Garden Førde låg fram til 1964 til Breim i Nordfjord, men vart ved kommunereguleringa flytta over til Jølster i Sunnfjord. Garden er med i den gamle bygdeboka for Gloppen-Breim av Jakob Aaland, og med i bygdeboka for Jølster ved A. O. Klakegg. Men ein gard som har vore i grenseområdet mellom to sorenskriveri, mellom to prestegjeld og (ei tid) mellom to futedømme, er det ikkje lett å halde styr på i kjeldene. Difor har eg laga ei revidert utgåve av opplysningane som gjeld dei eldste slektsledda på garden. Sjølve teksten er laga i 1986, og eg har nytta den ved gjevne høve, men den har ikkje vore publisert tidlegare.

Rasmus Knutson Bogstad

Rasmus Knutson Bogstad, fd. ca. 1593, gravlagd i Helgheimskyrkja 3. april 1674. Gift med Marte Nilsdtr. - ho vart gravlagd i Helg- heimskyrkja 21. april 1675. Rasmus brukte i 1646 1/2 laup smør 2 faar i garden - det tilsvara 1 laup smør, eller 2/3 av garden.

Rasmus Knutson var frå Bogstad i Breim. Han og brørne er nemnde i ei rettssak om pantsett jordegods som Rasmus hadde løyst inn, men som den eldste broren Erik Knutson Bogstad gjorde krav på. Dei to andre brørne som er nemnde i saka er Hans Knutson Fløtre og Anders Knutson Fløtre. Saka enda med forlik der Anders Knutson sa seg villig til å flytte frå Bogstad i 1653. (Kjelde: Nordfjord tingbok 4, fol. 59.) I tingbok 6. fol. 13 er Rasmus Førde nemnd på vegne av broren Berdon Knutson. Dei var søner av Knut Knutson (fødd kring 1560) frå Skryppa, bonde på Bogstad.

Borna til Rasmus Knutson og Marte Nilsdotter:

  1. Knut Rasmusson, fd. ca. 1620, død 1705. Gardbrukar på Fløtre frå 1653. Er nemnd i 1666 som brukar av 1 pd. 3 mrk. smør. I 1701 er to søner nemnde: Tore på 30, og Rasmus på 12.
  2. Nils Rasmusson, fd. ca. 1622, død ca. 1665. Gift med Agate Jeremiasdtr. Myklebust, fd. ca. 1625, død 1712. Ho var dotter av Jeremias (Andersson) Myklebust, Jølster.
  3. Anne Rasmusdtr, fd. før 1630 - nemnd i koppskattmanntalet 1645.

Nils Rasmusson Førde

Nils Rasmusson Førde, fd. ca. 1622, vart ca. 1650 gift med Agate Jeremiasdtr. frå Myklebust i Jølster. Nils er nemnd i manntalet i 1664, men var død før manntalet i 1666.

Borna:

  1. Knut Nilsson, fd. ca. 1652, død 1741 på Førde. Gardbrukar på Myklebust i Jølster ca. 1675-1696, frå 1696 gardbrukar på Førde.
  2. Marte Nilsdtr., fd. ca. 1655, død på Søgnesand i Jølster ca. 1730. Gift to gonger: 1. med Sakkarias Olson Skrede (1664-1710), i 1711 med Samuel Jonson Søgnesand (1672-1742). Fleire born i første ekteskap, ingen i det andre.

Enkja Agate Jeremiasdtr. vart ca. 1667 gift med Laurits Jonson, fd. ca. 1636, d. 1700. Dei fekk ingen born. Laurits er kan hende den Laurits Jonson Fonn (frå Jølster) som er nemnd i Nordfjord tingbok i 1657.

Knut Nilsson Førde

Knut Nilsson Førde var gift to gonger. Første rundt 1675 med Synneve Crispinusdtr. Sandnes (1645-1684), andre gongen om lag 1685 med Anne Torgeirsdtr. Berg (1660-1747) (dotter av Torgeir Hansson Berg og prestedottera Luccie Simonsdtr.).

Knut Nilsson fekk bruket på Myklebust i Jølster etter morfaren Jeremias (Andersson) Myklebust (1595-1680), og budde på Myklebust til i 1696. Bruket i Førde overlet han til søskenbarnet sitt, Jeremias Nilsson Myklebust (1664-). I 1696 bytta dei to bruk, Jeremias kom til Myklebust, Knut attende til Førde.

