Været har nok menneska vore opptekne av til alle tider. Ikkje rart, sidan veret har vore avgjerande både for avling og anna som har vore viktig for folk. I 1866 vart Meteorologisk institutt oppretta.[1] Frå 1867 finst det difor meteorologiske verkart og anna kjeldemateriale som fortel om veret. Om tida før meteorologisk institutt vart skipa er det få kjelder som gir opplysningar om veret, sjølv om det heldigvis finst unntak. Nokre av unntaka finst i prestearkiva.

Utsnitt av kirkebok A1 1691-1712 for Haus prestegjeld, Hordaland. Her ser vi prestens værnotater.

Klipp frå kyrkjeboka for Haus 1691-1712. Her ser me tydeleg korleis presten har merka seg veret.

Alle som har nytta kyrkjebøker veit at det somme tider er ført inn opplysningar om været. Vanlegvis gjeld dette om været var så ille at det vart messefall. Været kan og vera nemnd i kyrkjebøker i dei tilfella det gjorde skade t.d. på kyrkja. Eit døme på dette finst i ei av kyrkjebøkene for Manger prestegjeld, der presten Johan Henrik Wolff (1747-1839) skreiv følgjande merknad i den tida han har vore sokneprest der:

”(...) Anden Søndag efter Hellig 3 Kongers Dag den 20de Januarii 1822 nedslog en Lyn-Straaele, nedkastede og syndersplittede Kierkens Taarn-Spir og udkastede een mængde Sten som blev adspredt vidt omkring paa Kierkegaarden og Bøemarken af Kierkens Vestre Side och vilde have anrettet stoer Skade om Menigheden den Dag havde været der forsamlet til Gudstieniste – da den Søndag var just efter den forhen brugte Orden her, den som tilkom dem”. [2]

I slike tilfelle er det forståeleg at presten skreiv ein merknad i kyrkjeboka, anten det var for å forklara kvifor det ikkje vart gudsteneste eller korleis t.d. eit kyrkjetårn vart øydelagd.

I motsetnad til kyrkjebøker som berre har med opplysningar om uver, er den første kyrkjeboka for Haus prestegjeld som dekkjer perioden 1691-1712. Niels Hierman var sokneprest i Haus i perioden frå 1691 til han døydde i 1709. I følge Lampe skal han ha:

”været trættekjær og kunde ikke komme overens med sin Almue, med hvem han førte Sag, uvist i hvilken Anledning”. [3]

Me veit likevel noko om kvifor presten var i konflikt med kyrkjelyden sin, av di det i 1705 drog nokre bønder frå Haus til byen med eit klageskriv mot presten. Klageskrivet førte til at det vart stemna til ting mot han. Presten Niels Hierman stilte ikkje på tinget, men bror hans, Christopher Hierman, møtte og gav beskjed om at presten berre ville stilla for ein anna rett; hjå prosten, bispen eller stiftamtmannen. Randi Andersen hevdar at han var ein ”usedvanleg pengekjær prest og jordherre” som ”gjekk langt utover det han hadde lov til når han kravde inn avgifter frå leiglendingane sine” .[4] Hierman var ikkje berre grådig når han kravde inn avgifter som var knytt opp mot jordeigedom, han tok seg vel og meir enn godt betalt for kyrkjelege tenester. Dømet nedanfor som er frå saka mot Hierman på tinget i Nordhordland i 1706, illustrerar kor vanskeleg det var for allmugen å få betalt Hierman for gravfesting og likpreike:

”Michel Mognsen Indre Sognstad fremkom dernest och nest hans for Retten aflagde corporlig Eed forKlarede at for 4 aar siden døde hans S/a/l/ig/ Kone, da bød hand Mag/ister Hierman for graffestelsen och predichen een Koe som hafde baaret een Kalf, och hand eyede iche mere end tre Kiør in allis, men den Koe Vilde presten iche haVe, men sagde at Wilde Komme hiem och udsee dend beste Ko hand hafde, som hand och giorde, Kom och udleedte den beste Koe hand hafde, och førde dend hiem med sig, och {alt} da hand fornam at Presten Wilde saaledis tage den aller beste Koe fra hannem och hans umyndige Smaa børn da græd hand och bad at hand dog motte nyde denne Koe paa leye, mens motte hannem iche bliVe tilsted, och Presten tog Ved sine folch Koen bort fra ham. Noch forKlarede Michel Mognsen om, da hans bestemoder Siri Blom nestleden Vaar døde bøde de och presten Mag/ister Hierm/an 3 Rixdaler for graVfestelsen for hende, men hand Vilde iche hafve andet, end den beste Koe eftter hende, som Var een eslet (tiltenkt) barneKoetil det yngste barn, och da de endelig motte føre dend hen til Prestegaarden, och hand saag den da Vilde hand iche haVe den for den Var liden af anseelse, saa motte hand føre dend hiem igien, och Siden gifve ham 3 Rixdlr 3 march i penge, och alt midlertid motte liget staa ugraffest, intil presten bleV fornøyet”.[5]

