Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Etter opptak frå Kulturavdelinga sette Hordaland fylkeskommune i mai 1985 i gang ein fylkesomfemnande innsamlingsaksjon av krigsminne frå 1940-1945. Tiltaket var lekk i fylkeskommunens markering av 40-årsminnet for frigjeringa 8. mai 1945. Aksjonen vart administrert av fylkeskultursjefen i samråd med førsteamanuensis Anders Bjarne Fossen, Historisk institutt, Universitetet i Bergen.

Torgalmenningen i Bergen i forbindelse med frigjøringen 1945

Torgalmenningen i Bergen i forbindelse med frigjøringen i 1945. Kilde: Statsarkivet i Bergen

Då innleveringsfristen gjekk ut 15. april 1986, hadde det kome inn 197 oppgaverfrå 182 deltakarar. Deltakarane fordelte seg noko ujamnt kringom i Hordaland. Naturleg nok var dei fleste frå Bergen (34), dinest kom Stord med 30, Vaksdalmed 20, Ølen med 11 og Os og Meland med 10 kvar. Totalt var 24 kommuna rrepresenterte i aksjonen. Dessuten kom det inn 6 oppgaver frå folk busette utanfor fylket. Av dei 182 var 78 kvinner og 104 menn, og fleirtalet var mellom 20 og 40 år under krigen.

Utdrag av innsende materialet vart utgjeve i boka ”Krig og kvardag 1940-1945” med Anders Bjarne Fossen som redaktør.Hordaland fylkesarkiv vil i tida framover legge fram utdrag frå desse innsende krigsminna frå Hordaland. Nokon er å finne i boka ”Krig og Kvardag”, men vi vil i størst mogleg grad leggje fram krigsminne som ikkje tidligare er presenterte. Desse vil i den grad det er naturleg følgje det språk og skriftmåte som innsendarne har brukt.

Spørsmål og eventuelle kommentarar kan rettast til Paul Sedal ved Hordaland fylkesarkiv: paul.sedal@hordaland-f.kommune.no


Krigsminner


Ragna Røtingen frå Os:Fredsdagar

Etter det me høyrde frå dag til dag såg det ut tilat tyskarane måtte gje seg snart, dei vart pressa frå alle kantar, og då det kom bod om at Hitler var død, fatta me mot.

Så ein kveld etter eg var nedlagd høyrde eg at nokon var og tok i gangdøra, eg høyrde godt den gongen, og sansa alle lyder. Eg gjekk ned, og der stod Magnus. Han la fingeren på munnen, teikn på å vera roleg, og kom inn. Han måtte ha med seg mat og så bytte han klær og sa at han måtte gå straks, for no var det mobilisering på alvor. "Denne gongen vert det ikkje me som kapitulera", sa han. Han var rundt og såg på borna, og so gjekk han.

Den 7. mai om ettermiddagen var eg til Os. Eg kom innom "Mobergen", der Drageseth no er, der stod det fleire menn og målte opp taum til flaggline, og der var ein som sa: "I morgon heisar me opp flagget." Eg syntes dei var vågale som kunne seia slikt høgt, for der gjekk fleire tyskarar med våpen bortover Osøyro. Eg reiste utatt med "Sundtabåten" og den la til med Holmakaien. Då me kom på land møtte det meg eit syn eg aldri gløymer. På alle flaggstenger oppetter i Bruarøy var det norske flagget heist på heil stang. Det vifta raudt og friskt i ein lett bris denne vakre maikvelden. Eg stod heilt still lengje, og sa med meg sjølv: "Er det sant, er det verkeleg sant? Er Norge, landet vårt, endeleg fritt?", og eg lot tårene renna. Men nokon gledesrus kunne eg ikkje gje meg over til, det var altfor mange uløyste spørsmål enno, men litt fekk eg vita då eg kom heim, for det var dei som hadde radio framleis, sjølv om dei fleste var inndregne. Dei sa dei hadde vore i "kyrkjo", dei kalla det slik å lytta på London. Dagen etter fekk folk det travelt med å henta heim radioane sine, dei hadde vore lagra i skulehuset på Skeie, då fekk me meir orientering og fekk bekrefta at krigen var slutt. Tyskarane hadde kapitulert utan vilkår også i Noreg.

Ja, så fekk me freden og krigen var slutt
og jubelen gjekk over land.
Igjen vaia flagget så raudt og so friskt
heist opp på kvar einaste stang.
Og no laut me rydja og no laut me byggja
for ætti og landet det ville me tryggja.
Her ville me leva, her ville me bu.
Og eiga den heim som me bygde i tru.


