I England var stemmerettsforkjemparane militante. Dei gjennomførte aksjonar som knusing av ruter og eldspåsetting og vart stadig arresterte for å forstyrre ro og orden. Suffragettane, som dei vart kalla, gjekk til svoltestreik i fengselet og vart brutalt tvangsfora. Dette førte til internasjonal merksemd og protestar.[1]

I Noreg var det motstand mot kvinnestemmeretten, men frontane var ikkje så harde som i England. Noko av grunnen til dette, kan vere at mange av dei leiande kvinnene i den borgarlege stemmmerettskampen hadde nære band til politiske leiarar.

Kvinnestemmeretten og unionspolitikken

I 2005 feira vi 100-års jubileum for unionsoppløysinga og eit overveldande klart ja ved avrøystinga 13. august 1905, men er vi medvitne om at ingen kvinner deltok i dette valet? Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg stemmerett på dette tidspunktet. Men sjølv om dei var stemmerettslause var dei ikkje passive.

På slutten av 1800-talet hadde kvinnene fått ei sterkare stilling i samfunnet ved at dei hadde fått tilgang til å ta artium, studere ved universitetet, fått lik arverett med menn og vorte myndige, men statsborgarleg stemmerett hadde dei ikkje fått. Dette vart ei kampsak ved århundreskiftet. Stemmerettsforkjemparane oppretta fleire organisasjonar. Norsk Kvinnesaksforening vart stifta i 1884 og fekk aktiv stønad frå det radikale venstremiljøet i Kristiania. Første leiaren i foreininga var venstrepolitikaren Hagbard Berner. Han såg på kvinnefrigjeringa først og framst som eit økonomisk spørsmål og la vekt på reformer som kunne gje kvinnene høve til å få utdanning og arbeid. Men ein del av kvinnene var ikkje nøgde med dette, dei ville arbeide for at kvinnene skulle få stemmerett på lik linje med menn. Desse stifta Kvinnestemmerettsforeininga året etter. Dei la vekt på at kvinner ikkje kunne frigjerast verken økonomisk eller intellektuelt før dei fekk politiske rettar. På slutten av 1890-talet vart ein i Kvinnestemmerettforeininga usamde om ein skulle krevje stemmerett for kvinner gradvis, på same vilkår som menn, eller om ein skulle nøye seg med å krevje kommunal stemmerett?

Kvinnene hadde ved fleire høve retta førespurnad til Stortinget om ein ville innfri stemmerettskravet, men vart alltid avvist. Dette førte til usemje og ny splitting blant kvinnene. Landskvinnestemmerettsforeininga vart stifta 12. februar 1898. Som føremål hadde denne foreininga stemmerett for kvinner på same vilkår som for menn.[2] 1901 fekk ein del kvinner kommunal stemmerett, men målet var ikkje nådd med dette.

På det politiske planet stod det på 1890-talet og fram mot 1905 sterk strid om den norsk-svenske unionen. Høgre og Venstre hadde ulikt syn med tanke på kva stilling Noreg skulle ha i unionen. Venstre stod på eit nasjonalt standpunkt medan Høgre solidariserte seg meir med unionen. Venstre hadde tatt opp ei rekkje sosiale reformsaker og det var ein viss stønad i partiet for kravet om stemmerett for kvinner, men ein ville ikkje sette kravet inn i parti-programmet.

Sentrale kvinner

Ein viktig person i den borgarlege stemmerettskampen var Fredrikke Marie Qvam. Ho arbeidde gjennom ulike organisasjonar for at kvinner skulle få stemmerett på lik linje med menn. Fredrikke Marie var ein av stiftarane til Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og aktiv i Kvinnestemmerettsforeininga, Landskvinnestemmerettsforeininga og Norske kvinner sanitetsforening. Ho var gift med Ole Anton Qvam som var ein av leiarane på ytterste venstre fløy i politikken. Han var stortingsrepresentant og sat ei tid som norsk statsminister i Stockholm. Fredrikke Marie levde med i den politiske utviklinga gjennom at mannen hadde viktige politiske posisjonar og ved at sentrale politikarar stadig gjesta familien.[3]

