Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Perioden før 1755

I perioden før fattigforordninga for Bergen stift vart vedteke hadde ein ikkje noko sentralt regelverk for korleis ein skulle ta hand om dei fattige i stiftet. Det var difor opp til lokale styresmakter og lokalsamfunnet å ta hand om sine fattige som best dei kunne. Det er ikkje grunn til å tru at dei fattige fekk det så mykje betre etter 1755, men det er lettare å dokumentera kva som vart gjort då kjeldene etter 1755 er fleire og meir omfattande.

Før 1755 er det få kjelder som finst av opplysningar om dei fattige. Ein finn rekneskap og ein del lister over innsette på ein del fattighus i arkivet til Stiftamtmannen i Bergen. Det er i tillegg bevart ein del lister over legder, over innsamla pengar og ein del lister over fattige. Opplysningar om dette er ofte å finna i prestearkiva på statsarkiva.


1755-1845

Arkivet til overkommisjonen
Med stiftsforordninga fekk ein lokale fattigkommisjonar i prestegjelda, og ein overkommisjon som skulle føra kontroll med dei lokale kommisjonane. Kontrollfunksjonen overkommisjonen hadde andsynes dei lokale kommisjonane baserte seg for det meste på innsende rekneskap og lister, ikkje ved at medlemmar av overkommisjonen fysisk var tilstades i prestegjelda. Arkivet til overkommisjonen inneheld difor for det meste materiale som er sendt inn frå dei lokale kommisjonane. Mesteparten av dette materialet er innsende rekneskap som finst for store delar av stiftet i perioden frå 1756-1798. Unntaket er at rekneskap frå det meste av Sunnhordland manglar for store delar av perioden.

fattigstønadsliste

Liste over personar som vart tildelt fattigstønad i Borgund prestegjeld 1800.

Desse rekneskapa inneheld opplysningar om fattigkommisjonen sine inntekter og utgifter. På inntektssida er det tatt med opplysningar om kven som betalte til fattigkassa og eventuelle inntekter av legat eller stiftingar i prestegjeldet. Utgiftssida i rekneskapa er likevel den mest spennande, då det er her det vert gjeve opplysningar om kven dei fattige i prestegjeldet var og korleis dei vart forsørgja. I tillegg er det ofte opplyst korleis tavle- eller blokkpengane vart fordelte mellom dei fattige. Dei innsende rekneskapa inneheld altså eigentleg dei same opplysningane som finst i dei såkalla fattigprotokollane som både vart ført og oppbevart av dei lokale kommisjonane. Variasjonen i måten dei innsende rekneskapa er ført på og graden av detaljar i dei, er like stor som i fattigprotokollane. Denne delen av overkommisjonen sitt arkiv er på Statsarkivet i Bergen.

Overkommisjonen fungerte også som lokal fattigkommisjon for Bergen by. Dei protokollane som gjev best opplysningar om dei fattige som var heimehøyrande i byen, varierar ein del frå periode til periode. Før dei byrja å føra manntalsprotokollar i 1849, er det utdelingsbøkene og almisseprotokollane som gir best opplysningar om kvar einskild fattig. Desse inneheld om lag den same informasjonen. Begge desse protokolltypane har med namna på dei fattige, og opplysningar om kva for stilling dei hadde, adressa, og nokon gongar årsaka til at dei trong stønad. Det er også oppgitt kva dei får i pengestøtte kvar månad, og i tillegg vert det opplyst om dei vart innlagde på sjukehus, om born vart sett ut til fosterforeldre eller liknande.

utdelingsbok fra overfattigkommisjonen

Utdelingsbok i arkivet til Overfattigkommisjonen.

Dei fattige er i utdelingsbøkene og almisseprotokollane inndelte i grupper. Gruppene varierar litt utetter i tid. I byrjinga er det berre to grupper: "De paa Landet til Opfostring, hensadte Fattige Børn", og alle dei andre. Seinare er inndelinga slik innanfor kvart kyrkjesokn: Lønn (til dei tilsette), barn utsatt på landet, vaksne almisselemmer med og utan barn som var utsatt på landet, barn utsatt i byen, vaksne almisselemmer med og utan barn (i byen), og nye almisselemmer.

