Framsida til novembergrunnlova 1814

Framsida til grunnlova av 4. november 1814. Kjelde Grunnlovsgivende forsamling [Public domain], via Wikimedia Commons.

Kieltraktaten som vart underskriven 14. januar 1814 hadde sytt for at Noreg skulle dele konge med Sverige. Kort fortalt avstod Frederik VI kongeriket Noreg med unntak av Island, Færøyene og Grønland. Dermed vart det gamle Noregsveldet oppløyst. Men sjølv om danskekongen gav frå seg Noreg sat han ikkje heilt ribba tilbake. Kong Frederik fekk til gjengjeld svenske Pommern og Rügen og dessutan 1 million riksdalar.

Då meldinga om Kieltraktaten kom til Noreg i slutten av januar gav det støtet til den norske sjølvstenderørsla. Resultatet av dette blei at Noreg aldri godkjende Kieltraktaten. Men medan svenskekongen såg fram til å innlemma Noreg i Sverige, svara Noreg med å lage seg si eiga grunnlov 17. mai 1814 og tok ein sjølvvald konge Christian Frederik. Dette gjekk heller ikkje upåakta hen frå svensk og britisk side. Den nyvalde norske kongen Christian Frederik mobiliserte til kamp mot svenskane. Sommaren 1814 gjorde Noreg seg klar til kamp for å forsvare sjølvstendet. Les oppropet frå Christian Frederik til dei norske soldatane

Krig mellom Noreg og Sverige

Krigen starta 26. juli 1814 med ein rask marineaksjon mot dei norske kanonbåtane ved Hvaler. Men den store offensiven frå svensk side skjedde ved Halden med det resultat at Fredriksten festning vart omringa. Vidare blei 6000 soldatar sett i land på Kråkerøy 3. august 1814. Dagen etterpå overgav Fredrikstad seg. Dei svenske styrkane gjekk nordover. På Kongsvinger var partane meir jambyrdige og sigeren ved Matrand 5. august blei såleis det einaste lyspunktet for nordmennene.

Frå Noreg vart det sendt soldatar frå heile Sør-Noreg. Ein av dei me møter i kjeldene er soldaten og skarpskyttaren Ole Olsen Yttrebøl frå det Tjugumske kompani. Han var 26 år gamal og opphavleg frå Aurland i Sogn og Fjordane. Ole døydde ved feltsjukehuset på Rakkestad prestegard den 7. august 1814 og blei gravlagd på kyrkjegarden 16. august. Men kyrkjeboka gjev oss også ein opplysning om dei svenske som fall: ”Flere, især Svenske siges begravede paa Marken her i Nærheden”. 

Krigen mellom Noreg og Sverige blei kortvarig (kring 14 dagar), og Sverige tok fort leiinga. Årsaka til at krigen vart kortvarig var at dei svenske styrkane var overlegne og betre rusta enn nordmennene. Ein tok i staden fatt på forhandlingar om våpenkvile i Moss 10. august 1814. Mossekonvensjonen vart underteikna 14. august. Sjå rundskrivet til prestane om avtalen og vilkåra for våpenstillstanden:

Sirkulære om Mossekonvensjonen

I avtalen frå Moss, la ein opp til at grunnlova måtte endrast slik at ein union med Sverige var mogeleg og samstundes at Christian Frederik måtte seie frå seg krona. Inntil svenskekongen Carl XIII vart vald som konge i Noreg, skulle regjeringa leia landet. Men ein var ikkje ferdige med forhandlingane. Det vart kalla inn til eit ekstraordinært storting 8. oktober 1814. Christian Frederik var så nedbroten at han sjølv ikkje klarte å opna Stortinget. Den 11. oktober godtok Stortinget kongen sin abdikasjon og overgav den utøvande makta til statsrådet.

Forhandlingar mellom Stortinget og Karl Johan

Novembergrunnlova signert av Christie, president

Siste side i grunnlova av 4. november 1814. Her har Wilhelm Frimann Koren Christie signert dokumentet.

Svenskekongen sende eigne forhandlingsmenn for å forhandla med Stortinget om kva for ein union Noreg-Sverige skulle bli og ikkje minst korleis den reviderte grunnlova skulle bli. Sorenskrivar Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) frå Bergen vart vald som Stortingspresident og leia forhandlingane. Dette vart ikkje ei enkel oppgåve for Christie. Han hadde også i bakhovudet at det stod 15 000 angrepsklare svenske soldatar i Østfold. Svenskane ville ha ein union fortast mogeleg som gagna Sverige mest mogeleg. Følgjene av dette kunne bli ei alvorleg svekking av grunnlova frå 17. mai.

Stortingspresident Christie ønska ikkje ei svekka norsk grunnlov, og på møtet 20. oktober 1814 let han ordskiftet og voteringa knyte seg til tre hovudspørsmål:

  1. Om Stortinget hadde makt til å gjennomføre Kongevalet straks?
  2. Om Noreg på visse vilkår skulle gå i union med Sverige?
  3. Om konge skulle veljast straks?

På det første spørsmålet svarte Stortinget ja mot ei røyst. Også på det andre vart det ja mot fem røyster. På det tredje spørsmålet røysta 30 for og 47 imot. Dette sterkt betinga ja-svaret måtte ein misfornøgd Karl Johan inntil vidare ta til takke med.

I  månadsskiftet oktober/november fortsette dei viktige forhandlingane. Stortinget klarte å få til fleire avgrensingar på kongen si handlefrihet. Eit døme på dette var at den norske og svenske hæren blei heilt fråskilt i fredstid.

Den reviderte grunnlova sikra at Noreg fekk stort sjølvstende i unionen med Sverige. Grunnlova vart godkjend og underteikna 4. november 1814. Samstundes stod også kongevalet. Den 10. november kunne Noreg ta i mot den svenske tronfølgjaren Karl Johan. Allereie 11. november gjekk eit rundskriv ut til prestane med kunngjering om unionen og den nye kongen:

Sirkulære om unionen med Sverige

Det skulle gå 91 år i union med Sverige før Noreg endeleg vart sitt eige rike 7. juni 1905

Av Kenneth Bratland, rådgjevar ved Statsarkivet i Bergen, 5. november 2014

Kjelder og litteratur: