Lesesalen
Lesesalen er flytta attende til gamlebygninga. Alle som skal på lesesalen må då gå inn ny hovudinngang frå sørsida av huset (Stemmevegen). Gå opp trappa til rampa kor du finn ny hovudinngang.
Lesesalsgjestene må ved første gongs besøk fylla ut eit registreringssjema. Her skriv ein under på at ein kjenner til og vil rette seg etter lesesalsreglementet. Ved seinare besøk på lesesalen må ein skrive seg i gjesteboka.
Sjå i kjeldene
For å sjå i arkivsakar på lesesalen, må ein fylle ut ein rekvisisjonsblankett og levere han til lesesalsvakten. Arkivsakane vert henta med ein gong, eller så snart vakten har tid.
Dei som vil sjå i kjelder etter kl 15 på den langopne tirsdagen, må gje melding om dette før kl 1430 same dag. Arkivsakar ein vil sjå i på laurdagar, må tingast innan fredag kl 1430. Arkivsakar tinger ein til lesesalen ved å sende e-post eller ringe til Statsarkivet om ein ikkje har råd å kome innom på førehand.
Støttelitteratur og hjelpemidlar
Bøker, register og mikrokort står til disposisjon på lesesalen. Bøker som ikkje står på lesesalen, vert tinga på same vis som arkivsaker.
Ein datamaskin er tilgjengeleg i sofakroken ved lesesalen for dei som vil sjå i kjelder lagt ut på nettstaden til Digitalarkivet. Og ein kan sjølvsagt ta i bruk eigen bærbar datamaskin om han ikkje er støyande.
Kjelder sperra for innsyn - klausulert materiale
På Statsarkivet finst ei rekkje arkivseriar som heilt eller delvis er sperra for allment innsyn (klausulerte). Reglane finst i forvaltingslova med føreskrifter, og i heftet "Taushetsbelagt arkivmateriale i Statsarkivene", fastsette av Riksarkivaren 6. desember 1988.
Hovudregelen er:
- alt personømfintleg materiale er sperra i 60 år
- barneverns- og straffesaker er sperra i 80 år
- adopsjonssaker er sperra i 100 år
Søknader om dispensasjon etter forvaltningslova vert avgjort av Riksarkivaren etter innstilling frå statsarkivaren. Spørsmål om partsinnsyn vert avgjort av Statsarkivaren.
Kopiar og avskrifter av kjeldene
Det er fritt å tinge kopiar av kjelder/dokument frå Statsarkivet i Bergen. Du bestem sjølve om kopien skal vere på papir eller digital.
Statsarkivet har eiga avskriftssamling der ein finn kopiar av alle dei avskriftene som er laga ved institusjonen dei siste 50 åra. Avskriftene er laga for juridiske føremål, og gjeld i første rekke utskiftingar og skylddelingar.
Det kan leverast avskrifter av dokument med vanskeleg handskrift om det er naudsynt for å kunne dokumentere rettar til eigedom o.l.