I ettertid har det tydelegvis vore vanskeleg å skilja mellom overfattigkommisjonen si rolle som overkommisjon i stiftet og fattigkommisjon i Bergen. Dette har ført til ei uheldig deling av arkivet til overfattigkommisjonen, der delar av arkivet vert oppbevart på Statsarkivet i Bergen, medan andre delar er på Bergen byarkiv. Dessverre har det også skjedd splittingar innanfor einskildseriar, slik at ein til dømes må vitja både Bergen byarkiv og Statsarkivet i Bergen for å leita gjennom heile rekkja av utdelingsbøker. Medan ein finn dei innsende rekneskapa er på Statsarkivet i Bergen, må ein vitja Bergen byarkiv for å leita fram korrespondansen mellom dei lokale kommisjonane og overkommisjonen. (På Bergen Byarkiv er arkivet til Overkommisjonen integrert i Bergen fattigvesen. Dette arkivet inngår igjen som ein del av det som vert kalla Statsportarkivet). Me får tru at denne delinga av arkivet vil verta ordna opp i, og at heile arkivet med tida vert samla ein stad.

Arkiva til soknekommisjonane
Dei aller fleste stadene førte soknekommisjonen berre ein einaste protokoll, ofte kalla fattigprotokoll. Sjølv om det er lokale variasjonar i korleis fattigprotokollane vart førte, er innhaldet i dei mykje det same. Protokollane var referatprotokollar frå møta i fattigkommisjonane, og det meste som vart drøfta og fastsett vart også nedteikna. På denne måten inneheld fattigprotokollane ofte opplysningar om mellom anna legdsinndelinga, utlikning av fattigskatt, lister over dei fattige, kopiar av både inn- og utgåande brev og rekneskap for fattigvesenet. Kor detaljerte opplysningar fattigprotokollane gjev om kvar einskild fattig varierer frå prestegjeld til prestegjeld. Nokon gongar er det berre oppgitt namn på den fattige, andre gongar er det og tatt med opplysningar om alder, helse- og formuestilstand.

På landsbygda var soknepresten formann i fattigkommisjonen. Fordi han ofte var den klart mest skrivekunnige i lokalsamfunnet, fungerte han ofte både som formann, sekretær og rekneskapsførar i fattigkommisjonen. Han førte protokollane, sette opp rekneskap og tok hand om korrespondansen. Mange prestar såg rolla som leiar i fattigkommisjonen som noko som følgde med embetet, og skilde ikkje mellom denne rolla og prestefunksjonen. Fordi fattigprotokollen som oftast vart ført i pennen av presten som formann i kommisjonen, finst slike fattigprotokollar til vanleg i prestearkiva ved statsarkivet. Dersom ein slik protokoll likevel ikkje finst i prestearkivet, er det ikkje grunn til å fortvila. Jamvel om dette er å rekna som statlege arkivsaker, er arkiva etter fattigkommisjonane ofte oppbevarte saman med dei kommunale arkiva. Fattigprotokollane for prestegjelda i Sogn og Fjordane fylke er oftast oppbevart i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. For nokre distrikt ser det diverre ut til at protokollen er gått tapt. Som nemnd kan då materialet som vart innsendt til overkommisjonen vera ei god erstatning, dersom dette finst.

Dei uverdige fattige
Opplysningar om inkvisisjonane kan finnast fleire stader i arkiva. Først og fremst vil ein kunna finna spor etter inkvisisjonar i fattigprotokollane for kvart einskild prestegjeld. I tilfelle der dei som vart pågripne under inkvisisjonen hadde gjort seg skuldige i så grove brotsverk at det var naudsynt med vanleg rettargang, kan ein finna opplysningar om inkvisisjonar i tingbøker eller ekstrarettsprotokollar i sorenskrivararkiva. Det normale var derimot å framstille dei som vart fanga opp av inkvisisjonen for sorenskrivaren, "som strax uden Process, Vitløftighed og Bekostning derudi skal kiende hvad Ret er" Dette forklarer kvifor opplysningar om dei fleste inkvisisjonane manglar i arkiva.

Uverdige fattige som vart fanga opp av inkvisisjonane vart gjerne sette inn på Tukthuset i Bergen. Det vart også uverdige fattige i Bergen plasserte. Det finst ein heil del arkivsaker etter Tukt- og manufakturhuset i Bergen, og mesteparten av desse er å finna i Statsarkivet i Bergen. Noko av det mest interessante i dette arkivet, er protokollane over innsette eller av- og tilgangslistene, som dei vart kalla. Desse byrjar først i 1771, men inneheld opplysningar om innsette attende til 1766. Protokollane er ført på same måte til i 1782. Frå denne tid er det berre oppgitt namn på dei innsette, kva tid dei kom inn og kva tid dei vart sluppe ut av anstalten. I dei tidlegare protokollane står det òg kvar dei kom frå og kvifor dei var innsette.