Saka enda med at Hierman vart avsett frå embetet sitt i 1707. Dette aksepterte han ikkje, og han anka difor til overhoffretten i Kristiania. Denne ankesaka førte til at Hierman fekk attende embetet sitt, men han måtte ut med både sakskostnadene og 420 dalar i bot. Om bøndene fekk att noko av det han urettvist hadde teke i frå dei, er uvisst.[6]

Mag. Niels Hierman var altså ikkje serleg godt likt i Haus prestegjeld. Sett med våre auge hadde han imidlertid ein del gode eigenskapar, mellom anna ei nydeleg handskrift, samstundes som han førte kyrkjebøkene detaljert.

Frå 1694 skriv han ofte noko i kyrkjeboka om korleis veret var, anten det var fint eller dårleg, kulde eller regn. Dette at han skriv om veret anten det er fint eller ikkje, er det som skil han og denne kyrkjeboka frå dei fleste andre. Han var ikkje berre prest, han var og meteorologisk rapportør. For betre å forstå Hierman sine verrapportar er det ein fordel å skildra prestegjeldet Haus og plasseringa av kyrkjene i prestegjeldet. Haus grensa mot Bergen i tillegg til prestegjelda Fana, Hamre, Hosanger, Voss og Os. Haus bestod av store delar av Osterøy, i tillegg til fastlandsområdet frå Ytre Arna og innover langs Sørfjorden og Veafjorden. Haus hadde fem kyrkjer: Haus, Gjerstad, Mjelde, Bruvik og Stamnes. Presten budde på Haus som låg ved sjøen. Det gjorde og kyrkjene Bruvik og Stamnes, medan Mjelde låg litt opp i høgda og Gjerstad endå høgare oppe på Osterøy. Når det skulle vere preik ved Stamnes må det ha vore om lag ein dags rotur kvar veg frå Haus inn Sørfjorden og Veafjorden til Stamnes, altså ein to dagars tur for presten og dei som skyssa han. Når det skulle vera preik ved Gjerstad har dei høgst sannsynleg hatt to ulike vegar å komma seg dertil, anten landevegen frå Haus og opp, eller med båt til Lonevåg og opp. Vanlegvis er det prestegjelda som låg ved kysten som kunne ha problemer med å komma eg til kyrkje i dårleg ver. På grunn av dei lange fjordane ein måtte reisa gjennom for å komma seg til og frå kyrkjene i Haus, var det slett ikkje alltid enkelt for prest og kyrkjelyd i Haus sjølv om Haus ligg i innlandet.

Verrapportøren Hierman skreiv altså i tillegg til dei kyrkjelege hendingane korte innførsler om korleis veret var. I 1695, den Fer. 1 Pentec. (13. mai) var det gudsteneste ved Haus. Då vart "Lille Mogens Romsloes"[7] dotter Madeli døypt, og faddrane var ”Gl. Mogens Romsloe, Samuel ibid, Niels Tuenæsis Kone, Rasmus Romsloes Kone, Marcus Sems Kone". I kyrkjeboka står det som merknad denne dagen at det var: ”It got Varmt Væir". Denne vesle innførsla i kyrkjeboka fortel oss altså både at det denne dagen var døypt eit barn og korleis veret var. I tillegg ser me at dei kvinnelege faddrane ikkje alltid er nemnd med deira eige namn, berre med ektemannen sitt.

Same år den andre søndagen etter Trinitatis (2. juni) var det og gudsteneste ved Haus, det var då:

"Norden Blæst og Varm Soelschin."

