Sommaren 1599 møtte presten Jacob Hanssøn Schaaning for den norske Herredagen. Han skulle svare for seg i to saker. Lensherren på Bergenhus hadde stemnt Jacob for retten for påstått lauslivnad. Den andre saka hadde bispen Anders Foss reist for å fri seg frå skuldingane Jacob hadde retta mot bispen. Begge sakene hadde opphav i den langvarige prestestriden på Stord, der Jacob Hanssøn var eine parten.

Mange har skrive om prestestriden på Stord, og alle har gjort Jacob til skurken i soga. Dei har kalla han eventyrar og svindlar.1)

Vi skal hente opplysningar om Jacob frå kjelder som tidlegare ikkje har vore nytta. Og vi skal ikkje, som tidlegare har vore, slutte soga om Jacob med dommen i 1599, men følgje han gjennom oppreising og fram til han døydde med ettermælet "en Lærd og begaved Mand". 2)

Jacob Hanssøn "Schaaning"

Jacob brukte sjølv lenge tilnamnet "Schaaning", og har vel vore fødd ein stad i Skåne. Då han døydde i 1628 skulle han vere 90 år gammal etter det dotterson hans fortel, men aldersoppgåva er nok sett noko høgt.3) Ut frå det vi elles veit om han er det meir truleg at han var fødd ein gong på 1540-talet.

Jacob Hanssøn var først prest i Nykøping i Sverige. Der må han ha vore på 1570-talet. Men han stelte seg slik at han for ein "vngdoms forseelze" mista ordinatsbrevet sitt. 4) Han lova å "rette och bedre" seg, og gjorde "pønitens", og so fekk han det att.5) I herredagsdomboka er dette tidfest til første søndag i advent 1588. Men denne tidfestinga er utan tvil feil, då mannen som underteikna det døydde i 1585.6) Rette året var truleg 1582.

Frå Nykøping til Bergen stift

Ordinatsbrev eller ikkje, det vart vanskeleg for Jacob å få seg ny presteteneste i Nykøping, og han la då like godt ut på reise til Bergen stift. Vi veit han frå 1585 til 1588 var kapellan i Innvik i Nordfjord. Han skal ha vore ei tid i Davik. Seinare var han mellom anna ei tid i underordna prestestilling ved Domkyrkja i Bergen.7) Ut på året 1595 vart det lyst til presteval på Stord. Jacob, som då etter det han sjølv fortel "i tij eller elleffue Aars tid haffuer tient i Bergens sticht", melde seg som kandidat og vart vald av soknemennene på Stord. Han trulova seg med enkja etter formannen i kallet, som god skikk var, og flytta inn på prestegarden. Med det vart han dregen inn i striden mellom Bergensbispen Anders Foss og hans favoritt Niels Pedersøn Foss på eine sida, og der store delar av kyrkjelyden på Stord stod på andre. Vi må fortelje litt om hovudpersonane og bakgrunn for striden.

Prestestriden på Stord

Anders Foss var "superintendent" (bisp) i Bergen frå 1583 til han døydde 1607. Han arbeidde ihuga for å auka makta til superintendentane. Det gav han mange uvenner og mykje strid. Han la seg ut med byrådet i Bergen, med lensherren på Bergenhus, og med delar av presteskapet i stiftet.8) Det ser og ut som han prøvde å redusere omfanget av kallsretten (retten til å peike ut ny prest) kyrkjelydane hadde.

Niels Pedersøn Foss må ha vore nær slektning (brorson?) til bispen. Første gong vi høyrer om Niels er i 1590 då han vart tilsett som prest ved Hospitalkyrkja i Bergen. Då hadde bispen gjeve han så mykje hjelp og skaffa han så gode vilkår, at det vart klaga til kongen over framferda. Bispen fekk ei skrape, og Niels vart avsett.

Men alt eit års tid etter fekk Niels seg nytt kall, no vart han sokneprest i Strandebarm. Det gjekk han ikkje betre der enn i Bergen. Kort tid etter at han kom til bygda vart han skulda for tjuveri, og jaga.

I 1593 vart Stordpresten Staffen Jenssøn sjuk slik at han ikkje lenger kunne gjere kyrkjeteneste. Då sende "Øffrigheden" (det vil sjølvsagt her bety bispen) Niels Foss til Stord som kapellan. Staffen døydde ut på våren 1594, og det vart då gjort avtale om at Niels skulle halde fram som kapellan for presteenkja i hennar "nådesår".10) Først når dette året var omme, var det tid for å halde nytt presteval på Stord. Men Niels hadde det travelt. Etter det som hadde gått føre seg i Strandebarm var han vel redd det kunne verte vanskelig for han å få kallet om andre kandidatar melde seg. Så prøvde han å auke sjansane sine. Han gjekk til soknemennene og sa han måtte låne signetane deira for å sette segl under ein attest. Med signetane besegla han det kallsbrevet han skreiv for seg sjølv. Dette skjedde 7. juli 1594. Niels fekk med seg lensmannen og nokre soknemenn og drog til prosten for å få stadfesting av valet. Stadfestinga fekk han. Seinare fekk han godkjenning frå bispen og kollatsbrev frå lensherren. Alt saman ved hjelp av kallsbrevet han sjølv hadde skrive og besegla.

