2014 var det ikkje berre 200 år sidan Noreg fekk ei grunnlov, det var og 200 år sidan «det tumultuariske optrin» i Bergen. Dette var eit opprør der bøndene kring Bergen protesterte heftig mot dei høge kornprisane. Det kulminerte med at bøndene 25. og 26. juli 1814 troppa opp i byen og protesterte mot at kjøpmennene selde kornet for urimeleg høge prisar. 335 bønder blei dømde (sjå Bjørn Davidsen i Bergensposten 3/2014 og Emma Horneman i boka Bergen, bergenserne og 1814, Frode Ulvund (red.) Bodoni 2014).

Portrett av Christian Magnus Falsen

Utsnitt av maleri av C. F. Vogt, kopiert av C. Olsen. Gyldendal Norsk Forlag. Bildet er hentet fra snl.no

Heilt ukjent har det til no vore at eit liknande opprør var i kjømda også året etter. Dei som gjorde opprør i 1814 var bønder og leiglendingar. Sistnemnde var bønder som hadde «bygsel» på gardane sine. Det vil seia at dei leigde gardane, men dei hadde rett på garden på livstid og var på mange måtar likestilt med dei sjølveigande odels­bøndene. Leiglendingane sin posisjon i Noreg var så sterk at dei i 1814 fekk røysterett på lik linje med sjølveigarane. Eidsvollsmennene innsåg at det ville vore urimeleg å skilja mellom to grupper som sto så nær ein annan. Men det var mange som sto utanfor ikkje berre når det gjaldt røysterett. Ein har anslått at kun 40 % av dei fullvaksne mennene etter 1814 fekk røysterett. Fleirtalet var altså utelukka frå å røysta. Av dei mange som ikkje fekk denne grunnleggande borgarretten var arbeidsfolk i byane, innerstar, teneste­folk og husmenn. Heller ingen kvinner fekk røysterett.

Ei anna gruppe som og var utelukka var paktarane. Paktarane kan på mange måtar likna på husmennene: Dei eigde ikkje jord, dei leigde (forpakta). Dei hadde svært ofte kortvarige kontraktar med eigarane sine eller ikkje kontraktar i det heile. Sånn sett var dei heilt avhengig av kva eigaren måtte finna på å gjera. Ofte kunne eigarane vera lunefulle og ubereknelege. Dei kunne på kort varsel finna på å seia opp paktarane, eller flytta dei frå ein gard til ein annan. Det var særleg mange paktarar i området kring Bergen: I Fana, Årstad, Åsane, Arna, Osterøy, Meland og Laksevåg. Her eigde bergensborgarane mykje jord. Til dels var dette såkalla lystgardar der borgarane drog ut for å nyta landleg idyll. Våren 1815 var paktarane leie av kortvarige kontraktar og usikre livstilhøve. Dei protesterte.

Ein appell til Grunnlovens far


Malt portrett av Wilhelm Frimann Koren Christie

Wilhelm Frimann Koren Christie måla av Carl Peter Lehmann. Måleriet heng i dag i universitetsadministrasjonen sitt bygg på Muséplass 1 i Bergen.

Medan både strilekrigen (1765) og det tumultariske opptrinn har vore skildra grundig før, har paktarprotesten frå 1815 vore heilt ukjend. Korleis kan dette ha seg?

