundre meter under dagen. Om det var tilgjengeleg eldre kart over Fensgruvene, kunne ein kanskje få vita kor dei første innslaga på malmleiet blei slegne inn på 1600-talet. I ettertid kan ein så avgjera om dei starta på dei rikaste førekomstane.

"Hol i jorda" kan ein finna mange stader rundt om i landet. Gamle gruvekart kan eventuelt vise oss at mange av desse hola faktisk er menneskeskapt. Det går ikkje mange år etter at ei gruve er nedlagd før naturen gjer sitt yttarste for å dekka over spora. Ved Sandbekk i Sokndal i Rogaland la dei ned ei stor gruve i 1965. I dag bare vel 30 år etterpå er transportårene gjengrodde, heile åsryggen er dekka av tre, buskar og kratt. Dersom me snakkar om gruver som blei nedlagde for eit par hundreår sidan, skjønar me raskt kva verdi eldre gruvekart kan ha for å identifisera funnstader i kulturminneforskinga.

Gruvekart på andre område

Gruvekart spelar sjølvsagt ei vesentleg rolle på andre område enn dei som er omtala her. Det kanskje viktigaste området gruvekart blir brukt på, er i den daglege drifta ved dei ulike bergverksbedriftene. Dei fleste større bergverka i landet har si eiga oppmålingsavdeling. Her blir karta stadig revidert og oppdatert etter som malmfelta blir avbygd.

Andre som hadde stor nytte av gruvekart var engelske krigsflygarar og kommandosoldatar under krigen. Fleire norske bergverk blei bomba under krigen. Mest omfattande var aksjonane mot Knaben molybdengruver like nordaust for Kvinesdal. "Det som ble levert derfra, var praktisk talt uerstattelig som legeringsstoff til bestemte typer stål", skreiv historikaren Edvard Bull. Dette fortel kor viktig det var for engelskmennene å få sabotert anlegga der. To store flyraid i 1943 øydelagde vitale maskindelar, og resulterte i at tyskarane la mest mogeleg av oppredningsprosessen under dagen. Truleg er det bare Kongsberg Sølvverk som det finst meir kartmateriale frå enn Knaben molybdengruver.

Gamle gruvekart kan også brukast til forsking innanfor gruveteknikk. Ved å analysera gamle kart kan ein skaffa seg kunnskap om malmgeologi, transport, avbygningsmetodar og andre gruvetekniske forhold. Ved å samanlikna med evnetuelle kart og anna materiale frå andre land, kan ein finna ut om norsk bergverksdrift reint teknologisk låg tilbake i den bergverkshistoriske utviklinga.

********************

Av Ståle Handeland, Statsarkivet i Bergen