Framferda til Niels skaffa han mange uvenner på Stord. Fremst mellom desse stod Otte Thommessøn til Vatne.11) Som adelsmann skulle han ved presteval vere "best oc acteste Sognemand".12) Partiet til Otte Thommessøn var sterkt nok til å jage Niels frå Stord, og dei arrangerte nytt presteval. Lenge såg det ut til at ein kandidat med namnet Johan Johansøn skulle bli vald. Men han fekk pålegg om å vike ved kongebrev 12. mai 1595, og gjorde det. Etter at det skjedde var soknemennene like lite interesserte i å få Niels Foss som sokneprest, og dei valde då Jacob Schaaning.

Bispen ville ikkje finne seg i at hans kandidat vart vraka ved ein slik åpen demonstrasjon. Han prøvde å tvinge stordabuane til å gjere om prestevalet sitt, og la Niels få kallet. Då vart det gjeve det svar at Niels som var avsett etter skuldingar om tjuveri i Strandebarm, ikkje hadde gjort seg fri for den saka, og difor måtte reknast som uverdig til å vere prest. Niels Foss måtte då til Skottland for å skaffe seg attest frå mennene han etter folkesnakket skulle ha stole frå. Og slik attest hadde han med seg då han kom heim til Noreg att. Det underlege er at han ikkje hadde skaffa seg slik attest då han vart jaga frå Strandebarm. Ved hjelp av denne attesten og det omtvista kallsbrevet fekk han 28. juli 1596 ordna med eit kongebrev til lensherren på Bergenhus, der han vart pålagd å sørge for at Niels fekk kallet på Stord. I brevet heiter det vidare at "dersom hans Sognemænd hannem noget har at beskylde, de da hannem for hans tilbørlige Dommer tilhørligen tiltaler og forfølger."13)

Det skulle likevel gå lang tid før Niels Foss kom til Stord. I det lengste ville soknemennene dra ut saka, og først i oktober 1596 ser det ut til at Jacob Schaaning måtte vike prestegarden. Samstundes vart Niels stemd for "Slotzherren Bispen Lagmanden och menige Raadet"14), der det vart kravd at Niels skulle legge fram kallsbrevet sitt. Men bispen ville ikkje ha dom i saka mot Niels. I staden prøvde han å få i stand forlik, eit forlik som skulle sikre Niels kallet. Verken Jacob eller soknemennene ville godta eit slikt forlik. Dei ville ha dom over Niels, slik kongebrevet sommaren 1596 hadde rådd dei til.

Då saka drog ut ville Jacob dra til København for å legge fram sine klagemål mot bispen og Niels Foss der. Han kravde at dei to skulle stemnast for den danske Herredagen: Bispen for å ha blanda seg inn i saka på ein utidig måte, Niels Foss for sitt falske kallsbrev. Resultatet vart at Herredagen sende ut stemning til Anders og Niels Foss 6. august 1597.

Det må ha komme som eit sjokk for bispen: At ein av hans underordna prestar skulle ha mot til å stemne han for høgste domstolen i riket. Og saka kunne få alvorlege konsekvensar. Bispen hadde mange nok uvenner som kunne nytte eit slikt høve mot han. Han måtte få stoppa Jacob før saka i Danmark kom til doms.

Mellom tilsynsansvaret bispen hadde, var å sjå til at prestane hadde rett lære, og at dei levde eit moralsk høgverdig liv. Skulle han stoppe Jacob, måtte det vere for brot på eit av desse krava.

Etter det Albert Hatting fortel skal Jacob ha vore ein "Lærd og vel begaved Mand". Då måtte det vere manglande moral han kunne klagast for. Lause rykte vart samla frå aust og vest, og Jacob vart stemnd for prosten. Han skulle ha gjort seg skuldig i "frilleleffnit", av di kona hans hadde fått første barnet etter berre sju månaders ekteskap. På denne tida var det trulovinga som var juridisk bindande. Påbod om kyrkjeleg vigsel kom ikkje i Noreg før i 1589, og det gjekk lang tid før det vart vanleg å vente med å flytte saman til etter den kyrkjelege vigsla. I brevet til lensherren om at Jacob skulle stemnast heiter det då og at det skulle vere "andre til et Exempel".15)

Men Jacob nekta å møte for prosten om ikkje bispen ikkje møtte for Herredagen. Slik vart sakene ståande i nesten to år. Bispen hadde to gonger nekta å møte i Danmark, Jacob hadde nekta å møte for Domkapitlet i Bergen då han vart stemnd der.

