Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Utsnitt av dagbok frå jordbrukar Mathias Evensen

Utsnitt av dagbok frå jordbrukar Mathias Evensen

Vêrobservasjonar har ein nok halde på med i uminnelege tider, og ikkje berre for vitskaplege årsakar. Dei var til stor hjelp for bøndene. Observasjonar av vêr og klima ga peikepinnar til bøndene om kva tid det var lurt å så, slå kornet, ta inn avlinga osb. Ein kan finne mange jordbruksdagbøker frå 1800-talet, som boka til gardbrukar Mathias Evensen frå Vestre Lærum i Sande i Vestfold og sokneprest Peder Harboe Hertzberg på prestegarden Malmanger i Kvinnerhad i Hordaland. Likeins kan ein finne gode vêrnotat i kyrkjebøkene. Prestane skreiv gjerne om storm og anna ekstremver, men nokre hadde systematiske notat. Eit tidleg døme er fyrste kyrkjebok for Haus prestegjeld i Hordaland (1691-1712). Soknepresten Niels Hierman noterte seg veret frå han tok til i 1691 til sin død i 1709.



.