Olav Meltvik, Osterøy: Fredsdagane

Eg var 12 år denne våren og eg kjende godt spaninga som me merka hjå dei vaksne. I land etter land kapitulerte tyskarane - ville dei gjera det her og eller ville dei halda på festning Norwegen. 7. mai rodde eg ut til Tysse for å henta far som var fri kl.17.50. Då eg kom til lands heiste bakar Torvald Eriksen flagget på motorbåten sin. Eg spurde om det ikkje var for tidleg. "Nei,no er krigen slutt, du må berre ro heim og heisa flagget! Eg kunne ikkje heilt tru på dette, og heller ikkje far trudde det då han kom i båten. Men medan me rodde innover fekk me vissa om at det var sant, for då for flagg etter flagg til topps på Tysse. Då tok far til å ro så fælt at eg trudde årane hadde brotna. Eg fekk middagen i meg i ein fart, fann fram flagget mitt og sprang til Tysse. Der møtte eg ein flokk heimefrontsoldatar som kom marsjerande frå Vetlebotn, dei for heim til Harald B. Tysse for å høyre radio. Ein motorbåt frå Tysse for utover til Fotlandsvåg der dei beslaglagde radioane var lagra. Me gjekk i spaning og venta på at dei skulle koma att, og om dei hadde radioane med. Folka på motoren song av full hals då dei runda Ystaneset, og då visste me at radioane var med. Eg fekk tak i Telefunken radioen vår og sprang lettføtt heimover Auravika. Far kom i mot meg og for inn og sette kontakt og antenne i, og tenk han var i orden. Om kvelden høyrde me nytt frå London. Dagane som fylgde kom her mange mann frå Kleiveland for å høyre radio. Dei hadde batteriradioar og det tok ei tid før dei fekk tak i batteri.Så vart det 17. mai, og den første 17. mai etter krigen gløymer ingen av dei som fekk oppleva dette. Gleda var ekte og spontan hjå liten og stor. Det var nok ikkje så oppstasa og fargesprakande 17. maitog den gongen som no i dei seinare år, men jubelen over fridomen var ubeskriveleg. Ein må ha opplevd desse dagane, og desse 5 svarte åra for å forstå korleis me kjende det.

Men tankane våre gjekk også til dei som ikkje fekk oppleva fridomen og til deira næraste.


Sofie Koppang frå Stord: Fred

Redde? Nei egentleg var me visst ikkje det. Me visste at det måtte bli invasjon av våre allierte om me skulle få att fridomen, men me hadde ikkje krigsrøynsle, og visste ikkje den gongen alt det grusomme som krig og invasjon fører med seg. Eg trur me hadde ei vissa om at Hitler-Tyskland måtte tape, fordi me og alle dei allierte stod saman og kjempa for rettferd. Og den gongen var me unge, og trudde fullt og fast at rettferd måtte vinna. Dei norske avisene kunne me ikkje tru på, dei var nazisensurerte og fortalde berre det som var til gagn for tyskerane. Men me hadde lenge høyrt av dei som lytta på engelsk radio, at dei allierte gjekk fram, og tyskerane tilbake alle stader, og frampå ettervinteren og våren 1945 var det klart for alle at no gjekk det mot slutten på denne krigen som hadde vore til ulukka for så mange menneske.

Fleire av dei me kjende hadde sine kjære i tysk fangenskap, og dei visste ikkje om dei levde, eller om dei nokon gong kom heimatt. Andre igjen hadde mist sine kjære på sjøen. To av ungdoms kameratane våre, som var på vei til England for å vera med å kjempa, forliste i Nordsjøen, og kom aldri fram. Mannen min blei spurd om å vera med til England den gongen. Han sa nei av omsyn til familien. Då me høyre om forliset var me takksame for at det ikkje var hans lagnad å missa livet i så ung alder. Me var ikkje aktive i motstandsarbeidet, men me visste at om det blei invasjon og kampar i Norge, var det vår tur til å vera med. Det var ei spennande tid desse vårmånadane 1945. Ingen av oss visste kva tyskerane kom til å gjera, når dei verkeleg måtte sjå i augo at dei hadde tapt krigen.

I kveldinga den 7. mai var småjenta vår og eg ute for å plukka blomer. Det var slik ein vakker kveld, med massevis av gul kusymre under lauvtre som nett var utsprungne. Då kom mannen min heim frå musikkøving. Han møtte oss og sa: "No er krigen slutt! Tyskland har kapitulert!" Eg kjende ei varm stille gleda, og sende ei takk til Gud, fordi freden kom til oss på fredeleg vis. Besteklær, bunader og flag vart funne fram den kvelden, og me hadde mest ikkje råd til å sova. Morgenen den 8. mai var me tidleg oppe, og små og store, gjekk me til sentrum i bygda, der musikklaget marsjerte og spelte "Sønner av Norge", og "Ja, vi elsker". Det lyste i fløymande flag frå alle flagstenger i bygda, og menn og kvinner stod i dører og vindaugo og turka gledestårer. Eg gløymer aldri denne morgenturen, 5 km til sentrum. - Med grøne bjørkegreiner og flag i hendene song me heile vegen. Eg kjende gleda inni meg og kring meg som aldri før. Og kjærleiken som fyllte hjarta mitt var retta mot alt og alle, men mest mot fedrelandet! No var det fritt! No skulle me stå saman å byggja det opp. - Gjera Norge til ein god stad å leva i!


