Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Johannes Evensen Hummelsund var los på vakt da Adolf Hitlers skip Deutschland skulle inn i Hardangerfjorden april 1934.

Fra Hordaland fylkesarkiv sin Minneoppgåve fra 1985 har vi hentet Hummelsunds egen beretning.

Eg var los i Krossfjorden. Ein kveld i april 1934 eg var på vakt på stasjonen vår, kom der telefon frå Feie. Det var los Karlsen der som om dagen hadde vore inne i Sognefjorden med det tyske lommeslagskipet ”Deutschland”. Han sa at ”Deutschland” var ventande til Marsteinen ca. kl. 22.00 om kvelden og skulle ha los til Hardanger. Han sa ikkje noko om kven som var ombord, eller kva erend skipet hadde, og det var heller ikkje kome noko beskjed til oss verken frå losoldermannen eller dei militære om skipet. ”Deutschland” kom til avtalt tid og eg vart sett om bord. Eg vart spurd om det var ein høveleg ankerplass i nærleiken, men då me ingen beskjed hadde fått, og dette var eit krigsskip, våga eg ikkje ankra nokon stad innanfor Bergens krigshamn og eg sa då frå at då måtte ein gå lenger sørover med dette lange fartøyet. Sjefen føretrakk då å liggja utanfor om natta. Dei gjekk om lag 30 n. Mil nordvest av Marsteinen og låg der til det vart godt lyst om morgonen. Merkeleg nok kom dei fleste av dei store ”Kraft durch Freude”-båtane, som vart gåande her kvar sumar seinare, like til krigen, til å gjera det på same måten. Det var fint ver, men kaldt og det småsnødde litt då me gjekk inn Krossfjorden.

Då me kom innom L. Lauarøy kom Hitler og storadmiral Von Raeder på brua. Dei kom bort og helste på losen. Admiralen tok meg i handa, men Hitler brukte vanleg Hitler-helsing. Sjefen spurde meg om eg verkeleg visste kven eg no hadde helst på, og eg svara at det var der führer, eg kjende han frå bilete i aviser og blad. Sjefen syntes visst dette var fint at til og med ein norsk los kjende føraren såleis. Hitler syntes visst det var kjølig. Han gjekk i lang skinnfrakk, men han " skudda" litt på seg av og til. Eg fekk vita at von Blomberg, som var med saman med mesteparten av den dåverande regjering, hadde sonen sin med. Han var visst 14 år. Han var ikkje oppe på brua, men eg såg han nede på dekket fleire gonger. Me gjekk med 19 mils fart. Skuta kunne gjera mykje større fart, men med 19 mil, så riste ho minst, og det skulle sjølvsagt gå så roleg som mogeleg med alle desse store herrane om bord. Då me gjekk innover Hardangerfjorden gjekk Hitler og von Blomberg att og fram på fordekket heilt for seg sjølv i lang tid i ålvorleg samtale. Me veit no at det var nett etter at ”Deutschland” kom attende til Tyskland at om lag 70 av dei øvste der – som var mistenkt for å vera imot Hitler – vart likviderte. Dette var truleg bestemt på denne ”ferieturen” til Hitler. Det var berre dei heilt trufaste han hadde med seg på denne turen. Me gjekk først til Odda. Medan me låg der – me ankra ikkje nokon stad – var eg nede og fekk middag. Småpølser, litt svart brød og litt suppe, inkje poteter.

Frå Odda gjekk me til Ulvik, stoppa, snudde rundt og utatt Hardangerfjorden. Då me kom ut imot Varaldsøy vart eg ordra ned til ein offiser som hadde med kontoret og rekneskapen å gjera, for å få fyllt ut dei vanlege skipparbevis. Eg kom visst litt for snøgt opp att, for då eg kom opp var det storfotografering frå fordekket . Alle dei store, med Hitler i midten, stod i rekke tversover skuta og vart fotografert, med Hardangerfjorden som bakgrunn. Fotograferinga skulle nok vore unnagjort medan eg var nede.

Det var først tanken at eg skulle gå frå borde ved Utsira, men dei var redd for at ein ikkje var sikker på å få losskøyta der ut i ein fart, så det vart til at eg skulle gå frå borde utanfor Leirvik på Stord, og dei skulle gå vidare utan los. Dei skulle gå ut Gunnarskjærsholet søranfor Espevær. Då me kom utanfor der som Stord verft er no, vart det stopp. Ein livbåt vart sett på vatnet og eg vart rodd i land der. Hitler stod i nærleiken og såg på då båten vart sett på vatnet. Han hadde vel ikkje vore med på ein båtmanøver før. Eg har elles mange minne etter denne turen, men det har ikkje noko å seia i denne samanhengen.

Johannes Evensen Hummelsund
Frå minneoppgåve 1985, Hordaland fylkesarkiv



.