Denne dagen vart Knud Gierstad sin son ”Oluff" døypt. Som faddrar er følgjande personar oppført: St. Rasmus Hartved, Halvard Tveteraas, Anders Gierstad, Maritte Refvem, Johannes Olsøn Veaas Kone, Mogens Øfste Mieldis Kone.

Veret var likevel ikkje alltid fint ved Haus heller, slik som Dom. Reminiscere (20. mars) 1698 då det var ”Sterck Sydvest med slud og fog". Denne dagen var det nokre nybakte mødre som vart innleidde i kyrkja. Det var Siur Garnæsis kone, Erich Qvidsteens kone, husmann Mogens Nederste Mieldes kone.

Ont Væir og faa folch” kunne vera presten si meir eller mindre gode forklaring på kvifor det var få folk som møtte fram til gudsteneste. Andre gongar når det er fint ver og likevel kom få folk i kyrkja, kan ein nærast lesa mellom linene kor indignert presten er, slik som ved Mjelde ”Die Veneris p. Dom. Invocavit” (23. februar) 1700 [8] då det var fasteprediken og merknader i kyrkjeboka er:

"Et meget dejligt og got Væir, dog saare faa folck".

Den komande usemja mellom presten og kyrkjelyden som framkom på tinget i 1706, kan ha vore ein medverkande årsak til at det var få folk som møtte fram til gudsteneste jamvel om veret var godt og presten Hierman ikkje vedgjekk for seg sjølv at dette kunne vera grunnen.

I 1701 den 15. søndag etter trinitatis (4. september) var det gudteneste på Gjerstad og Oluf Lithun sine tvillingdøtre, Ingebor og Maritte, vart gravfesta. Det hadde då vore ein periode med regn, noko presten tydeleg var lei av sidan han skreiv:

"Ruschet Væjr med Regn og Vind af syden, gud trøste os for denne Langvarigt Regn”.

Året etter hadde det vore ein langvarig periode med varmt og tørt ver. I samband med gudstenesta ved Gjerstad den 6. juni og veret endeleg hadde endra seg, skreiv Hierman:

"Gud Være Lofvet som nu gaf Regn paa den tørstige jord"

Denne dagen vart Ommund Grøfvis (Greves) kone innleidd og Johannes Ericksøn Søre Vefles (Vevles) dotter Kari Johansdatter, gravfesta.

På Gjerstad var det som oftast om vinteren det var vanskeleg å ha gudsteneste sidan ein då måtte frå sjøen og opp i høgda. Eit døme på det er Dom. Cantate (24. april) 1701 då det var:

"Slemt føre Ved sneens forøgelse siden Tredie Paaschedag og ej bar Hesten, sampt kal(d)t ved en skarp N orden Vind”

I dette veret vart altså Jens Ørjesøn (Ørjanson) Hoffden (Hovden) gravfesta.

Somme tider gir altså Hierman si kyrkjebokføring oss korte glimt av kva for problem veret kunne skapa for han og resten av kyrkjelyden når dei skulle til ei av dei fem kyrkjene i prestegjeldet. Desse innførslene om veret kan og fortelja om det var normalt ver eller ikkje. Tredje søndag i advent 1698 (11. desember) var det gudsteneste i Bruvik kyrkje, og Johannes Oluffsøn Olsnæs sin son Niels vart døypt. Faddrane var Mogens Indre Brudvig, Oluf Brudvig, Mogens Olsnæs, Berette Olsnæs, Anna Olsnæs og Torbor Indrebrudvig. Om veret skreiv Hierman at det då var:

”Temmelig got Væir mit Vejs til Kircke, men siden forøgte en sterck Nordvest med Kafver, saa ingen kunde Roe, da Løverdag tilforn Vare en forfærdelig Syden Vind med en meget stor floe, Hvis Lige ej i mange aar Har Været”

Dette dømet syner også at det har vore eit verre ver enn vanleg, med kraftigare flo enn det har vore på mange år. Andre gongar når det var gudsteneste ved Bruvik var det ”Varmt Væir med sagte Vestlig Vind" slik som den sjette søndagen etter trinitatis (11. juli) 1697. I løpet av denne gudstenesta vart Knud Berge (Rødberg) og Mogens Herfindal sine koner innleidde.

