Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Utdelingsprotokoll frå arkivet til Overkommisjonen i Bergen

Som fattigkommisjon for Bergen by, var det Overkommisjonen si oppgåve å halda kontroll over alle dei fattige i Bergen, og å sørgja for at dei fattige fekk det dei trong og hadde krav på. Til hjelp i dette arbeidet førte Overkommisjonen såkalla utdelingsbøker og almisseprotokollar. Bøkene var delte inn i fleire avdelingar.Dei fattige er i utdelingsbøkene og almisseprotokollane inndelte i grupper. Gruppene varierar litt utetter i tid. I byrjinga er det berre to grupper: ”De paa Landet til Opfostring, hensadte Fattige Børn”, og alle dei andre. Seinare er inndelinga slik innanfor kvart kyrkjesokn: Lønn (til dei tilsette), barn utsatt på landet, vaksne almisselemmer med og utan barn som var utsatt på landet, barn utsatt i byen, vaksne almisselemmer med og utan barn (i byen), og nye almisselemmer.

Biletet nedanfor viser ei side i ein utdelingsprotokoll for Bergen frå 1798. På denne sida ser me nokon av dei "Udi Byen til Opfostring Udsadte Børn ". Namnet på barnet og personen som har barnet til oppfostring står til venstre. Til høgre står summen som fosterfamilien fekk tildelt for kvar månad.



.