Under kjeldearbeidet med biografien om stortingspresident Wilhelm Fri­mann Koren Christie (1778-1849) gjekk Jordåen gjennom privatarkivet til Christie ved Riksarkivet. Arkivet har vore nytta av mange historikarar før, i og med at Christie var ein sentral politikar i 1814. Likevel ser det ut for at dei berre har sett overflatisk på det, og i alle fall ikkje bite seg merke i alle dokumenta som ligg der. Her ligg nemleg fleire dokument som visar at paktarane kring Bergen i 1815 pro­testerte mot tilhøva dei levde under. Eit av breva, datert 29. august, var stila til «Grunnlovens far» Christian Magnus Falsen (1782-1830), som på dette tidspunktet hadde busett seg i Bergen. Han hadde stillinga som amtmann i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane), men styrte embetet frå Bergen. Her hadde han budd sidan hausten 1814, då han var glad for å komma seg bort frå det svenskvenlege Austlandet til det patriotiske og antisvenske Vestlandet. Brevet til Falsen var underskrive av dei fire paktarane Ole Olsson Gyldenpris, Rognald Johannesson Isdalen, Arne Torgilsson Lægdene og Niels Mathias­son Ny-Krohnborg. Men korfor skreiv dei til Falsen? Burde dei ikkje heller ha skrive brev til stortingspresident Christie, som då var stiftamtmann i Bergen og amtmann over søndre Bergenhus amt? Området høyrde jo til dette amtet. Årsaka til at dei valde Falsen ligg i dei første orda i brevet, der dei kalla Falsen for «Odelsrettens varme uforfærdede Talsmand».

Bakgrunnen var at Falsen tidlegare på året hadde gitt ut ein slags kampskrift med tittelen Norges Odelsret. Han såg odelsretten som «den norske Friheds sande Palladium». Han ønskte tryggare kår for leiglendingane og hylla dei sjølvstendige småbøndene. Dette gjorde han umåteleg populær hos bøndene, og nokre dagar etter at han gav ut skriftet fekk han 54 av 57 røyster som stortingsmann for nordre Bergenhus. Han følgde opp med å foreslå ei styrking av odelsretten og han gjekk imot sal av kyrkjegodset då han trudde det ville føra til at jorda gjekk over til rike «Capitalister». Seinare skulle bøndene bli skuffa over at Falsen meir og meir gjekk bort frå si venlege haldning til bøndene (Knut Mykland i Norsk biografisk leksikon b. 2, 2001). Men i august 1815, då Falsen var på Stortinget, sette dei fire paktarane altså sin lit til han. Kva var det dei ville?

«Norges fribaarne men for­trængte Bønder»


Paktarane presenterte seg som nokon av «Norges fribaarne men fortrængte Bønder» som ville klaga over vilkåra dei levde under med «Godseiernes haarde Forpagtnings Fordringer». Dei bad Falsen levera inn klageskriftet «paa behørigt Sted».

Falsen har neppe blitt tent av paktarane si opprørske ånd. Han har i alle høve ikkje engasjert seg i saka. I staden sendte han saka over til Christie, sidan klagarane høyrte til sistemnde sitt embetsdistrikt, Søndre Bergenhus. Dette trass i at paktarane ikkje hadde skrive til Falsen fordi han var amt­mann, men fordi han hadde støtta bøndenes kamp.

Ei side av protestskrivet til paktarane frå 1815

Ein av sidene til protestskrivet frå 1815 der paktarane skriv direkte «Til Kongen!» Kjelde: Riksarkivet, privatarkiv: Christie, Wilhelm Frimann Koren, Korrespondanse m.m., stykke 5 (RA/PA- 0014/F/L0005), 1815- 1816.

Saka var at paktarane hadde levert ei klage til stiftamtmannen allereie 26. mai 1815. Då var Christie på Stor­tinget, og det var Jens Schydtz som fungerte som stiftamtmann. Den 8. august 1815 troppa to av paktarane, Ole Mathiasson og Nils Iverson, opp hos stiftamtmannen for å sjå om klaga var sendt vidare til kongen. Men dei fekk som svar frå stiftet at «at Indbemeldte Klage var enda ikke færdig, men som Han troer til saa skal den blive færdig til Løverdagen den 12te i s: m:». Den 17. august troppa  Ole og Nils igjen opp på stift­amtmannen sitt kontor. Dei ville då protestera på at klagen hadde fått påskrift frå godseigarane med deira innvendingar og stiftamtmannen sine kommentarar. Paktarane hadde ikkje godtatt at klaga skulle sendast inn med desse tilføyingane. Den 29. august møtte dei igjen opp på stiftskontoret og forlangte då at stiftamtmannen skulle senda klaga direkte til kongen utan gardeigarane si forklaring skrive på. Om gardeigarane ønskte å forklara seg burde dei senda eit eige skriv. Det er tydeleg at paktarane ikkje ønskte at eigarane sine forsvarsargument skulle stå på deira eige klagebrev. Når øvrigheita ikkje har gått med på dette, har paktarane heller skrive eit nytt brev til Falsen for å få han til å tala deira sak.