Onar Onarheim frå Stord: Kapitulasjonen

De tyske sjefene ble nok mer enn forbauset 7. mai da de fikk beskjed fra sine overordnede i Bergen om å låse alle våpnene og ammunisjonen inn i kasemattene på festningene, og overgi nøklene og seg selv til Hjemmestyrkene på Stord under kommando av Gunnar Helgesen. Sjefen på Bjelland, som av og til hadde kommet på mitt kontor, hadde fryktet kapitulasjon i flere uker, og på tomannshånd gitt uttrykk for det. På grunn av min tysk-tale, var det jeg som på telefonen måtte tale om overgivelsen med den tyske sjefen på Stord, en samtale jeg aldri glemmer. Det ble avtalt møte på Bjelland Festning kl. 20 for å diskutere en del detaljer. Til den tid skulle alt være i orden på festningen, slik de hadde fått beskjed om fra sin sjef i Bergen. Helgesen og Hystad i Hjemmefront-uniformer, og med revolvere, og jeg i sivil, møtte opp på festningen til avtalt tid. Etter en kort samtale med sjefen og to av hans nærmeste, ble vi invitert inn i messen. Der var hele besetningen på festningen nettopp begynt å spise et festmåltid med øl til. Alle mann skulle hentes med båt dagen etter. Vi var ikke forberedt på noen "festligheter", men etter en kort rådslagning oss tre imellom, gikk vi inn. Stemningen var høy, og forbauselsen over å se oss var stor. Vi ble satt ned ved sjefens bord. og fikk hver sin seidel øl. Sjefen banket på sitt glass, og reiste seg. Han måtte banke 3 ganger for å få ro i salen, siste gang var han temmelig skarp i stemmen. Han begynte sin tale med: "Deutchland liegt am Boden…" nu var det slutt. Tyskland hadde kjempet en heroisk kamp. Nå skulle de hjem og bygge opp landet sitt osv. Han takket for at vi hadde villet være med inn, og han ville gjerne få vår bekreftelse på at hans soldater hadde oppført seg ordentlig på Stord, og håpet at vi kunne skilles som venner. Det var ikke til å unngå at jeg måtte si et par ord. Det er vel den vanskeligste "tale" jeg har holdt i hele mitt liv. Bekreftelse på soldatenes gode oppførsel på Stord kunne jeg gi ham. Jeg ønsket dem god reise hjem og håpet at Norge og Tyskland i fremtiden kunne samarbeide til felles beste, selv om jeg trodde det ville ta noe tid før følelsene etter fem års okkupasjon hadde roet seg osv. Vi brøt hurtig opp fra "selskapet", og dagen etter ble alle tyskerne ført til Bergen. Heldigvis gikk alt på Stord stille og rolig for seg.

Beretningen ovenfor som tar for seg overgivelsen av Festningen på Bjelland, er den befestningen som tyskerne refererte til som HKB 61/977 Leirvik. (HKB=Heeresküstenbatterie). Deres oppgave var å forsvare innseilingen til Stoksund og Langenuen. Samt nordre del (Nordausgang) av Bømlafjorden.

I mai 1945 stod festningen oppført med følgende våpen:
4 X 8,8cm Flak (r) Luftvernkanoner av russisk opprinnelse
1 X 4,7cm Pak (f) Panservern kanon av fransk opprinnelse
2 X 2 cm Flak 38 Lett luftvernkanon av tysk opprinnelse
2 X 2 cm KwK.38 Kampvognkanon av tysk opprinnelse
(Opprinnelig kanon fra kjøretøy som ble plassert i stilling)
3 s.M.G (Norw.) Tungt maskingevær av norsk opprinnelse
3 l.M.G (Norw.) Lett maskingevær av norsk opprinnelse
I tillegg var det forskjellige typer av ildledningsutstyr, en 60 cm lyskaster, og to 150 cm lyskastere av hollandsk oprinnelse.

Bemanningen bestod av to offiserer, 17 underoffiserer og 62 menige. Av disse var det fire grupper á syv mann som betjente 8,8 cm kanonene.



.