Framsida til Bergensposten nr 4/2011

 

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av tilsette ved statsarkivet og av flittige brukarar av arkiva på statsarkivet.

Fjerde og siste nummer for 2011 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte som kan tingast (gratis, men kr 17,00 i porto) eller hentast på lesesalen; og ein pdf-fil som kan lastast ned (gratis).

Desember-nummeret av Bergensposten er variert og tek mellom anna for seg ein av dei mange lagnadene til dei spedalske på Vestlandet, Kari Nielsdatter Spidsøen. Ein kan også lesa om gamle rettar til hestebeite og naust i nærleik av sjø og vatn i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, eller kva kjeldene fortel om domsfullbyrdinga på Sverresborg i Bergen etter andre verdskrig.

Kontakt Statsarkivet i Bergen for å tinga papirhefte eller last ned den elektroniske utgåva:

Bp11d.pdf 818,99 kB