Dei eldste norske pengesetlane vart trykte og signerte sommaren 1695, etter kongeleg løyve datert 22. juni same året, og dei vart tekne i bruk i september. I alt vart pengar til ein verdi av 100 000 riksdalar sette i omløp. Setlane skulle gjelda norda- og vestafjells i Noreg og skulle kunne løysast inn etter gjeldande vekselkurs. Papirsetlane skulle gjere det lettare for dei som ville drive handel i stort, og det var Jørgen Thor Møhlen i Bergen som stod bak initiativet, og det var han som stod som garantist. Han ville bruke setlane til innkjøp i det nordafjellske Noreg.

Jørgen Thor Møhlen

Jørgen Thor Møhlen var fødd rundt 1640, truleg i Hamburg, men kom som ung til Noreg og tok borgarskap i Bergen i 1664. Han var ein mann med stor tiltakslyst og forretningstalent langt over det vanlege, og han skapte seg raskt ein stor formue gjennom handel og skipsfart, men han er mest kjend som industriskapar i Bergen. Like utanfor bygrensa, på det som han ved kongeleg privilegium i 1689 fekk kalle Møhlen-Priis, oppretta han mellom anna trankokeri, ullveveri, reperbane, saltbrenneri og såpekokeri, og verksemda hans kan på det meste ha sysselsett fleire hundre menneske. 

Pengesetlar med tap

På 1690-talet kom det lågkonjunktur, og Thor Møhlen tapte mykje pengar. Og pengesetlane, som skulle gjere det enklare å handle utan kontantutlegg, vart Thor Møhlen si ulykke då det viste seg at han ikkje klarte pågangen frå folk som ville løysa inn setlane. Det kom stadig fleire klagar og pålegg om at pengane snarast måtte kunna løysast inn. Men Thor Møhlen klarte ikkje å følgja opp pålegga, og pengane vart avskaffa ved kongeleg ordre alt  9. juni 1696. I åra etter fekk Thor Møhlen stadig pålegg om å gjere opp for pengesetlane, men det stod framleis store udekka krav då Thor Møhlen døydde i 1708. Det er rekna med at Staten på desse pengesetlane tapte mellom 21 og 22 000 riksdalar, og private tapte om lag 20 000.

Seinare vart det utstedt pengesetlar i København 1713, men desse vart inndregne og brende i perioden 1719-30. Først ved opprettinga av Kurantbaken i 1736 vart pengesetlar eit betalingsmiddel i varig bruk.

********************

Av Bente Kopperdal Hervik, førstekonsulent, Statsarkivet i Bergen

bilete av ein norsk pengesetel frå 1695

Ei pengesetel frå 1695. Utstedt av Jørgen Thor Møhlen. Henta frå dokumentsamlinga ved Statsarkivet i Bergen, ref. A 56

bilete av ein norsk pengesetel frå 1695

Ei pengesetel frå 1695. Utstedt av Jørgen Thor Møhlen. Henta frå dokumentsamlinga ved Statsarkivet i Bergen, ref. A 56

Kjelder:

Fossen, Anders Bjarne: Jørgen Thormøhlen. Forretingsmann, storreder, finansgeni.  Bergen 1978
Hartvedt, Gunnar Hagen: Bergen Byleksikon , 2. opplag, Oslo 1994
Fladby, Rolf, Imsen Steinar og Harald Winge: Norsk historisk leksikon , Oslo 1974
Norsk Biografisk Leksikon  bd. XVI (1969)