Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
rasstaden i loen, nordfjord, 1905

Rasstaden i Loen, 1905. Krysset viser kvar raset losna. I framgrunnen ser me Indre Nesdal.

Den første rasulukka på 1900-talet i Lodal skjedde like før midnatt søndag 15. januar 1905. Ungdomane var i ferd med å ta kveld, dei eldre hadde allereie gjort det. Ute var det svarte natta, og markene var dekka av snø. Då høyrde dei plutseleg eit par smell frå Ramnefjellet. Det var eit fjellstykke på 50.000 kubikkmeter som hadde losna 500 meter oppe i fjellet. På ferda mot vatnet tok det med seg ei ur på om lag 300.000 kubikkmeter. Det er rekna ut at om lag 870.000 tonn masse traff vatnet. Resultatet vart ei flodbølgje som på det høgaste slo 50 meter over vannflata.

Raset traff vatnet tvers overfor Nesodden, som delte bølgja i to. Her slo vatnet opp om lag 25 meter, før den nordlege bølgja sette kurs mot Bødal. Der feide vatnet innover åkrane i ei høgd på 14,5 meter over vannflata. Her var det berre brukarane Gjerstun og Raudi som kom uskadde frå hendinga. På alle dei andre bruka var det omkomne, i alt 27 personer. Nokre av desse hadde vorte berga i den iskalde redningsaksjonen, men døydde seinare av skadane.

Ytre Nesdal ligg på Ramnefjell-sida. Her slo bølgja 15,5 meter over vannflata og feide alle dei tre gardsbruka og to husmannsplassar på vatnet. Ingen av de 34 som oppheldt seg i Ytre Nesdal overlevde ulukka - og berre éin vart funne igjen. Men den eine gardbrukaren og kona hans var på sjukehus i Bergen. Då dei kom attende, fann dei heimegrenda borte saman med alle dei hadde kjær.

Som ved et under kom folka i Indre Nesdal frå det i live. Mykje kan tyda på at hovudbølgja hadde vorte forstyrra av ei reflekterande bølgje like før den kom til Indre Nesdal. Skadane her vart difor berre av materiell art.

dampbåten Lodalen etter rasulykka i Loen, Nordfjord, 1905

Dampbåten "Lodalen" vart kasta på land av flodbølgja. Ved det neste store raset i 1936 vart den kasta 150 meter lenger opp på land. I bakgrunnen ser me nedste del av raset.

Elles varierte bølgja i storleik på ferda mot Vassenden. Stort sett slo den to-tre meter opp langs landet. Men nord ved Sæten slo den heile 5,8 meter opp og tok med seg brua over elva.

Dampbåten "Lodalen" vart teke av bølgja og kasta 350 meter innover Nesodden. Der vart den liggjande 15 meter over vannflata - til den neste flodbølgja i 1936 flytta den 150 meter lengre innover land.



.