Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Fattiglovene av 1845

I 1845 vart det vedteke to fattiglover - ei for byane og ei for landdistrikta - som saman regulerte fattigstellet i heile landet. Desse lovene erstatta dei fire stiftsforordningane frå førre hundreår.

Dei fattige vart delte inn i klassar
Fattiglovene av 1845 delte dei fattige inn i klassar. Første klasse var gamle, sjuke, personar med " Legems- eller Forstands-Feil " og andre som ikkje kunna tena til eige opphald. Andre klasse var foreldrelause born eller born med foreldre som ikkje kunne ta hand om dei, og tredje klasse omfatta personar som ikkje tente nok til å ta hand om seg sjølve eller familien. Dei fattige i første klasse skulle få stønad anten i naturalia eller i pengar, medan born som høyrte til den andre klassen, skulle setjast bort til oppfostring. Personar som vart rekna til tredje klasse skulle også få stønad, først og fremst i naturalbidrag. I tillegg til desse gruppene, omfatta fattiglovene også personar som "ere hengivne til Ørkesløshet eller Drukkenskab og ikke kunne lovlig ernære sig".

Fattigstellet på landsbygda
Dei nye fattiglovene innførte ei rekkje nye prinsipp på det organisatoriske plan. Dei lokale kommisjonane skulle halda fram, og soknepresten eller residerande kapellan skulle vera ordførar i kommisjonen. Elles skulle kommisjonen bestå av så mange valde medlemmar som formennene eller representantane fastsette. Overkommisjonane si rolle som overordna instans for fattigkommisjonane vart derimot fjerna. Samstundes vart også stiftsdireksjonen si rolle som kontrollorgan mykje mindre vektlagt i lovtekstane. Lovtekstane la vekt på at det var lokalsamfunnet og kommunen som hadde ansvar for dei fattige, og dei skulle langt på veg kunna avgjera korleis dei ville forsørgja sine eigne fattige. Som naturleg var, førte denne fridomen til at det var kommunen sine ressursar som vart avgjerande for korleis fattigstellet vart ordna lokalt. Dette førte også til dels store skilnadar frå kommune til kommune.

Fattigvesenet i byane
Bergen var lenge den einaste byen i stiftet som kom inn under fattiglova for kjøpstadane. Organisatorisk var fattigvesenet i kjøpstadane ordna noko annleis enn fattigkommisjonane på landsbygda. I byane skulle ein magistratsperson vera ordførar, medan presten og så mange medlemmar som kommunestyret bestemte, skulle vera medlemmar i kommisjonen. Prestane hadde difor ei mykje mindre framtredane rolle enn på landsbygda. Heller ikkje magistraten som leiar av kommisjonen i byane fekk den same dominerande rolla som soknepresten hadde på landsbygda.

arbeidsanstalt i bergen

Arbeidsanstalten i Allehelgensgate i Bergen

Arbeidsanstalten
Fattiglovene av 1845 gav kommunane høve til å oppretta arbeidsanstaltar som ein del at fattigstellet, på same måte som tukthusa var ein del av fattigforordningane på 1700-talet. Tukthusa hadde sidan den gong gradvis gått frå å vera kombinerte arbeids- og straffanstaltar, til å verta stadig meir nytta som straffanstaltar. Frå og med straffelova av 1842, var tukthusa utelukkande nytta som straffanstaltar. Arbeidsanstaltane som fattiglovene opna for, kunne såleis fylla eit tomrom. Dei var anstaltar der styresmaktene ved eit enkelt administrativt vedtak kunne plassera mellom anna betlarar, ørkeslause og arbeidsføre personar som utan lovleg inntekt. Bergen hadde oppretta ein liknande anstalt allereie i 1814. Anstalten vart ganske snart ei økonomisk byrde og vart lagt ned ein gong på 1830-talet. Det finst to protokollar over dei innsette på anstalten på 1830-talet. Bortsett frå desse, vil det vera mogleg å finna ein del opplysningar om anstalten i denne perioden i korrespondansen og søknadene til fattigkommisjonen i byen. 1843 vart Arbeidsanstanstalten gjenopna med ei fattigavdeling og ei tvangsarbeidsavdeling. Ein vesentleg forskjell mellom desse avdelingane var at opphald på fattigavdelinga skulle vera frivillig. Innsetjing på tvangsarbeidsavdelinga skjedde derimot etter at styresmaktene hadde føretatt ei administrativ avgjerdsle om innsetjing, men ein kunne ein også be om å verta sett inn her. Klientellet på desse to anstaltane var dels overlappande, og "ørkesløshet" var blant kriteria for innsetjing i begge avdelingane. Frode Ulvund hevdar at graden av "ørkesløshet" og drukkenskap kan ha vore avgjerande for kva for anstalt ein skulle setjast inn i.


