Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
tittelfelt

I samband med det norske helsejubileum, har ein vald "liv og helse" som tema for den Norske Arkivdagen 2003.

Det var i 1603 kong Kristian IV løyvde pengar til ein lege i Bergen. Bakgrunnen var pestutbrotet i 1599-1600. Då hadde alle legane i Bergen rømt, utanom Villads Adamius, og han var det som fekk fast tilsetjing som embetsmann som løn for innsatsen.

Gjennom dei fire hundreåra som har gått har det offentlege helsevesenet utvikla seg enormt. I 1816 hadde Noreg 100 legar, og berre vel 70 av dei hadde eksamen. I dag er det 12-15000 legar i arbeid, og helsevesenet er ein av dei største budsjettpostane.

Vi vil hente fram nokre kjelder og gje opplysningar om nokre institusjonar som har vore sentrale i utviklinga av helsevesenet på Vestlandet.

Nedenfor har vi samla eit utval lenker til gamle og nye internettsider rundt temaet helse på vestlandet.




.