Ei av dei andre kyrkjene i prestegjeldet, Stamnes kyrkje, ligg inne i Veafjorden. Hit var det ofte vanskeleg og/eller strevsamt å komma fram, anten det var på grunn av storm eller at straumen var sterk. Dom. Rogate (16. mai) 1700 var det gudsteneste i Stamnes kyrkja, presten skriv følgjande om reisa inn og ut av Veafjorden:

”Løverdag Var skarp Nordavind ind til Brudvig, effter p( ræ)dichen stillede og Hiem var saa got som stille, men sterck strøm imod"

Under denne gudstenesta vart husmannen Oluff Veaa si kone innleidd i kyrkja. Dessutan vart dotter hans Maritte gravfesta. Det vart òg Johannes Olufsøn Leeren (Leiro) og Michel Andersøn Stamnæs sin son Anders.

I andre tilfelle var veret så dårleg at presten ikkje kom seg heimatt frå Stamnes til Haus og måtte overnatte andre stader. I 1701 den 23. oktober var det gudsteneste ved Stamnes. Det var då: "Milt og stilt Væir ind” til Stamnes, der Jacob Strømme sin son Johannes Jacobsøn måtte skrifta offentleg. Det står ikkje noko om kvifor han måtte skrifte denne dagen, men det kjem likevel fram litt lenger ut i kyrkjeboka. På heimvegen frå Stamnes var det like mildt og stilt som på turen inn, til dei kom ”ud indtil Olsnes, der, forblef natten over formedelst Uvæir og Mørche" . På Olsnes vart Johannes Indreboge sin son Peder døypt, og fadrane var då: Lauritz Stafvenæs, Oluff Sandvigen, Michel Indreboge, Peder Yttreboge, Kari Yttreboge og Synneve Michelsdtr Indreboge.

Andre søndag i advent 1701 (4. desember) overnatta òg presten på Olsnes på grunn av at veret var dårleg. Presten Hierman skildra då reisa til og frå Stamnes slik:

"Temmelig got Væir ind, men sterck Vind og Regn paa Hiemreisen, derfor Herbergeret paa Olsnes”.

Kyrkjebokføringa denne dagen gir svar på kvifor Johannes Jacobsøn Strømme sto offentleg skriftemål i Stamnes kyrkje den 23. oktober (sjå over). Denne dagen vart dåpen til Johannes Jacobsøn Strømme sin son, Knud, stadfesta i kyrkja[9]. Dette barnet hadde han fått utanfor ekteskap med Anna Ingebrigtsdatter. Å få barn saman utan å vera gift vart ikkje tillate den gongen, difor måtte slike ”syndarar” utstå kyrkja si disiplin, dvs. skrifta offentleg. Barnemora slapp heller ikkje unna, ho måtte skrifta offentleg i kyrkja den 8. januar 1702. Fadrane til Knud var Jon Hesjedall, Gullich Øye, Halsteen Olsøn Viig, Guri Øye og Ragnele Øye.

Hierman si kyrkjebokføring gir oss eit godt inntrykk av korleis det kunne vera å skulle dra rundt til kyrkjene i gamle Haus prestegjeld. Samstundes kan desse verrapportane vera med på å gjera personane som er omtala i kyrkjeboka og livet deira meir ”levande” for oss.

Under kjem nokre sitat frå kyrkjeboka frå desember 1699 til februar 1700 som synar kva for vanskar prest (for ikkje å snakka om skysskarar)og kyrkjelyd kunne ha med å komma seg til kyrkje, anten det var for for å halda gudsteneste eller for å få døypt eit barn.

Nyttårsaften 1699 var på ein sundag og denne gongen skulle det vera gudsteneste i Stamnes kyrkje. Presten Hierman dro difor frå Haus der han budde. Sitatet nedanfor skildrar reisa og veret innover:

"Løverdag var et grueligt strengt Væir af Sydvest, Lagde sig mod Midnat, og var stille indtil dagen Var noget frembrøden, reiste derfor herfra nogle timer for dag saa det dagedis da Vi Vare komne til Grøt Aaen, og da vi komme til Kircken, vare der ichun (berre) 2 a 3 Mand komne, siden effter pdichen Vare en sterch syden Vind og Regn, dog gaf Gud en Halff miils Vej derfra, den Lagde sig, og sprang om til Nordvest, saa vi komme til Brudvig mod affdag"

