Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Søndag 12. november 1939, litt før klokka 12 på formiddagen, nærmar eit skip seg Brønnøysund. Det er ”stille, fint siktbart veir”, og måsane skrik frå alle kantar. I sær omkring dette skipet, for det er lasta med fisk frå Barentshavet.

Framme i baugen er namnet prenta med store svarte bokstavar: ”Adolf Hitler”. Rett før passering av Væreøya vert det gjeve ordre til maskinen om å redusere til halv fart. Adolf glir roleg i retning av det vestre løpet, det er iallfall det han trur, men losen har blanda i hop to ulike vardar, den på Åboskjæret og den på Odinskjæret. Då feilen er oppdaga, vert motoren sett i full revers - men det er for seint, Adolf Hitler går rett på Åboskjæret.

Ein kan vel kanskje seie at det ikkje var kvar dag Adolf Hitler kom til Brønnøysund, men Adolf Hitlers førar, kaptein Willy Stengel, var ikkje nokon førstreisdreng i desse farvatna. Losen Oswald Larsen hadde god kjennskap til Stengel frå strekninga Honningsvåg - Løddingen, og ein må tru at det var årsaka til at kaptein Stengel kontakta Larsen for oppdraget. Det hadde seg nemleg slik at det ikkje var sertifisert los å oppdrive i det aktuelle tidsrommet. Korkje Larsen eller Lorents Warholm, den andre losen om bord, hadde sertifikat for annan strekning enn Honningsvåg – Løddingen, noko dei åtvara kaptein Stengel om. Men Stengel ville ha dei med, han tenkte nok det var betre med noko enn ingen. Warholm hadde reist gjennom Brønnøysund som skipper i 10 år, og budd fast på same stad. Larsen hadde vore med på tre reiser frå Løddingen til Kopparvik, med den hensikt å lære seg farvatnet. Begge var altså godt kjende i området, men det var kaptein Stengel og. 

Samstundes som Adolf Hitler ligg der med nasen i veiret, ligg Bjergningsdampar Jason i Kristansund med full bemanning og dampen oppe, klar for eventuelle bergingsoppdrag. Dei får ein telefon frå kontoret i Trondheim kl 1330 om at trålaren Adolf Hitler ligg på grunn i Brønnøysund og ynskjer assistanse. Kaptein Helseth og hans mannskap kastar trossa på land medan 1ste maskinist Eriksen aukar omdreiingane. Vinden står på nordvest og aukar gradvis til kuling , men styrmann Høviskeland fører båten trygt fram til Storfosen, der dei ankrar opp for natta. Stormen fortsette neste dag, men Jason styrer fint gjennom og kjem til Brønnøysund kl 2005 på kvelden. 

”Der blev opprettet kontrakt med s/tr ”Adolf Hitler”s fører kaptein Stengel om flottbringelse av tråleren”  

Frå her startar bergingsarbeidet. Det er ein stor grad av detaljrikdom i beskrivinga av korleis dei trekk skipet av skjæret, mellom anna får vi lese mykje om ”varpankeret”. Fleire forsøk blir gjort på å trekke Adolf av skjæret, og kl 1430 på onsdag 15. november:

”blev atter hevet kraftig på begge sier så wirene stod som fiolinstrenger, samtidig blev der fra Jason gitt kraftige rykketak, og under et av disse rykketak kom havaristen flott kl 1445.”  

Som eit ledd i flottbringinga, måtte Adolf Hitler losse ut all fisken dei hadde ombord. Torsdag 16. november: 

”kl 1315 forhalte Jason langs kaien for å gi plass til de fiskelastede motorkuttere så de kunde begynde å laste fisken ombord i tråleren igjen. Imidlertid blev der oplyst fra tollkontoret at skulde fisken taes inn igjen måtte Adolf Hitler innklareres. Da dette vilde være for kostbart i forhold til den verdi den opplossede fisk hadde, og man ikke havde større bud enn kr 20 fikk på fisken, blev man enige om å sende mannskap med kutteren ut og dumpe lasten på dypt vann. Fisken kunde ikke selges i land til annet enn guano.”  

Grunnstøytinga til Adolf Hitler er ei ganske interessant historie, om ein liker å spekulere i årsak og hending. Korleis kunne to erfarne losar gjere ein sånn feil i fint vær og god sikt? Det er kanskje ein plausibel forklaring at det var ein menneskeleg svikt. Men at Adolf Hitler ikkje fekk laste opp igjen fisken utan å måtte fortolle og såleis ende med stort tap, kan ikkje vere heilt tilfeldig. tidspunktet tatt i betraktning. Tyskland var allereie i full krig på kontinentet, og det er lett å tenkje seg at det fantes mindre nøytrale krefter rundt omkring i det vidstrakte ”nøytrale” Noreg. Og om tollkontoret elles ikkje er den mest populære etaten i staten Noreg, så var dei nok det i Brønnøysund den påfølgande veka. 




.