I juni 1599 fekk bispen ordna med at Jacob skulle stemnast for den norske Herredagen. Det vart i stemninga gjort klårt at han ville bli dømd om han ikkje møtte.

Då var det ikkje lenger noko val for Jacob. 7. juli 1599 møtte han i Bergen. Av referatet synest vi sjå at han svarte godt for seg på anklaga om lauslivnad. Han la fram sine attestar og fekk gjort om inkje mesteparten av det han var klaga for. Han måtte bøte ei mindre bot fordi han hadde late vere å møte etter tidlegare stemningar for prosteretten og domkapitlet, og måtte love å møte for domkapitlet to dagar seinare for å svare for seg om samlivet med kona før ekteskapet.

I saka mellom Anders Foss og Jacob vart det forlik. I retten sa Jacob at han aldri hadde nytta ukvemsord om bispen som kunne gå bispen si ære for nær. Bispen kunne heller ikkje legge fram prov om at Jacob hadde gjort det. For Jacob var det nok viktig å ikkje provosere biskopen for sterkt, for to dagar seinare skulle han møte bispen att som dommar.

Måndag 9. juli 1599 møtte Jacob for domkapitlet. Referat frå forhandlingane har vi ikkje, men resultatet kjenner vi. Etter mange år med hard strid kunne bispen no gjere opp med den ulydige presten. Jacob vart dømd frå "ministerio oc all Kircketieniste".16)

Med det var sluttstreken - for ei tid - sett for striden om prestekallet på Stord. Men mange i kyrkjelyden var ikkje nøgde med utfallet. Nokre av dei hadde framleis planar om å få Niels Foss jaga.

Ved årsskiftet 1605/06 stemnde kyrkjelyden Niels Foss inn for lensherre og råd i Bergen. Skuldingane mot han var så vel underbygde, og så alvorlege, at lensherren la saka fram for domkapitlet, med spørsmål om ikkje Niels "for sin Vschickelighed" hadde gjort seg uverdig til å "bruge Det prestelig Embede her epther".17) Men Anders Foss var framleis bisp, og det vart ikkje meir av saka før etter bispen døydde (25. januar 1607). Niels var mellom anna skulda for brot på det sjette bodet, og det kjem fram at han og skulle ha prøvd å kjøpe folk til å vitne for seg.18) Vi kjenner ikkje ordlyden i dommen over Niels, men av andre kjelder ser vi at han vart avsett i 1607. 19) I hans stad vart kapellanen Peder Aalborg sett inn som sokneprest på Stord.

Jacob Hanssøn var sjølvsagt heller ikkje nøgd med dommen han hadde fått på seg. Det skulle likevel gå nesten sju år før han fekk dommen omgjort. 5. mars 1606 vart det notert i domkapittelsprotokollen at Jacob på ny hadde rett til å søke prestekall. Likevel skulle det gå meir enn tre år før han fekk seg nytt kall.

Henrich Graff, sokneprest i Jølster, vart hausten 1609 avsett etter dom for Bergen domkapittel. Då ny prest skulle veljast i hans stad, melde Jacob seg som kandidat og vart vald. Og i Jølster vart Jacob verande sokneprest til han døydde 4. mai 1628. 20)

Samanlikna med tida på Stord fekk Jacob fredelege år i Jølster. Vi høyrer aldri om strid mellom han og kyrkjelyden, i så måte ser det ut til at han var ein av dei fredelegaste sokneprestane jølstringane hadde på 1600-talet. Formannen til Jacob (Henrich Graff),og dei to som følgde etter han (Peder Riber og Simen Ystad) vart alle avsette.

Men heilt i ro heldt Jacob seg likevel ikkje. Han la seg ut med lagretten i 1612 (note 21), med sorenskrivaren i 1615 (note 22) og med Gulating lagmann i 1621 (note 23). Han skulda dei alle i krasse ordelag dugløyse. Orda om lagmannen kosta Jacob ei mindre bot, annan skade fekk han ikkje av det.

Jacob var ein etter måten gammal mann då han kom til Jølster, bortimot sytti år gammal. Likevel ser det ut til at han heldt seg frisk til han i 1626 vart sengeliggjande etter eit beinbrot. Dei to siste åra han levde hadde han kapellan.