Dei kom seg vel fram til til Stamnes denne gongen og fekk halde gudsteneste om sundagen sjølv om det berre var to, tre frammøtte personar. Denne dagen vart det innleidd to koner, Jon Hesjedal si og Anders Johansøn Toschedal si. Dessutan vart sistnemnde si dødfødde dotter gravfesta. Turen ut frå Stamnes var etter skildringa ikkje særleg festleg, og betre skulle det ikkje bli. Dagen etter, måndag 1. januar 1700 var det gudsteneste i Brudvig kyrkje. Denne dagen vart det innleidd fleire nybakte mødre; Fabian Kircke Brudvigs kone, Anders Indrebrudvigs kone og Niels Andersøn Hellis (Helle) si kone. Det var ikkje ein einaste natverdsgjest denne dagen. Hierman si skildring av veret fortel at det ikkje var mogeleg for nokon å komma seg over fjorden frå Bruvik etter gudstenesta.

"It meget stercht og forschreckeligt Væir af Nordvest med Kaver saa ingen mand effter pdichen for Væirets strenghed kde komme over fioren"

Resten av januar vart veret betre, og Hierman sine merknader i kyrkjeboka om veret er no t.d.:

"It Milt og got stille Væir". "Klart og stilt Væir, men temmelig sterch frost`"

I februar vart imidlertid veret verre att. Det byrja fredag 2. februar 1700 då det var gudsteneste ved Haus, det var då:

”Ruschet Væir for prædichen med sterch Vind og Regn, siden blef stille med Regn og slud"

I løpet av denne gudstenesta vart Aadne Andersøn og Maritte Jensdatter vigde og Jens Hun Hammer si kone innleidd.

Dagen etter, lørdag den 3. februar 1700, var det lyst til gudsteneste ved Bruvik, men det vart det ikkje noko av fordi dei:

”ej kunde komme frem formedelst det Haarde og forschreckelige Væir og storm med Regn"

Søndagen den 4. februar skulle det ha vore gudsteneste i Stamnes kyrkje, noko som heller ikkje vart noko av sidan det dårlege veret fortsatte eller ”continuerede” som Hierman skreiv:

”kunde der ej heller fremkomme formedelst det strenge Væir end Continuerede. Om Mandagen Væiret da stille, Reise Vi indtil Stamnes og da under Vejs i Brudvig Kircke blef døbt (...)”

Denne gongen vart det altså ikkje nokon gudsteneste i Stamnes kyrkja før tirsdag den 6. februar, men sitatet over synar at presten på vegen inn til Stamnes om mandagen døypte Daniel Vaxdal si dotter Mageli i Bruvik kyrkje.10 Faddrane hennar var Johannes Fosmarcken, Oluff Garnæs, Niels Vaxdall, Michel Mortensøn, Unna Stavenæs, Aagethe Vaxdall. I kyrkjeboka står det og følgande merknad om dette barnet som vart døypt:"Examin. et adm. 1716". Denne merknaden er på latin og tyder noko slikt som at ho vart overhøyrt i 1716 og me veit difor at ho levde opp.

Dagen etter, tirsdag den 6. februar, vart det endeleg gudsteneste ved Stamnes. Salige (avdøde) Anders Kaland si dotter Berette var heimedøypt tidlegare, men denne dagen vart dåpen hennar stadfesta i kyrkja. Fadrane hennar var: "Magne Kallevig, Jon Hesjedal, Mogens Dalseid, Gl. Halsteen Hesjedall, Kari Kallestad, Anna Andersdtr Qvamme". Om veret denne dagen har Hierman skrive at det:

"Vaar baade ind og ud got Væir".

Det var likevel ikkje berre veret som kunne skapa problem for presten Hierman. Den 17. februar 1702 var det gudsteneste i Mjelde kyrkje. Hierman hadde då etter hans eiga skildring ei oppleving som ikkje berre kan ha vore på grunn av veret, det var då:

”Et meget slemt Væir med Regn og storm, dog maatte sidde imod en Halff time i Kircke Ud..dden?? (Udsidden*?) førend Kircke døren blef opluchet".

Dømet syner at Hierman ikkje kan ha hatt nøkkel til kyrkja med seg. Som me har sett var han ikkje særs godt likt, så kan hende kyrkjelyden meinte at han hadde godt av å måtte stå ute i regnet.