Fattiglovene av 1863

Berre få år etter at fattiglovene av 1845 var sett i verk, vart det sett ned ein kommisjon som skulle arbeida med utkast til eit nytt fattiglovverk. Dette arbeidet resulterte i fattiglovene av 1863. Som tidlegare vart det ei lov for byane og ei for landdistrikta. Desse lovene var som dei føregåande eit sterkt uttrykk for det Anne-Lise Seip kallar " det kommunalistiske prinsipp ". Ansvaret for dei fattige vart plassert lokalt, og kvar kommune skulle ha fridom til å tilpassa fattigstellet til dei lokale tilhøve. Ein viktig forskjell frå dei førre lovane, var at plikta til å hjelpa var innskrenka, og dei fattige hadde heller ingen klagerett.

fattiglem

På landsbygda var det vanleg at dei fattige vart plasserte i legd. På biletet ser me ei eldre legdskvinne frå Sogn og Fjordane.

Dei ulike klassane av fattige
Også i dei nye lovene vart dei fattige delte i klasser, men inndelinga var noko endra frå lovene av 1845. Første klasse omfatta no "vanvittige" og foreldrelause born under 15 år, medan gamle, vanføre og sjuke no var plasserte i andre klasse. Tredje klasse omfatta arbeidsføre og friske folk, men til forskjell frå tidlegare skulle desse normalt ikkje få stønad.

Fattigvesenet på landsbygda
Den nye fattiglova for landdistrikta endra ikkje mykje når det gjaldt organiseringa av fattigvesenet lokalt. Fattigkommisjonen skulle halda fram som før. Ei endring var likevel at leiaren, eller ordføraren som han vart kalla, i fattigkommisjonen no skulle veljast blant medlemmane, men soknepresten skulle framleis ha fast plass i kommisjonen. I praksis var likevel alt ved det gamle, då presten svært ofte vart vald til leiar i kommisjonen. Endringa i 1863 førte likevel til at presten si rolle som leiar i kommisjonen vart mindre sjølvsagt

Fattigvesenet i byane
Fattigvesenet i byane skulle framleis styrast av ein fattigkommisjon. Fattigkommisjonen skulle leiast av ein magistratsperson eller, dersom kommunen fann det føremålstenleg, ein person i ei lønna stilling. Dei andre medlemmane i fattigkommisjonen skulle vera soknepresten eller ein anna geistleg embetsmann, og elles så mange medlemmar som fattigkommisjonen fastsette. Fattigkommisjonen i byane skulle dela byen inn i fattigdistrikt, som igjen skulle delast i så mange underdistrikt som fattigkommisjonen meinte var naudsynt. I kvart distrikt skulle det veljast ein fattigtilsynsmann, og i tillegg skulle det veljast ein fattigrodemeister for kvar rode. Desse skulle halda tal på dei fattige, føra tilsyn og foreslå for kommisjonen kven som burde få stønad.


Mot slutten av 1800-talet

U tskiljing av grupper
Lovverket frå 1863 stod ved lag fram til ei ny fattiglov for heile landet vart sett i verk i 1900. I andre halvdel av 1800-talet skjedde likevel ein del endringar som fekk følgjer for fattigstellet. Fleire og fleire grupper vart skilde ut frå fattigvesenet sitt ansvarsområde, og overførte til nye organ. Slik vart oppgåvene til fattigvesenet meir og meir spesialiserte. I løpet av første halvdel av 1800-talet byrja helsevesenet å veksa fram, og dei sette i verk førebyggjande og kontrollerande tiltak som skulle betra helsetilstanden i landet. I 1892 vart det vedteke ei lov som gav Sunnhetskommisjonen i kvar kommune i oppgåve å føra tilsyn med pleieborna. I 1896 vart verjerådslova vedtatt, og det vart oppretta verjeråd i kvar kommune som fekk ansvaret for forsømte born. Dette var berre byrjinga. Utskiljing av stadig fleire grupper frå fattigvesenet er noko av det som kjenneteikna fattigvesenet også i det neste hundreåret.



.