Fattiglovene på 1800-talet

Påbod om arkivhald og protokollføring
Dei nye fattiglovene gav retningsliner for kva for protokollseriar fattigkommisjonane skulle føra. I følgje lovene frå 1845 var dei obligatoriske protokollane var " a) en Forhandlingsprotocol, der ved hvert Mødes Slutning underskrives af samtlige tilstædeværende Medlemmer; b) En Journal, hvori alle indkomne Sager exstractviis indføres; c ) en Copibok for afgaaende Breve ". I tillegg skulle dei føra såkalla manntalsprotokollar over dei fattige dersom fattigkommisjonen meinte det var naudsynt. Fattigkommisjonane skulle også føra rekneskap over inntekter og utgifter, og dei skulle halda oversikt over kven som trong støtte og kven som ikkje lenger trong det, men det var opp til dei einskilde kommisjonane å avgjera korleis dei ville halda oversikt over dette.

Fattiglovene av 1863 gav omlag dei same krava for føring av protokollar som lovene frå 1845. Ein forskjell var at det no vart kravd at det skulle førast manntalsprotokollar i byane, medan det framleis skulle vera valfritt for landkommunane. I rundskriv frå departementet av 1. november 1864 vart også landdistrikta oppfordra til å føra manntalsprotokollar, og som eit resultat av dette byrja også mange landkommunar å føra slike protokollar.

Manntalsprotokollane
Dei såkalla manntalsprotokollane, som er lister over alle dei personane som mottok ein eller annan form for stønad frå fattigvesenet, er blant dei viktigaste kjeldene om dei fattige. For Bergen finst desse protokollane heilt attende til 1846, medan dei frå landsbygda vert vanlege etter 1863.

Desse protokollane inneheld trykte skjema, eitt for kvar av dei ulike gruppene av fattige. Alle dei fattige skulle førast inn med namn, bustad, fødselsår, heimstavn. I tillegg skulle det førast namn på eventuelle fosterforeldre eller pleiefolk, forsørgingsmåte, storleik på stønaden og tidspunkta for utbetaling av stønaden. I dei tilfella det var barn som mottok stønad, skulle foreldra sitt namn også vera med. Fordi alle personar som mottok stønad skulle førast inn i protokollane, er det svært enkelt å få oversikt over talet på personar som fekk stønad, og kva for grupper som mottok stønad. Likevel er det særleg mengda av opplysningar om kvar einskild person som gjer protokollane til ei unik kjelde.

I samband med markeringa av fattigforordninga sitt 250-årsjubileum, har Byarkivet i Bergen henta fram protokollane frå perioden 1864-1895 som har vorte digitaliserte ved Statsarkivet i Bergen. Desse protokollane omfattar tilsaman over 20 000 namn.

Arbeidsanstalten
For tvangarbeidsavdelinga, gjerne kalla Tvangsarbeidsanstalten eller Tvangen, finst det lister over dei innsette i perioden frå 1843 til 1889. I tillegg til opplysningar om namn, fødestad, alder og periode for innsettinga, skulle også opplysningar om augefarge, høgd, lekamsbygnad og andre særkjenne førast. Protokollane for perioden 1843 til 1875 er dataregistrerte og lagt ut på Internett i Digitalarkivet .

Protokollane over dei innsette på Tvangsarbeidsanstalten manglar opplysningar om årsak og bakgrunn for innsetjinga. Protokollane over dei innsette gjev berre opplysningar om kven som initierte innsetjinga. I dei tilfella politiet stod bak innsettinga vil ein ofte finna opplysningar om årsak til innsettinga i forretningsjournalane i arkivet til politimeisteren i Bergen. Denne protokollrekkja byrjar først i 1856. Før dette kan ein i nokre tilfelle finna tilsvarande opplysningar i kopibøkene til politimeisteren i Bergen.

I arkivet til Arbeidsanstalten i Bergen finst det ikkje protokollar over innsette på tvangsarbeidsanstalten lenger fram enn til 1889, bortsett frå at lister for einskilde år ligg saman med korrespondansen til fattigvesenet. Frå og med 1894 var Tvangsarbeidsanstalten pålagt å senda inn lister over dei innsette til Fengselsstyret i Justisdepartementet, og dette arkivet kan såleis fylla ut ein del lakuner i Tvangsarbeidsanstalten sitt eige arkiv.

Det finst lister over lemmane på fattigavdelinga på Arbeidsanstalten i perioden frå 1843 til 1883. Desse inneheld opplysningar om mellom anna namn, alder, fødestad, kva handverk dei kunne, når dei kom inn, kor lenge dei skulle vera der og når dei vart utskrive. Det er også gjeve opplysningar om kven som initierte innsetjinga. I dei aller fleste tilfella var dette fattigkommisjonen, då innsetjinga gjerne kom i stand etter at dei hadde søkt om fattigstønad utan at søknaden vart innvilga. I staden fekk dei tilbod om å ein plass på fattigavdelinga på Arbeidsanstalten. Den føregåande serien som i katalogen er kalla Hovedregister går berre fram til 1883. For dei neste åra finst det lister over dei innsette i to protokollar merka "Vedkommende Arbeidsanstaltens Fattiglemmer" som dekkjer perioden 1881-1887.