Magister Niels Hierman var altså sokneprest i Haus til han døydde i 1709. I kyrkjeboka er det då innført slik:

”Onsdagen D. 1. Maj 1709 ved Hougs blef Sl: Pastoris, Mag: Niels Hiermans Lig og Døde Legeme i Hougs Kircke Hæderligen nedsat og begrafwed, og Holdet Liig prædicken ower Ham af Deris Wel=Edle Welærwerdighed StiffsProsten, Mag: Ole Storm, Hans alder 57 aar ringere end nogle Uger”

Etter at Niels Hierman sin død i mai 1709 fortsatte dei geistlege i Haus å føra inn små glimt om korleis veret, som t.d. 11. august 1709 då det var gudsteneste ved Haus og Bruvik, det var då:

”Vacker Væir for p(re)dichen, siden Regn”.

Seinare vart det berre nokre gongar ført inn merknader om veret, som 3. påskedag (7. april) 1711 då det var gudsteneste ved Gjerstad og presten skreiv:

”fick god Hielp af Almuen op til kircken udi den overflødige snee og besværlige føre, men ringe hielp ned ad”.

Kyrkjebokføringa i Haus prestegjeld vart etter kvart meir som i dei fleste andre prestegjeld med verrapportar i samband med messefall eller t.d. ved skade på kyrkja. Sitatet over er eit godt døme på at Hierman sine etterfølgere noterte einskilde småglimt om veret i kyrkjeboka ved spesielle høve. Dei faste verrapportane som gjorde denne kyrkjeboka spesiell, forsvann derimot med Hierman.

*********************************

Sluttnotar:

1 Håndbok for Riksarkivet (1992) s. 296.

2 Kyrkjebok for presten i Manger, A2 1792-1815.

3 D. Trap: Bergens Stifts biskoper og prester efter reformationen. Biografiske efterretninger samlede af Provst Johan Fredik Lampe. 1895. Det finst dessutan mange døme i tingbøkene frå Nordhordland på at Niels Hierman var i mange konflikter med almuen, spesielt i økonomiske saker.

4 Randi Andersen, 1999, s. 271.

5 Nordhordland tingbok nr. 30 1705 – 1707; år 1706 folio 49b.

6 Randi Andersen: (1999): s. 272.

7 At presten kalla barnefaren for ”Lille Mogens Romsloe” er nok i tydinga den unge/den yngre. Den eine av faddrane er kalla G(am)l(e). Mogens Romsloe, og dette er nok Mogens den eldre. Hierman kalla og folk i same tyding for lille og store.

8 Den komande usemja mellom presten og kyrkjelyden som framkom på tinget i 1706, kan ha vore ein medverkande årsak til at det var få folk som møtte fram til gudsteneste jamvel om veret var godt.

9 Heimedåp var vanleg i fall barnet var sjukeleg eller veret var så dårleg at det var vanskeleg å koma seg til kyrkja. I Haus var det sjeldsynt med heimedåp i forhold til praksisen i andre prestegjeld t.d. Hamre.

10 Dette barnet skulle nok ha vore døypt dagen før då det var lyst til preike i Bruvik kyrkje.

Litteratur og kjelder:

Andersen, Randi: ”Arna bygdebok, band 1, frå dei eldste tider til 1840”. Bergen 1999.

Lampe, Johan F.: ”Bergens Stifts biskoper og prester efter reformationen. Biografiske efterretninger samlede af Provst Johan Fredik Lampe. Efter hans død udgivne af D. Trap, sognepræst”. Kristiania. 1895.

Johannessen, Knut, Kolsrud, Ole, Mangset, Dag (redaksjon): ”Håndbok for Riksarkivet”. Oslo 1992.

Sorenskrivaren i Nordhordland, tingbok nr. 30, 1705 – 1707.

Kyrkjebok for presten i Manger, A 2, 1792-1815.

Kyrkjebok for presten i Haus, A 1, 1691-1712.

Digitalarkivet: http:/digitalarkivet.no/

Av Marianne Herfindal Johannessen, arkivar ved Statsarkivet i Bergen

Artikkelen har tidligere vært publisert:

”Åsabuen” nr. 2, 2001, 10 s. ”
Osterøy i soge og samtid” 2002, Vaksdal Historielags årbok, 2001.

Kortversjon av artikkelen publisert i ”Arkivmagasinet” nr. 2, 2001, 4 s.