”Ikkje noko vert så fort historie som ein fotballkamp,” seier nokon. Men på same tid er dette populære ballspelet nært knytt saman med historia. Fotballtilhengjarane kjenner historia si. Fotball handlar ofte om kor ein høyrer til. Og ikkje minst: Fotballsporten skapar tidslinjer for nasjonar, byar, klubbar og individ.

”Kor var du då Noreg slo Brasil?” er til dømes eit spørsmål som handlar om både eit imponerande sportsresultat og ei historisk hending for mange.

Så kva tyder eigentleg fotballen, og historia han har, for den nasjonale og lokale identiteten vår? Det får vi kan hende svar på frå karane i sofaen denne kvelden.

Gratis inngang. Vi ønskjer alle velkommen!

Tid:  Tysdag 8. april klokka 18-20.

Stad:  Riksarkivbygningen ved Sognsvann i Oslo. Besøksadresse: Sognsveien 221. Gratis parkering . Du kan og ta T-bane linje 6 til Sognsvann.

Det vert sal av pølser og enkle forfriskingar.

Les meir om "I ein sofa på arkivet".