«Eiernes strænge Paabud»


«Pagterne fra forskjellige Sogner omkring ved Bergen ansøger Underdanig, at faae vore forpagtede Gaarde paa Bopel for Levetid og Børn Eftter Os!»

Dette var kort og greitt det paktarane kravde slik det var formulert i brevet av 29. august. Kravet hadde sin bakgrunn i dei uvisse kåra dei levde under. Dei ville med andre ord ha dei same rettane som leiglendingane hadde, med alt det innebar. Som tidlegare nemnd hadde leiglendingane i 1814 fått røysterett. Om paktarane fekk oppfylt sine krav og blei leiglendingar ville dei dermed også få røysterett. Men dette var neppe det viktigaste for dei. I alle høve står det ingenting om røysterett i brevet. Brevet var stila til «Det høye Stadsraads 4de Departe­ment!» og «Til Kongen!», og skrive under av 30 paktarar. Når det hadde vore umogleg å få det gjennom til regjeringa og kongen via stiftet prøvde dei no altså å la det gå gjennom Falsen. Skrivet byrja med ein appell til «vor aller naadigste Mayestæt, der saa veldelig freder om Norges Held og Hæder, og saa faderligen vil hielpe hver ham bekjendte lidende og fortrængte Norges Søn».

Paktarane beskreiv «Savnet af den fribaarne Bondes Lykke der nyder Frugten af den Jord han dyrker». Sjølv om dei var arbeidsomme og flittige kunne dei knapt brødfø sine veksande familiar. Problemet var at paktar­kontraktane endra seg frå år til år slik at vilkåra kunne forverrast. Dei kjende seg tvungne til å underskriva kon­traktane uansett kor harde vilkåra var.

Skrivet var altså ein skarp protest, ein protest mot byens elite. Falsen og Christie var ein del av denne eliten. Det kan sjå ut som misnøya aldri nådde fram til adressaten. At papira ligg i Christie sitt privatarkiv kan tyda på at det aldri har blitt levert vidare til kongen eller regjeringa. Paktar­protesten blei parkert i skrive­bords­skuffa til Christie. Me kan gå ut frå at verken Falsen eller Christie var villige til å føra det vidare. Dei ville neppe setja seg opp mot sine eigne vener, slektningar og standsfeller.

Christie var forresten sjølv gardeigar i «paktarbeltet» kring Bergen. Han eigde garden Straume (Strømme) i Fana, men paktarane hans var ikkje av under­skrivarane på klagebrevet. Christie kjende elles dei fleste eigarane som var råka av protesten. Både han og Falsen var vener med mange av eigarane, noko som sikkert har bidratt til at dei ikkje har forfølgd saka vidare. Ein av paktarane var Ola Olsson Gyldenpris. Han var bror av Rasmus Olsson Alver (f. 1788), som i følgje folketeljinga av 1815 for Bergen var Christie sin tenar.

Kven var paktarane?


Bilde av hop kirke frå 1827 eller eldre.

Dreierprospekt av "Hope kirke og Herregaard" - også kalla "papirkirken på Hop". Ho lå på Wernersholm. Der var fleire paktarar på Hop, deriblant Lars Mikkelson Hop og John Iverson Hop. Dei skreiv begge under protestskrivet. Prospektet er datert 1827, men er truleg eldre. Utlån: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen

I brevet sto det at paktarane kom frå følgjande sokn: Domkirken, Årstad, Strusshamn, Birkeland, Fana og Haus (i følgje våre undersøkingar var ingen av dei frå Haus, men to frå Meland sokn i Hamre prestegjeld). I bergens­området var det på byrjinga av 1800-talet kring 100 paktarar. Av desse var det 30 som skreiv under protestskrivet.

