I arkivet til Bergens generalkommando finst det eit register over båtar og farty på Vestlandet i 1806. Registeret gjeld for Bergen tolldistrikt og er utarbeidd med bakgrunn i forordning av 31. august 1804. Bergen tolldistrikt strekte seg frå Stangeland prestegjeld i Rogaland til Selje prestegjeld i Nordfjord. Registeret omfattar både små båtar og store skip.

Forordninga av 1804 regulerar den militære skyssplikta. Det vil seie at alle båteigarar vart pålagte å skyssa militært utstyr og mannskap når militæret hadde behov for det. Under punkt 8 i forordninga heiter det: "Saa det at der med Vandskydsen kan holdes den fornødne Orden, bør Indrullerings-Cheferne strax ved Told-betienterne lade forfatte nøiagtige Fortegnelser eller Lister over alle de i Districtet forefindende Baade og Fartøier, som kan ansees tienlige for Transport-Væsenet...". Ein ønska med dette registeret å få oversikt over det materiellet som ein kunne gjere seg nytte av. Skyssplikta skulle gjelde i krigstid og ved "overordentlige militære foranstaltninger". 

Det politiske klimaet

Bakgrunnen for at ordninga med plikt til å yte militær vannskyss vart lagt på båteigarane på dette tidspunket, kan truleg søkast i dei storpolitiske hendingane. Danmark-Norge var ved dette århundreskiftet ein brikke i eit storpolitisk spel. Hovudaktørane var Frankrike og Storbritannia, men fleire og fleire land vart dregne inn i striden. Dei europeiske krigane frå utbrotet i 1792 og fram til 1814 fekk i Danmark-Norge konsekvensar for handel og sjøfart. Både Frankrike og Storbritannia ville kontrollere den nøytrale skipsfarta. Handelsfartya prøvde å verne seg på forskjellige måtar, bl.a. ved konvoiering. I desember 1800 hadde Danmark-Norge, Sverige, Preussen og Russland slutta seg saman i eit forbund (Nøytralitetsforbundet) for å tvinge dei krigførande partane til å opptre meir hensynsfullt overfor nøytrale skip. I 1801 gjekk britane til det steg å legge beslag på 149 danske og norske farty i Storbritannia. Den engelske flåta gjekk så til Danmark der det stod eit slag utanfor København. Etter dette måtte Danmark-Norge gå ut av nøytralitetsforbundet.

I 1802 vart det sett ned ein kommisjon som skulle greie ut om det forsvarsmateriellet ein hadde var tenleg, og eventuelt finne måtar å forsterke sjøforsvaret på. Kommisjonen hadde m.a. til oppgåve å fordele byrda når det galdt skyss og innkvartering av tropper i krigstid(1). Innføringa av vannskyssen kan sjåast på som eit ledd i å styrke det dansk-norske forsvaret i den spente politiske situasjonen. 

Skyssvesenet

På 1600- og 1700 talet var det fleire typar friskyss som var lagt på bøndene. Dette vart rekna som ein del av skattebyrda. I forordning av 20. august 1784 vart friskyssen regulert. Det fanst fleire typar friskyss bl.a. tingskyssen, den militære transportskyssen og presteskyssen.

Forordninga av 31. august 1804 inneheld ein del nye påbod: Båtane som vart pålagt militær skyssplikt, skulle 1ønnast etter faste takstar. Tidlegare hadde skyssplikta vore rekna som skatt(2) . Båtane fekk betaling etter lasteevne. Det vart utarbeidd trinnvise takstar for båtar heilt ned til lasteevne på 1 1/2 lester (1 lest=12 tønner). Alle dei mindre båtane skulle betalast med 12 skilling for kvar mann og 12 skilling for båten, for kvar norske mil.

Samtidig som båtane vart registrert, fekk dei eit nummer og ein bokstav måla med svart skrift på forstamnen og på overkanten av storseglet. 

Registeret

Registeret frå 1806, gjev oss opplysningar om kvar båtane høyrde heime, kven som åtte dei, kva dei vart brukt til og kor mange personar båten "beqvemmelig" kunne frakte. I enkelte høve får ein opplysningar om kvar båten skal møte for å utføre eventuelle oppdrag. Det omfattar både små båtar og større skip og jekter, og er dermed ein god kjelde til å få meir kunnskap om kva type båtar ein hadde på Vestlandet tidleg på 1800-talet.

For å illustrere kva opplysningar registeret kan gje, har vi vald å studere tre distrikt; Bergen, Manger (Radøy) og Evanger (Vatsvern) . Denne utvelginga er gjort med tanke på at det er tre distrikt med ulikt næringsgrunnlag. Bergen representerar byen med handel, sjøfart og mange ulike yrkesgrupper. Manger er eit øysamfunn der fiskeriet er den viktigaste levevegen, medan Evanger representerar innlandet der ein lever av jordbruk. I Bergen, Manger og Evanger fanst det totalt 879 farty i 1806. I Bergen var det 587, 40 i Evanger og 252 i Manger.