Borna i første ekteskapet til Knut Nilsson:

  1. Marte Knutsdtr., f.ca. 1676. Gift ca. 1695 med Anders Knutson Årdal, Jølster.
  2. Rasmus Knutson, f. 1678, d. på Førde 1718. Gift i Jølster 1701 med Ingeborg Torgeirsdtr. Berg, halvsøster til stemora hans.
  3. Gunilde Knutsdtr, f. 1680, d. på Berg i Jølster om lag 1706. Trulova 1699 med Anders Torgeirson Berg. Dei fekk to søner. Anders vart i 1707 gift med Eilin Arnesdtr., men han døydde få år seinare (ca. 1712). I 1714 vart det tinglese avtale mellom Knut Førde og Simon Torgeirson Berg at dei skulle ta seg av dei to sønene, ein skulle bu i Førde, den andre på Berg.
  4. Magdalena Knutsdtr, f. 1682, d. 1755. Gift første gong 1703 med Ole Hansson Sætre, andre gong 1708 med Daniel Torgeirson Berg (ca. 1681-1744) frå Jølster, halvbror til stemor hennar. Med Daniel fekk ho 8 søner, av desse flytta tre ut frå Breim: Anders kom til Dvergsdali Jølster,medan dei to yngste, Oleog Rasmus, fekk seg gardsbruk på Vettås på Radøy. Magdalena og Daniel budde ei tid på Sætre, men flytta seinare til Flølo.

Borna i andre ekteskapet til Knut Nilsson (med Anne Torgeirsdtr. Berg):

  1. Synnøve Knutsdtr., fd. 1686. Gift 1705 med Erik Erikson Klakegg (1678-1754), han var son til Erik Haraldson Klakegg (ca. 1640-ca. 1706), som ei tid hadde hatt gardsbruk på Hjelle i Breim, og som truleg kom frå Hilde i Innvik. Synnøve var i live i 1754 då det vart skifta etter mannen, men ho er ikkje å finne som død i kyrkjeboka i Jølster. Mange barn levde etter dette ekteparet, dei var spreidde vidt utover, i Jølster, i Breim og i Fana ved Bergen.
  2. Ole Knutson, fd. 1688. Gift 1710 med Anne Christophersdtr. Fosseim, Breim.
  3. Jeremias Knutson, fd. 1691, død 1768 på Førde. Gift 1715 med Brite Hansdtr. Sandnes (1691-1751), andre gong 1756 med Gullborg Hundskor. Gardbrukar på Førde frå 1715.
  4. Lucie Knutsdtr., fd. 1694, død på Sandnes i Jølster 1733. Gift 1718 med Nils Hansson Sandnes, son av lensmann i Jølster Hans Crispinusson Sandnes og Johanne Jensdtr. Lucie hadde namnet sitt etter mormora, Lucie Simonsdtr. (ca. 1634-1667), som var dotter av presten Simon Mikkelson Ystad (ca. 1604-1653) og Anne Pedersdtr. (død 1675), ei dotter av Jølstrapresten Peder Nielsen ( død 1607).
  5. Inger Knutsdtr., fd. 1696, død etter 1752. Gift 1719 med Lars Hansson Årdal (1667-1752), Jølster. Inger er den første av borna til Knut Nilsson som er fødd etter at huslyden flytta til Breim, men ho vart som alle dei andre døypt i Jølster.
  6. Agate Knutsdtr., fd. 1698, død 1753 på Kjøsnes. Gift 1722 med Ole Andersson Kjøsnes.
  7. Anne Knutsdtr., fd. 1702, Gift 1727 med Ole Olson Klakegg, Jølster. Dei budde på Førde i 1727, då dei fekk døypt sonen Knut, men fekk seg seinare gardsbruk på Teita i Breim.

Jeremias Nilsson Myklebust

Jeremias Nilsson Myklebust, fd. 1662, kom til Førde ca. 1685. Han var son av Nils Kolbeinson Myklebust (1626-1695) og Brite Jeremiasdtr. Myklebust (ca. 1630-1686). Brite var søster til Agate Jeremiasdtr. Førde. Det må ha vore ei avtale mellom Knut Nilsson og søskenebarnet Jeremias Nilsson om morfaren sitt bruk i Myklebust og bruket på Førde.

