Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Lepraarkiva i Bergen har vore på UNESCO si liste Memory of the World sida 2001. Statsarkivet i Bergen laga ei nettstad same år med katalogar, dokument, bilete og forskingsmateriale som gjeld desse arkiva. I 2012 vart ei lokal Unesco-liste for Noreg danna: Noregs dokumentarv. Her kom også lepraarkiva med.

Unesco-logo for Norges Dokumentarv - lepraarkiv

Nettutstillinga er laga i samband med at lepraarkiva er komen på UNESCO si liste Memory of the World . Denne lista er ein parallell til lista for World Heritage, der Urnes Stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros og Hellerisningsfelta i Alta er norske representantar. Utstillinga er eit samarbeid mellom Byarkivet i Bergen, Statsarkivet i Bergen, Medisinsk-historiske samlingar i Bergen og Lepramuseet i Bergen. 

Lepra er omtala i kjelder i Egypt alt 1350 år før vår tidsrekning, og er den eldste kjeldebelagde sjukdom i verda. Bibelen har mange tilvisingar til lepra og spedalske. I 3. Mosebok er sjukdommen omtala som ein pest, og der er det gjeve påbod og reglar for korleis ein skulle handtere dei spedalske. Og det har nok hatt sitt å seie for den måten sjukdommen vart oppfatta seinare og.

Til trass for at lepra vert rekna som lite smittsam, er den likevel ein av dei store og alvorlege sjukdommane i vår tid, med mange millionar pasientar. I dag er det ein sjukdom som stort settt berre råkar folk i den tredje verda, men det var ein gong ein alvorleg sjukdom i også i Vesten.

Frå utgangen av 1600-talet var Noreg og Island dei einaste landa i Vest-Europa som var råka av lepra i stort omfang. Det me kallar Lepraarkiva i Bergen er derfor ei eineståande samling av kjelder om lepra i frå denne tida og fram mot vår tid. Lepraarkiva i Bergen er også spesielle fordi mengda av arkivsaker er så stor, og fordi dei dokumenterer den omfattande lepraforskinga. Noreg står nemleg i ei særstilling også når det gjeld vitskapleg forsking på lepra.

Illustrasjon av en leprapasient ved St. Jørgens Hospital i Bergen

I samband med at det (i Sverige) skulle gjevast ut ei bok om spedalske, vart det rundt 1812 laga akvarallar av fleire av pasientane ved St. Jørgen hospital. Her ser me 12 år gamle Ingeborg Knutsdotter.

På 1830-talet kom det ein sterk vekst i talet på spedalske i Noreg. Det vart for få institusjonsplassar og folk stod i kø for å få koma inn der, og berre dei aller sjukaste kunne leggjast inn. Legane Boeck og Danielsen gjorde omfattande vitskaplege undersøkjingar tidleg på 1840-talet, og sjukdommen vart eit politisk tema. I 1854 vart det oppretta ein eigen overlegestilling for lepra, og i 1856 vart det oppretta eit register over alle spedalske i landet. Det var ei vitskapleg nyvinning av dimensjonar, og er verdas første landsomfemnande pasientregister. Dei norske legane diskuterte kvar årsaka til lepra låg. Ein hadde i årtusen rekna sjukdommen som smittsam, men mange legar i Noreg ville 

rekne den som arveleg. Eit viktig gjennombrotet i lepraforskinga kom i 1873 då Gerhard Henrik Armauer Hansen oppdaga leprabasillen, og med det kunne slå fast at den var smittsam. Sjukdomen vert framleis kalla Hansen's Disease  i mange land.

Nettutstillinga har si eiga nettstad: http://digitalarkivet.no/lepraarkiv

Nettutstillinga tek sikte på å visa ulike sider ved lepraen i Noreg. Utstillinga har ein generell del som omhandlar lepra og historikken kring den, ein del der me presenterer kva som er å finna i arkiva og ein del der me presenterer ein del "godbitar" om lepraen. Her finst ein del digitalisert materiale, blant anna databasar over inn- og utskrivne pasientar og teikningar av ein del spedalske. Til sist inneheld utstillinga også ein del om lepraforskinga i nyare tid og lenker vidare til andre nettstader som omhandlar lepra. 




.