Vilhelm Bjerknes

Vilhelm Bjerknes

Vilhelm Bjerknes er grunnleggjaren av den såkalla Bergensskolen . Dette var eit fagmiljø i meteorologi ved Geofysisk institutt i Bergen. Instituttet vart oppretta i 1917, og Bjerknes var professor der frå oppstarten. Her la han grunnlaget for den moderne vêrvarslinga. Medan Vilhelm Bjerknes vart leiande innanfor forskinga og utviklinga av ein ny type vêrvarsling, vart sonen hans, Jack Bjerknes, leiar for den nye vervarslingstenesta - seinare kjend som Vêrvarslinga på Vestlandet. 

I 1943 gav Vêrvarslinga på Vestlandet ut eit festskrift for å markera 25-årsjubileet. Der kan me mellom anna lese orda til Vilhelm Bjerknes om korleis det heile starta. Det teoretiske grunnlaget for vêrvarslinga var komme godt i gang allereie i Leipzig, då Bjerknes arbeida der. Kunne det vera råd å utvikla ei effektiv varsling ved Geofysisk institutt i Bergen? Bjerknes skriv sjølv: 

Vi var skyllet i land på Europas stormfulleste og i meteorologisk henseende begivenhetsrikeste kyst, hvor befolkningen siden istiden hadde levet i evig kamp mot og evig iakttakelse av været. (...) Ved en kyst og i et miljø hvor vi visste at enno sådanne folkelige værkyndige fostredes, burde vårt arbeid ha visse sjanser, forutsatt at vi rene teoretikere kunde utvide vårt arbeid til også å omfatte praktisk værvarsling. Og kunde en effektiv værvarsling komme i stand, så var det en stor sak for næringer som landbruk og fiske under den stigende matnøde i landet. 

("Vêrvarslinga på Vestlandet 25 år ", side 12 )

I tillegg til artikkelen av Vilhelm Bjerknes finn me også artiklar om korleis vêr- og stormvarslinga har utvikla seg frå 1917-1943, saman med oversyn over det vitskapelege arbeidet som er gjort ved instituttet. Dessutan kan me lesa om instituttets 25-årige historie.