Jeremias har gifta seg seinast i 1685, men namnet på kona kan ein ikkje finne. Truleg har ho vore frå Breim - det kan sjå ut som om det er slektskap til Sætre i Breim. Kan hende fekk sonen Hans namnet til morfaren ?

Jeremias Nilsson vart buande på Førde til 1696. Då bytta han bruk med Knut Nilsson, og kom attende til Myklebust i Jølster. Bruket på Myklebust hadde han til om lag 1715. Året etter tok svigersonen Jon Jakopson over bruket. Då var Jeremias truleg død.

Borna:

  1. Nils Jeremiasson, fd. 1686. Er truleg den Nils Jeremiasson som i manntalet frå 1701 er sagt å vere 12 år gammal.
  2. Hans Jeremiasson, fd. 1690, død 7-8 veker gammal.
  3. Synneve Jeremiasdtr., fd. 1691, død 1771 på Myklebust. Gift 1716 med Jon Jakopson Befring (1693-1741). Dei fekk bruket på Myklebust etter Jeremias Nilsson.
  4. Nils Jeremiasson, fd. 1692. Nemnd i manntalet 1701, 9 år gammal.
  5. Rasmus Jeremiasson, fd. 1695, død 1741 Dvergsdal i Jølster. Gift 1717 med Ingeborg Borgarsdtr. Dvergsdal (død 1725), og fekk gardsbruket som foreldra hennar hadde hatt. Gift andre gongen 1726 med Brite Jakopsdtr. Befring (1698-1777).

Rasmus Knutson Førde

Rasmus Knutson Førde g. 1701 i Jølster m. Ingeborg Torgeirsdtr. Berg (dotter til Torgeir Hansson Berg (1634-1691) og Kristi Andersdtr. (1649-1696)).

Borna:

  1. Lars Rasmusson, f. 1702, død 8 dagar gammal.
  2. Lars Rasmusson f. 1703, d. på Førde i 1764, gift 1721 med Brite Axelsdtr. Sætre. Frå 1721 til 1728 brukte dei bruket til stefaren hans på Håheim i Jølster. Etter at stefaren døydde kom dei attende til Førde, medan søster til Lars, Kristi, og mann hennar, Knut Bårdson Kjøsnes, fekk bruket på Håheim.
  3. Kristi Rasmusdtr., f. 1704, d. på Håheim i 1783. Gift 1729 med Knut Bårdson Kjøsnes. Overtok bruket på Håheim som Lars Rasmusson hadde hatt.
  4. Synneve Rasmusdtr., fd. 1706, d. på Klakegg i 1788. Gift med Hans Anderson Klakegg. Dei hadde ikkje livsarvingar etter seg. Skiftet etter henne gir opplysninghar om arvingane etter søskena hennar.
  5. Marthe Rasmusdtr., fd. 1707, d. 5 dagar gammal.
  6. Knut Rasmusson, fd. 1709, d. 4 dagar gammal.
  7. Sakkarias Rasmusson, fd. 1710, d. 1761 i Gloppen. Gift 1734 med Maye Knutsdtr. Huus, Jølster. .Dei hadde gardsbruk på Huus1734-1751, og flytta då til garden Nordås i Fana, som dei pakta. I 1757 kjøpte dei seg gard på Øvre Brattland i Fana. Sakkarias var i Gloppen då han døydde i 1761. Han hadde etter seg stor slekt i Fana og Bergen.
  8. Knut Rasmusson, f. 1712, d. 1785 på Åmot. Gift
  9. Agate Rasmusdtr, f. 1714, var i live i 1788 då det var skifte etter søstera Synneve. Agate var då enkje, og budde ved Bergen. Ho var gift 1740 med Palle Rasmusson Frøystad.
  10. Ole Rasmusson, f. 1715, d. 1784 på Ripe. Gift to gonger, først med enkja Synneve Torleivsdtr. Åmot i 1746, andre gongen 1768 med enka Danhilde Olsdtr. Ripe. Ole flytta til Ripe og vart buande der livet ut.
  11. Gunilde Rasmusdtr., f. 1717, d. 21 uker gammal.
  12. Rasmus Rasmusson, f. 1718 etter at faren var død, d. 13 dagar gammal. Var tvilling.
  13. Niels Rasmusson, f. 1718, d. 5 dagar gammal. Tvilling.