Kven var desse underskrivarane? Kor kom dei frå og kva bakgrunn hadde dei? Førebels har me identifisert 28 av dei 30 paktarane. Dei 28 paktarane var fødd følgjande stader: 1 i Hamre prestegjeld, 2 i Jølster prestegjeld, 1 i Kinsvarvik prestegjeld, 2 i Årstad, 4 i Voss prestegjeld, 3 i Askøy prestegjeld (inkl. Laksevåg), 1 i Førde prestegjeld, 1 i Lindås prestegjeld, 4 i Fana preste­gjeld, 2 i Hosanger prestegjeld, 5 i Haus prestegjeld og 2 i Os prestegjeld. Som oversikten under viser kom fleirtalet av paktarane utanfrå nær­området til lystgardane. Det var få bondesøner frå Fana, Årstad og Laksevåg som blei paktarar, men av dei som kom frå nærområda viser det seg at fleire av dei hadde foreldre som opphavleg kom frå Sunnfjord, til dømes Rasmus Knutson Bøgenfryd. Foreldra hans kom frå Jølster. Mange av paktarane kom altså frå område langt frå byen med lite tilgang på jord og arbeid. Strilar frå meir bynære strok valde ofte heller å flytta til Bergen for å arbeida som daglønarar eller bygningsarbeidarar fordi dei kjende til dei dårlege paktarvilkåra. Av dei 28 paktarane var 20 søner av gardbrukarar (odelsbønder eller leiglendingar), 5 var paktarsøner, 1 husmannsson og 1 kor me ikkje kjenner yrket til faren.

Det desse tala viser oss er at paktarane anten kom frå bygder langt unna der paktargardane låg, eller at dei hadde foreldre som var tilflyttarar. Nokon av dei som ikkje var tilflyttarar var søner av paktarfolk. Me ser også at mange av paktarane døydde andre stader enn der dei budde i 1815. Dette illustrerer nettopp poenget med at paktarane hadde korttidskontraktar og ofte flytta.

Paktarprotesten i 1815 kan analyserast grundigare enn det har vore rom for her. Det kunne til dømes vore interessant å undersøkt om det er noko særskild med dei paktarane som var med på protesten i høve til resten av paktarane kring Bergen.

Vårt bidrag er å presentera desse nye kjeldene, sjå avskrift. Me har dessutan identifisert dei fleste av paktarane som skreiv under, og her følgjer ei liste over dei.

Ola Olsson Gyldenpris er identisk med Ola Olsson Alver f. 1772 i Hamre prestegjeld og Alversund sokn. Foreldra var gardbrukar Ola Larsson og kona Anna Olsdtr. Ola var også bror til Rasmus Olsson Alver (f. 1788) som var Wilhelm F. K. Christie sin tenar.

Rognald Johannesson Isdalen er identisk med Rognald Johannesson Klakegg f. 1767 i Jølster d. 1831 på Hardbakke i Årstad. Foreldra var gardbrukar Johannes Rognaldsen og kona Gunnhild Klausdtr. Klakegg i Jølster

Arne Torgilson Lægdene er identisk med Arne Torgilson Jåstad f. 1772 i Kinsarvik d. 1847 på Jåstad i Kin­sarvik. Foreldra var gardbrukar Torgils Torgilson og kona Torbjørg Knutsdtr. Jåstad i Ullensvang. Arne var paktar på Lægdene under Landås frå 1801 til omkring 1830. På sine eldre dagar flytta han tilbake til Ullensvang.

