Forsiden til bergensposten nr 3/2011

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av tilsette ved statsarkivet og av flittige brukarar av arkiva på statsarkivet.

Tredje nummer for 2011 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte som kan tingast frå Statsarkivet i Bergen (gratis, men kr 17,00 i porto) og ein pdf-fil som kan lastast ned (gratis).

Dette nummeret av Bergensposten er ei ekstrautgåve og tek for seg delar av historia til Bergen Skytterlag. I november i år rundar Skyttarlaget 150 år. Statsarkivet i Bergen har gått gjennom arkivet etter Bergen Skytterlag, i tillegg til andre kjelder for å fortelja historia. 

Gå til kontaktskjemaet for å tinga eit papirhefte, eller last ned den elektroniske utgåva:

bp11c-web.pdf 1,04 MB