Daniel Jonson Håheim

Daniel Jonson Håheim (1676-1726) frå Jølster vart gift med enkja Ingeborg Torgeirsdtr. i 1719 tok over bruket etter Rasmus Knutson. Daniel var son av Jon Torsteinson Håheim, hadde hatt gardsbruk på Håheim i mange år, og var enkjemann då han kom til Førde. Bruket på Håheim let han over til stesonen Lars.

Born:

  1. Rasmus Danielson, f. 1721, d. 1762 på Førde. Ugift.

Då Ingeborg Torgeirsdtr. for andre gong vart enkje overlet ho bruket i Førde til sonen Lars i 1728, og ho gifta seg i 1729 med Rasmus Jonson Frøystad, og flytta dit.

Lars Rasmusson

Lars Rasmusson, f. 1703, vart gift i 1721 med Brite Axelsdtr. Sætre. Dei brukte gard på Håheim 1721-1728, før dei kom attende til Førde.

Borna:

  1. Magli Larsdtr., fd. ca. 1723, død 1795. Gift 1746 med Anders Rasmusson Bogstad
  2. Anne Larsdtr., fd. 1731, død 1764. Gift 1755 med Gabriel Larsson Egge.
  3. Rasmus Larsson, fd. 1726, død 1732.
  4. Axel Larsson, fd. 1728 Gift 1756 med enkja Agate Jakopsdtr. Gåsemyr (1730-1790). Agate var fødd på Paulen i Jølster, ho vart i 1752 gift med Samuel Olson Veiteberg. Bruket i Gåsemyr overtok ho og mannen etter ekteparet Marte Olsdtr. (frå Veiteberg, søster til Samuel) og Torleiv Jakopson Paulen (bror til Agate). Axel og Agate var brukarar på Gåsemyr til 17.. . Andre gongen gift i Jølster 1792 med Lisbet Olsdtr. Nedrebø, enkje etter klokkaren Knut Jensson i Jølster.
  5. Rasmus Larsson, fd. 1733, død
  6. Knut Larsson, fd. Kvile
  7. Kari Larsdtr., fd. 1735, død 1807. Gift med Rasmus Pederson. Dei overtok bruket på Gåsemyr etter broren Axel.
  8. Rasmus Larsson, fd. 1740, d. 1759.
  9. Ingeborg Larsdtr., fd. 1747 Gift 17 med Johannes Tordson Fygle, Jølster.

Jeremias Knutson Førde

Jeremias Knutson Førde, fd. 1691, d. 1768. Fekk skøyte på bruket i 1713. Gifta seg i 1715 med Brite Hansdtr. Sandnes (1691-1751), dotter av lensmann Hans Crispinusson Sandnes i Jølster. Han vart gift andre gongen i 1756 med Gullborg Hundskor.

Borna:

  1. Anne Jeremiasdtr., fd. 1716, død 8 dagar gammal.
  2. Johanne Jeremiasdtr., fd. 1718, død 1785 på Klakegg. Gift
  3. Anne Jeremiasdtr., fd. 1720, død på Rød. Gift med Sjurd Rød.
  4. Nils Jeremiasson, fd. 1722, død 1811 på Førde. Gift 1754 med enkja Randi Nilsdtr. Bolset (1712-1776). Gift andre gong 1778 med Helge Larsdtr. Myklebust (1757-1831), Jølster.
  5. Rasmus Jeremiasson, fd. 1724, må vere død som spebarn.
  6. Hans Jeremiasson, fd. 1726, død 1777 på Søgnesand. Gift 1761 med enkja Barbara Torleivsdtr. Søgnesand (1711-1789). Dei var søskeneborn. Barbara var dotter til lensmann i Jølster Torleiv Hansson Bjørset (og Berte Marie Ovesdtr). Lensmannen var bror til Brite Hansdtr. Hans og Barbara fekk ingen born.
  7. Marthe Jeremiasdtr., fd. 1728, død Byrkjelo. Gift 1750 med Steffen Tordson Byrkjelo.
  8. Knut Jeremiasson, fd. 1729, død 8 dagar gammal.
  9. Knut Jeremiasson, fd. 1731, død 1764 Årdal i Jølster. Gift 1760 med Anne Hansdtr. Fuglestrand. Dei kjøpte seg gard i Årdalen 1760. Dei fekk to søner.
  10. Berte Marie Jeremiasdtr., fd. 1733, død 1816 på Skrede. Gift 1751 med Sakkarias Eliasson Skrede. Mange born.

***************

Av Yngve Nedrebø, Statsarkivar i Bergen