Saman med henne i styret for Kvinnesaksforeninga og seinare Norske Kvinners Sanitetsforening sat også andre framtredande kvinner: Randi Blehr, Margrethe Vullum, Pylle Horst og Cecilie Thoresen Krog. Felles for desse kvinnene var at dei kjempa for å betre kvinnene si stilling i samfunnet. Alle hadde god utdanning og var gift med høgt utdanna menn i viktige politiske posisjonar. Politisk tilhøyrde dei Venstre og Randi Blehr og Fredrikke Marie Qvam var gifte med statsministrar. Dei fem kvinnene tilhøyrde ei privilegert gruppe i det øvre sjiktet av samfunnet, men politisk var dei radikale. Dei arbeidde for endringar i det norske samfunnet, då først og framst gjennom å betre kvinnene si stilling.[4]

Stridsspørsmål i politikken

I unionspolitikken var det fleire stridsspørsmål. Tidleg på 1890-talet gjekk Venstre inn for kravet om eigen utanriksminister for Noreg. Ole Anton Qvam var justisminister og Otto Blehr var norsk Statsminister i Stockholm. Usemja mellom Noreg og Sverige hardna til, og svenske aviser skreiv ope om krig. Stortinget løyvde midlar til forsvaret. Raudekrossen skulle utføre sanitetsarbeid ved krig, men general Thaulow som var leiar og personleg venn av kongen, uttalte ved eit høve til Fredrikke Marie Qvam at han hadde lova kongen truskap. På bakgrunn av dette vaks ideen om Norske Kvinners Sanitetsforening fram.[5]

Ny strategi

Kvinnene var skuffa over at dei ikkje hadde fått full stønad frå Venstre i kampen for kvinnestemmeretten. Ein såg at ein trong større styrke bak kravet. Då Norske Kvinners Sanitetsforening vart stifta i Kristiania 26. februar 1896, var det med bakgrunn i den vanskelege politiske situasjonen. Initiativet til stiftinga kom frå Norsk Kvinnesaksforening.

I føremålsparagrafen heitte det: ”Foreningens formaal er at skaffe sanitetsmateriel til brug saa vel i krig som i ulykkestilfælde i fred og at arbeide for at kvinder omkring i landet gjøres fortrolig med den første hjælp i ulykkestilfælde”[6]

Gjennom NKS ville ein no arbeide med humanitære oppgåver, men også indirekte for kvinnestemmeretten. Fredrikke Marie Qvam vart leiar og den første arbeidsoppgåva NKS tok fatt på, var opparbeiding av sanitetsmateriell til hæren. Gjennom dette ville foreininga vere med på å styrke det norske forsvaret. Dette arbeidet kan sjåast på som reint humanitært, men også som stønad til Venstre sin politikk i ein vanskeleg periode for partiet. Til gjengjeld håpa dei at partiet ville sette kravet om stemmerett for kvinner på programmet. Å stifte ein velgjerdorganisasjon for å gje stønad til Venstre sin politikk fall truleg naturleg for kvinnerørsla på 1890-talet. Hovudargumentet for at kvinnene burde få stemmerett var på dette tidspunktet ikkje lenger at menn og kvinner var like, men at dei var komplementære. Menn og kvinner hadde kvar sine felt. Ein kunne til dømes argumentere med at kvinnene trong stemmerett for å kunne fullføre ”pliktene” sine på det sosiale området. NKS skulle dyktiggjere kvinnene på dei tradisjonelle kvinnearbeidsfelta, samtidig som dei vart førebudd på ein meir omfattande samfunnsmessig innsats. Det var lettare å få vanlege kvinner til å melde seg inn som medlemmar og å få mennene til å akseptere ein slik type organisasjon, enn ein rein kvinnesaksorganisasjon. Ved fleire høve vart medlemsskap i NKS omtala som ”kvinneleg verneplikt.”