Når ein går nærmare inn i dette materialet, ser ein at mange av båtane var forholdsvis små. I 44% (384) av båtane var det berre plass til 2-4 personar. Båtar som kunne ta mellom 10 og 30 personar utgjer ca 19% ( 167), medan båtar som kan ta mellom 40-60 personar utgjer ca 22% ( 197).

Når ein så ser på dei tre ulike distrikta, fordeler storleiken på båtane og båttypane seg ujamt. I Bergensbåtane er det gjennomsnittleg plass til 21 personar, i Evanger er dette talet 18 medan det i Manger er plass til 4 personar i båtane i gjennomsnitt.

Manger

I Manger, der det var forholdvis mange små båtar, var fiskeriet den viktigaste næringsvegen. 82% (207) av båtane vart brukt til fiskeri. 20 av båtane var notbåtar (ca 8%), 18 av båtane var brukt til frakt av husdyr. Det fanst to jekter og ein kyrkjebåt.

Grunnen til at fiskebåtane var små, kan vere at det var dyrt å skaffe seg båt. Men båten måtte heller ikkje vere for stor, slik at den vart for tung å ro eller segla til og frå fiskeplassane. Fiskarane dreiv med enkle reiskapar som juksa, garn og line og båten trong dermed ikkje vere stor.

Registereret viser også litt om eigedomsforhold. For fiskebåtane er det oppført ein person som eigar, medan notbåtane ofte var sameige. Det kan ha samanheng med at ein trong eit heilt notlag for å drive notfiskeri, og at båtane dermed måtte vere større og sameige var naturleg. Not var eit stort reiskap som var kostbar i innkjøp. Ved å organisere partseige kunne dei vanlege fiskarane skaffe seg not. På denne tida var det såkalla landnøter som var i bruk. Denne nota stenger inne fiskestimar ved at den vart sett i ein boge rundt stimen og dregen i land i begge endar. Fordi landnota var eit stort reiskap hadde ein behov for ein forholdsvis stor båt til å frakte den på. Spesielt for Manger var også at ein hadde forholdvis mange båtar til å frakte husdyr med. Dersom ein tenkjer seg at ein gard kunne ha beite til dyra på fleire øyer, eller til dømes hadde beiterett inne i fjordane, var det sjølvsagt stort behov for slike båtar. Det var få store fraktefarty i Manger. Det skulle tyde på at fiskarane sjølve rodde inn til byen for å selge fisken sin. 

Evanger

Dei gardane som er registrert med båt i Evanger, ligg ved Bolstadfjorden (Vatsvern tinglag). Her var det ikkje registrert båtar som vart brukt til fiskeri.(Det er muleg at båtane likevel i enkelte høve vart brukt til fiske til husbruk. Laksefiske i elvene var også ein rett som låg til nokre av desse gardane). Det fanst til saman 40 farty, 25 av desse var færingar som kunne romme 6-8 personar. Resten var vengebåtar med plass til mellom 20 og 40 personar. Færingane vart brukt til gardsbruk og vengebåtane til å frakte varer til og frå Bergen, da trong ein forholdsvis store båtar. 

Bergen

I Bergen fanst det 587 ulike båtar i 1806. Her fann ein klart dei største fartya. I Bergen der det var utstrakt handel, fanst det 333 skuter som gjekk i forskjellig fraktfart. 303 (52%) av dei registrerte fartya var skuter som var brukt til å frakte kornvarer. Dette må klart ha samanheng med den vanskelege matvaresituasjonen på grunn av krigen i Europa.

Kun 8% (46) av båtane i Bergen var registrert som fiskebåtar. Ein finn i Bergen i 1806 123 båtar (21 %) som vart brukt i ulike yrke; bakarbåtar, flyttebåtar, losbåtar, møllebåtar, slaktarbåtar og arbeidsbåtar. Det fanst 22 lystbåtar, 3 skyssbåtar og resten var båtar til "adskillig". 

Oppsummering

Vi ser at det er stor variasjon mellom type båt og storleiken på båtane i Bergen, Manger og Evanger. I Bergen finn ein jamt over store båtar i handelsfart og mindre båtar brukt av ulike yrkesgrupper og til varierande oppgåver. I Manger finst det mange små båtar brukt til fiskeri og i Evanger blir forholdsvis mange større båtar brukt til frakt av varer og dei mindre til gardsbruk. Vi ser klart at næringsgrunnlaget er avgjerande for kva type båt ein har behov for. Dersom vi går til andre distrikt, vil ein truleg finne andre forhold. Vi skal nøye oss med desse tre distrikta i denne artikkelen, da dette var meint som ein illustrasjon på kva opplysningar denne kjelda kan gje.
 
 

NOTAR

1. F. Beullich: Norges sjøvæbning 1750-1809.

2. B. Rogan: Skyssvesenet. Arkivmagasinet 3/1994 s 8.

Av Synøve Bringslid, arkivar ved Statsarkivet i Bergen