Nils Mathiasson Ny-Krohnborg f. 1777 på Tarlebø i Årstad d. 1827 på Midtgård under Nygård i Bergen. Foreldra var gardbrukar Mathias Olsson og kona Malene Nilsdtr. Tarlebø i Årstad. Både Mathias og Malene var av jølsterslekt. Nils var bror til paktar Ola Mathiasson Tarlebø

Ola Mathiasson Tarlebø er identisk med Ola Nikolai Mathiassen Tarlebø f. 1771 på Tarlebø i Årstad d. 1837 på Tarlebø. Foreldra var gardbrukar Mathias Olsson og kona Malene Nilsdtr. Tarlebø i Årstad. Både Mathias og Malene var av jølsterslekt. Ola var bror til paktar Nils Mathiasson Ny-Krohnborg

Ola Jakobson Paradis f. 1746 på Voss d. 1823 på Paradis. Foreldra var gardbrukar Jakob Knutson og kona Ingeborg Olsdtr. Trefall på Voss. Ola var far til paktar Jakob Olsson Fantoft

Gjert Hansson Gamlehaugen er identisk med Gjert Hansson Neset eller Fimland f. ca. 1773 i Førde. Han vart konfirmert i Naustdal sokn i Førde i 1790 (dåpslister manglar)

Johannes Gjertson Stykket under Natland er identisk med Johannes Gjertson Hjellbrekke f. 1782 i Jølster d. 1850 på Kråkenes i Fana. Foreldra var paktar Gjert Johannessen og Kari Eliasdtr. Hjellbrekke i Jølster, seinare Hop i Fana og Unneland i Arna

Jakob Olsson Fantoft er identisk med Jakob Olsson Paradis f. 1770 på Voss d. 1819 på Fantoft. Foreldra var hus­mann og paktar Ola Jakobson og kona Anna Ingebrigtsdtr. Trefall på Voss, seinare Paradis under Storetveit i Fana. Jakob var sønn av paktar Ola Jakobson Paradis

Elling Hansson Fantoftmyren er identisk med Elling Hansson Sletten eller Mellingen f. 1779 i Lindås (Radøy) d. 1836 i Loddefjord. Foreldra var gardbrukar Hans Hansson og kona Borni Ellingsdtr. Mellingen på Radøy, seinare husmannsfolk under Sanden i Øygarden

Gitle Knutson Slettebakken er identisk med Gitle Knutson Store Grovu f. 1775 på Voss. Foreldra var gardbrukar Knut Knutson og kona Maria Gitlesdtr. Store Grovu på Voss

Jon Amundson Laksevåg er identisk med Jon Amundson Laksevåg f. 1770 på Nygård på Laksevåg d. 1824. Foreldra var paktar Amund Jonson og kona Malene Nilsdtr. Laksevåg

Rasmus Knutson Bøgenfryd er identisk med Rasmus Johannes Knutson Damsgård f. 1787 på Laksevåg. Foreldra var paktar Knut Johannesson og kona Berte Mathiasdtr. i Jølster, seinare Damsgård på Lakse­våg.

Lars Mikkelson Hop er identisk med Lars Mikkelson Bratland f. 1781 i Fana d. 1868 i Fana. Foreldra var gardbrukar Mikkel Arnesen og kona Anna Johannesdtr. Øvre Bratland

Johannes Hansson Natlandsmyr er identisk med Johannes Hansson Liland f. 1777 i Fana d. 1818 på Natlandsmyr i Fana. Foreldra var gardbrukar Hans Johannesson og kona Marta Nilsdtr. Liland i Fana. Både Hans og kona Marta var frå Fusa og kom flyttande til Fana i 1764.

Ola Henrikson Natland er identisk med Ola Henrikson Søvik f. 1788 i Fana. Foreldra var gardbrukar Henrik OIsson og kona Malena Rasmusdtr. Søvik i Fana.