Det var ”husmødrene” i kvinnerørsla som stifta NKS, og samtidig var dei dei mest radikale i stemmerettsspørsmålet. Svært mange kvinner slutta opp om NKS, og det vart lettare å vinne mennene sin stønad for at kvinnene hadde eit viktig sosialt arbeid å utføre, enn at dei skulle delta i politikken. Strategien viste seg å bli vellukka. I staden for å krevje politiske rettar direkte, forsøkte ein no ein omveg gjennom humanitært arbeid. Eit slikt arbeid var det isolert sett ikkje noko usemje om. Føremålet fenga kvinnene fordi det innebar omsorgsfunksjon som dei kjende godt til frå arbeidet som mødre og husmødre. Organisasjonen ville også drive helseopplysning og dette var nyttig kunnskap for kvinnene. Foreiningsleiinga la opp arbeidet til det tidsaktuelle. Eit døme på dette, er at foreininga tok opp kampen mot tuberkulose samtidig med at ”tuberkuloselova” vart vedteken i Stortinget. Denne sjukdommen utgjorde eit stort helseproblem og folk hadde lite greie på korleis ein kunne verne seg mot den. Statistikken viste ein bølgjedal når det gjaldt talet på døde av tuberkulose, men landet sett under eitt, var det stiging i talet på tuberkuloseoffer fram mot slutten av 1800-talet og ved overgangen til 1900-talet var tuberkulose årsak til kvart femte dødsfall.[7]

NKS fekk straks stor oppslutning og vart landsomfattande på kort tid. I 1905 fanst det 50 lokalforeiningar med til saman 4500 medlemmar. Ingen av kvinnesaksforeiningane hadde eit slikt medlemstal. Det er nærliggande å tru at den politiske profilen som NKS fekk, heldt nokre kvinner borte frå foreininga, men det ser likevel ikkje ut til å ha hindra stor framgang for foreininga. Det humanitære arbeidet drog truleg mange kvinner med. I 1905, då det var fare for krig mellom Noreg og Sverige, fekk NKS større auke i medlemstalet og i talet på nye lokalforeiningar enn den hadde fått på noko tidspunkt tidlegare. Dette tyder på at foreininga sitt føremål om å gje stønad til Venstre i Unionspolitikken også førte mange medlemmar til foreininga.

1905

Straks Stortinget hadde vedtatt at det skulle haldast folkeavrøysting 13. august 1905, sendte Fredrikke Marie Qvam, som leiar av Landskvinnestemmerettsforeininga og Norske Kvinners Sanitetsforening, telegram til stortingspresident Carl Berner om at kvinnene måtte få delta, men fekk til svar at det ville seinke avrøystinga å ta med dei som var utan stemmerett. Kvinnene fekk ikkje delta i avrøystinga om oppløysing av unionen mellom Noreg og Sverige. Kvinnestemmerettsforkjemparane bestemte seg då for at kvinnene skulle sette namna sine på lister for å vise kva standpunkt dei hadde i unionsspørmålet.[8]

Den 22. august overleverte dei listene til stortingspresidenten. Han takka for underskriftene og for ”fedrelandskjærligheten.” Ved folkeavrøystinga om oppløysing av unionen svara 368 208 av mennene ja, og 184 nei. Og på 4275 lister vart det samla inn 244 765 underskrifter frå kvinnene (og nokre stemmerettslause menn) til stønad for oppløysing av unionen.[9]

Den store oppslutninga om underskriftslistene viste eit stort engasjement frå kvinnene si side. Det var dei ulike kvinneorganisasjonane som vart nytta til å spreie listene og administrere kampanjen då dei ikkje hadde tilgang på noko statleg administrasjonsapparat. Sett i lys av dette, var resultatet og oppslutninga imponerande. Tidspunktet var heller ikkje det beste, midt i ferietida, i august.