Enkja etter Jacob, Susanna Jensdotter (1569-1661), som var 20-30 år yngre enn han, budde på prestenkjegarden Øvre Sandal i Jølster i godt over tredve år. I ekteskapet med Jacob hadde ho minst tre born. Sonen Jens (1602-1673) var i mange år klokkar i Jølster, og han vart stamfar for ei slekt sorn i godt hundre år var klokkarar i bygda. Døtrene Maren (ca. 1597-1636) og Brite (1604-1669) vart gifte med bønder i Jølster. Susanna hadde ei dotter til. Hennar namn kjenner vi ikkje, og om henne veit vi berre at ho i 1663 budde i "Veffring Sogn" i Sunnfjord. Denne dottera kan Susanna ha hatt med første ektemann sin. 24)

Stoffet vi har samla om Jacob viser oss ein uvøren og uvanleg uredd mann. Han synest heilt å ha mangla respekt for autoritetar i kyrkje og rettsvesen. Men om han enn var glad i strid, finn vi ikkje noko som kan tyde på at han la seg ut med kyrkjelydane han skulle vere prest for. Ikkje noko av det vi har funne kan rettferdiggjere å kalle han svindlar eller eventyrar.

Den andre hovedpersonen i prestestriden på Stord, Niels Foss, greidde tre gonger på fire år å gjere seg så upopulær hos sine eigne soknebarn at dei jaga han. Han var skulda for tjuveri, for falskneri og for hor. Han fekk vere prest berre så lenge han kunne støtte seg på ein maktglad bisp. Det må vere Niels Foss som var svindaleren og eventyraren på Stord. Han døydde ikkje som "hederlig og vellerd mann".

Noter

  1. A. G. Bang i "Den norske Kirkes Geistlighed i Reformations-Aarhundredet", (Kra. 1897),.s. 190. Ola Høyland: Stord bygdebok (1 972), bd. 1, s. 197.
  2. Albert Hatting i manuskriptet til "Forsøg til en Præste-Historie", utarbeidd i 1770-åra.
  3. Jens Nielssøn Nærrbe i si dagbok, no i Manuskriptsamlinga, Statsarkivet i Bergen.
  4. Her sitert frå Norske Herredagsdombøker, 1. rekke bind V, s. 68.
  5. Norske Herredagsdornsbøker, 1. rekke bd. V, s. 68.
  6. Martinus Olai Gestricius, prest i Nykøping 1580-1585, ifølge "Lindkøpings stifts herdaminne", s. 46.
  7. Jacob Schaaning fortel dette i brevet sitt sommaren 1597 der han kravde bispen stemnd for det danske Riksrådet. Brevet er å finne i: Riksarkivet: Danske Cancelli, Norske henlagte saker 1578-1625. Dette brevet gjorde statsarkivar E. Øvrebø, Bergen meg merksam på.
  8. Sjå t.d. Norsk Biografisk Leksikon, bd. XVI (utg. 1966-1969), s. 299 (om lensherren Peder Thott).
  9. Norske Herredagsdombøker, 1. rekke bd. V, s. 70.
  10. Opplyst i brevet frå Jacob Schaaning sommaren 1597.
  11. Jacob Schaanings brev 1597.
  12. Formuleringa er slik i den norske kyrkjeordinansen frå 1604 om adelege sin rett ved presteval.
  13. Norske Rigsregistranter, 3. bind, 1588-1602, s. 429.
  14. Jacob Schaanings brev 1597.
  15. Norske Rigsregistranter, 3. bind, s. 568.
  16. Bergens domkapitiets forhandlingsprotokoll 1605-1624 (utg. 1961), formuleringa finn ein på s. 15 (5. mars 1606). -
  17. Bergens domkapitels forhandlingsprotokoll 1605-1624, s. 15.
  18. Bergens domkap. forh. 1605-1624, s. 19.
  19. Berqens domkap. forh. 1605-1624, s. 180, der det går fram at Peder Aalborg og Niels Foss hadde gjort kontrakt om prestekallet i 1607. Denne kontrakts må ha komme i stand då Peder vart sokneprest..
  20. Jens Nielsen Nærrbø i dagboka si, Statsarkivet i Bergen, Dokumentsamlinga.
  21. Denne saka er referet av lokalhistorikaren Arne Egge i ein artikkel i kyrkjelydsbladet "Hyrdingrøysta", nr. 6, 1955, s. 84.
  22. Om saka er det i privat eige i Jølster eit brev. Avskrifta av dette brevet er i Kjeldeskriftinstituttet sine samlingar.
  23. Bergens domkap. forh. 1605-1624, s. 194. Meir utførleg i Bergens domkap. dombok under 4. oktober 1621.
  24. Opplysningar om borna til Jacob og Susanna f inn ein i fragment av tingbok 1663 i Sunnfjord sorenskrivararkiv, Statsarkivet i Bergen. Jacob fortel i brevet i 1597 at kona hadde "børn", i live frå sitt første ekteskap.