Arkivet til Fattigvesenet i Bergen, som arkivet etter Arbeidsanstalten i Bergen er ein del av, er på grunn av ufullstendige og dels manglande lister vanskeleg tilgjengeleg. Først når arkivet er ordna, vil det vera mogleg å få ei fullgod oversikt over innhaldet i dette arkivet.

Mindre samanblanding mellom prestearkiv og kommunearkiv
Etterkvart som presten si rolle som sjølvskriven formann i fattigkommisjonen forsvann, vert også samanblandinga mellom prestearkiva og soknekommisjonsarkiva mindre. Utover i andre halvdel av 1800-talet vil derfor det meste av arkivet til soknekommisjonen vera å finna i kommunearkiva. I tillegg til manntalsprotokollane er det særleg korrespondansen, rekneskapet og rekneskapsvedlegga som inneheld mest opplysningar om dei fattige.


Heimstavnsforklaringar

Heimstavnsrett er eit omgrep som har vore sentralt i fattigpleia langt attende i tid. Veldig enkelt kan det definerast som det fattigdistriktet der ein i naudstilfelle hadde krav på fattigstønad, men reglane for kor lenge ein måtte bu på ein stad før ein fekk heimstavnsrett har variert frå to til tre år.

I dei tilfella der var tvil om kvar ein person hadde heimstavn, skulle det takast forhøyr av vedkomande for å avgjera dette spørsmålet. Til vanleg inneheld heimstavnsforhøyra opplysningar om kvar og når vedkomande var fødd, kven foreldra var, om eventuell ektefelle og born, kvar vedkomande hadde budd og om alle stader han eller ho hadde arbeidd. På grunn av reglane om at ein kunne erverva seg ny heimstavn, var det svært sentralt å tidfesta alle dei hendingane det vart spurt etter. Heimstavnsforhøyra framstår på denne måten som livsløpshistorier, med ei rekkje opplysningar som ikkje er råd å finna andre stader. Døme på heimstavnsforhøyr .

Heimstavnsforhøyra finst dels mellom korrespondansen til fattigvesenet. I tillegg finst åtte protokollar med heimstavnshøyr frå perioden 1854-1883 i arkivet til Politimesteren i Bergen. Desse protokollane er scanna og laga register til.

Fattiglova av 1900 bestemte at det skulle brukast trykte skjema til heimstavnsforhøyr, og med dette vart forhøyra meir standardiserte. Heimstavnsforhøyra frå denne perioden kan ein finna i eigne protokollar i kommunearkiva. Det er likevel sjeldan at me finn protokollar som dekkjer heile perioden frå fattiglova vart sett i verk og fram til heimstavnsretten vart avvikla. I dei fleste kommunearkiva finst berre protokollar for delar av perioden.


1900-talet

19. mai 1900 vart det vedteke ei ny fattiglov som erstatta fattiglovene av 1863. Lova av 1900 slo fast at kvart fattigstyre skulle føra forhandlingsprotokoll, dagbok, kopibok og " Fortegnelser over understøttede trengende ". Den sistnemnde protokollen er ei vidareføring av dei tidlegare manntalsprotokollane, og skal vera oversikter over alle som fekk tildelt ein eller annan form for stønad. Protokollane over understøtta trengande personar inneheld trykte skjema, eitt for kvar av desse gruppene: fast understøtta personar over 15 år, mellombels understøtta personar over 15 år, og born under 15 år som vert understøtta av andre personar enn foreldra. Den tidlegare inndelinga i fattigklasser fall altså bort.

Lausgjengarlova som vart vedteken 31. mai 1900 skilde ut dei tyngste og mest "uverdige" fattige frå fattiglova. Desse ørkeslause, drukkenboltane som var i stand til å arbeida, men ikkje ynskte det skulle frå no av kunna dømmast til tvangsarbeid i statlege tvangsarbeidsanstaltar. I motsetning. Lausgjengarlova vart først sett i verk i 1. august 1907, og i mellomtida gjaldt føresegnene i dei gamle fattiglovene. Det er såleis først etter 1907 at ein kan finna rettsavhøyr og dommar som gjaldt innsetjing i tvangsarbeidsanstalten.

Kjeldene som gjeld dei fattige er sperra i 80 år. For å sjå nyare materiale må ein difor søkja om innsyn.




.