Kvinnene fekk heller ikkje delta i folkeavrøystinga 12. og 13. november. 1905 var eit ”sorgens år i den norske kvindebevægelses historie” skreiv ein i Nylænde.[10] Ein var skuffa, men i røynda vart året eit vendepunkt og eit merkjeår i kvinnesakshistoria. Ein hadde ikkje fått stemmeretten, men vist tydeleg at kvinnene var interessert i politikk og i lagnaden til landet. Mobiliseringa fram mot 1905 gav stemmerettsaka eit løft som skulle føre til at kravet vart innfridd nokre år seinare.

Kvinnestemmeretten

Det vart lagt ned ein stor innsats for å oppnå stemmerett for kvinner både gjennom dei reine interesseorganisasjonane og gjennom organisasjonar som NKS. Arbeidet ga resultat og ein oppnådde stemmerett først ved at ca 200 000 kvinner fekk kommunal stemmerett i 1901. I 1907 fekk ”sjølvstendige” kvinner som betalte skatt eller var gift med skattebetalande menn statsborgarleg stemmerett, og i 1913 vart kravet om allmen stemmerett for menn og kvinner innfridd.[11] Ingen politiske parti hadde hatt kvinnestemmeretten i partiprogrammet før Venstre tok det inn i 1906.[12]

Kvinnestemmeretten vart ikkje innført i Noreg så raskt som kvinnesakskvinnene ønska, men kvinnene i Noreg fekk stemmerett på lik linje med menn som ein av dei første statane i Europa. Berre i Finland hadde kvinnene fått stemmerett tidlegare enn i Noreg.

Både i Noreg og Finland greidde ein å få kravet om kvinnestemmeretten inn som ein del av kampen for nasjonalt sjølvstende. Dette var medverkande årsak til at begge landa fekk innført statsborgarleg stemmerett for kvinner på same vilkår som menn som dei første statane i Europa.[13]

I New Zealand, Australia og Finland vart stemmeretten innført tidlegare, men dette var ikkje sjølvstendige statar, men delar av det britiske imperiet og russiske tsarveldet. I statar med kraftig og nokonlunde samla nasjonal opposisjon mot andre statar, som Finland i forhold til Russland frå 1890-åra og Noreg i forhold til Sverige fram til 1905 kunne kvinnestemmeretten brukast som eit element i å samle alle nasjonale krefter mot ein ytre fiende. [14] Ein stor del av æra for innføring av statsborgarleg stemmerett for kvinner i Noreg må tildelast dei aktive kvinnesaksorganisasjonane, men også organisasjonar som NKS som var svært slagkraftig med den store medlemsmassen og den gode leiarskapen. Sjølv om ein ikkje fekk innfridd stemmerettskravet før i 1913, var mobiliseringa og aktiviteten rundt unionspørsmålet med på å legge grunnlaget for at Noreg vart den første sjølvstendige staten som ga alle kvinner statsborgarleg stemmerett på lik linje med menn.

Av Synøve Bringslid, arkivar ved Statsarkivet i Bergen

*****************

Litteratur:

Agerholt, Anna Caspari: Den norske kvinnebevegelses historie, Oslo 1937
Mjeldheim. Leiv: Folkerørsla som vart parti. Universitetforlaget 1984
Cappelens Kvinnehistorie b. II . Red. Ida Blom utg. 1992
Bringslid, Synøve: Norske Kvinners Sanitetsforening. Stifting og aktivitet 1896-1905. Hovudoppgåve i historie, Bergen 1985
Norske Kvinners Sanitetsforening 50 år. 1896-1946. Oslo 1946.
Aasen, Elisabeth: Driftige damer. Pax Oslo 1993

Fotnoter

[1]Aasen s. 260
[2]Agerholt 1937 s. 210
[3]Bringslid. 1985 s. 10
[4]Bringslid 1985 s.9-11
[5]Norske Kvinners Sanitetsforening 1946 s.32
[6]Ibid. S. 37
[7]NKS. 1946. s. 61
[8]Agerholt 1937 s. 244
[9]NKS 1946 s. 55
[10]Agerholt 1937 s.246
[11]Mjeldheim 1984 s. 335
[12]Ibid s. 334
[13]Bringslid 1985 s. 131
[14]Cappelens Kvinnehistorie 1992 b, II s. 530