Johannes Erikson Fantoft er identisk med Johannes Erikson Ulsmåg f. 1781 i Fana d. 1857 på Fantoftmyren. Foreldra var gardbrukar Erik Larsson og kona Anna Nilsdtr. Ulsmåg i Fana

David Johannesson Laksevåg er identisk med David Johannesson Herheim f. 1756 på Voss d. 1819 på Laksevåg. Foreldra var gardbrukar Johannes Kolbeinson og kona Marta Vikingsdtr. Herheim på Voss

Per Knutson Litlebergen er identisk med Per Knutson Mo f. 1786 i Hosanger (Modalen) d. 1874 i Eksingedalen. Foreldra var gardbrukar Knut Pederson og kona Brita Hansdtr. Mo i Modalen

Utsnitt av kyrkjebok for Hamre

Bondepaktaren Anders Andersson døydde på garden Litle Bergen i Meland 28. januar 1816, 34 år gamal. Kjelde: Statsarkivet i Bergen, kyrkjebok for Hamre (A10 1816-1826) fol. 94b.

Anders Andersson Litlebergen er identisk med Anders Andersson Grøsvik f. 1781 i Haus d. 1816 på Sundet (Litlebergen) i Meland. For­eldra var gardbrukar Anders Nilsson og kona Brita Nilsdtr. Grøsvik i Vaksdal.

Johannes Olsson Holen er identisk med Johannes Olsson Holen f. 1774 på Laksevåg d. 1844 på Oldernes. Foreldra var paktar Ola Olsson og kona Marta Sakariasdtr. Holen på Laksevåg. Begge foreldra var fødde i Jølster.

John Iverson Hop er identisk med John Iverson Eide f. 1777 i Haus d. 1857 på Indre Hope i Fana. Foreldra var gardbrukar Iver Larsson og kona Gunnhild Jakobsdtr. Eide i Vaksdal.

Johannes Helgeson Bakken er identisk med Johannes Helgeson Hekland f. 1777 i Haus d. 1832 på Storetveit i Fana. Foreldra var gardbrukar Helge Larsson og kona Inga Olsdtr. Hekland på Osterøy.

Jon Jonson Grønnestølen er identisk med Jon Jonson Koldal f. 1767 i Os (Fusa) d. 1823 på Grønnestølen i Fana. Foreldra var husmann Jon Vigleikson og kona Malene Larsdtr. Koldal i Fusa

Nils Iverson Lungegården er identisk med Nils Iverson Rødland f. 1768 i Haus (Arna) d. etter 1823. Foreldra var gardbrukar Iver Olsson og kona Marta Monsdtr. Rødland i Arna, seinare Fløen i Årstad. Nils var bror til paktar Mons Iverson Lindenberg 

Mons Iverson Lindenberg er identisk med Mons Iverson Rødland f. 1755 i Haus (Arna) d. 1836 i Bergen. Foreldra var gardbrukar Iver Olsson og kona Marta Monsdtr. Rødland i Arna, seinare Fløen i Årstad. Mons var bror til paktar Nils Iverson Lungegården

Lars Knutson Solheimslien er identisk med Lars Knutson Langedal f. 1775 i Hosanger (Modalen) d. etter 1822. Foreldra var gardbrukar Knut Olsson og kona Marta Olsdtr. Langedal i Modalen

Sjur Sjurson Tonningneset under Kronstad er identisk med Sjur Sjurson Trengereid f. 1762 i Os d. 1835 på Kjøkkelvik på Laksevåg. Foreldra var gardbrukar Sjur Andersson og kona Anna Knutsdtr. Trengereid i Samnanger, seinare Koldal i Fusa 

Hans Andreasson Solheim

Anders Larsson Slettebakken

Gamalt foto av garden Litlebergen (Sundet) i Meland.

Litlebergen (Sundet) i Meland ca. 1914. Hundre år tidlegare budde to av paktarene som er nemnd i protestskrivet her. Frå 1789 til 1821 var det proprietær Henrich Henrichson Formann på Lysekloster som eigde garden. Midt på bildet er det gamle hovudhuset på Litlebergen. Utlån: Meland Sogelag

------------------------------------------

Av Runar Jordåen (historikar og forfattar av boka Wilhelm F.K. Christie) og Kenneth Bratland (rådgiver ved Statsarkivet i Bergen)