I vinter dukka Terbovens fotoalbum opp på den private marknaden. Riksarkivet har saman med Falstadsenteret skaffa det og gjer det no tilgjengelig for alle.  Albumet inneheld i alt 375 fotografi med trykte bildetekstar og ei lengre innleiing stila til “Herr Reichskommissar”. Trulig blei albumet gitt som gåve til Josef Terboven personlig. De fleste fotografia har karakter av uformelle augeblikksbilete tekne under reisa frå Trondheim gjennom Nordland, Troms, Finnmark og til Finland. Det er bilde frå selskap og drikkelag, frå møte med norsk natur og lokalbefolkning, frå inspeksjon av tyske styrker og frå samtalar med lokale befal langs reiseruta. I vårsleppet kan du bla i albumsidene på Digitalarkivet eller sjå enkeltbilde på Flickr.

Unikt album
– Som bildesamling i eit intakt og originalt album stila til Terboven personlig, er dette albumet heilt unikt, seier avdelingsdirektør i Riksarkivet, Øyvind Ødegaard. – Bilde gir eit interessant innblikk i okkupasjonsmakta sitt perspektiv på landet og innbyggjarane, og på forholdet mellom okkupant og okkupert.
Riksarkivet og Falstadsenteret vurderte kjeldeverdien som så stor at det var viktig at albumet ikkje hamna hos private samlarar. Dei to institusjonane gjekk derfor saman for å sikre at materialet når både forskarar og folk flest: – Som nasjonale institusjonar har vi eit ansvar for at flest mulig får tilgang til kjeldene, og derfor ligg dei i dag fritt tilgjengelige på nettet, seier Ødegaard.
Under andre verdskrig reiste tusenvis av nordmenn frå heimlandet for å komme seg i sikkerheit. Det var Sverige som blei vertsland for den største kontingenten av nordmenn i eksil. Omlag 60.000 nordmenn oppheldt seg der i kortare eller lengre tid i løpet av perioden 1940-1945.
Årets vårslepp presenterer desse kjeldene om nordmenn i Sverige under krigen:

  • Namneregister over nordmenn som flykta til Sverige. Registeret omfattar nesten 45.000 personar og gir opplysningar om namn, flyktningnummer, fødselsdato og innreisedato.
  • Kyrkjebøker frå Sverige. Innførslene gir ei samla oversikt over alle nordmenn som gifta seg eller døde i Sverige i perioden 1941-1945.
  • Etterretningsrapportar. Eksil-Noreg hadde stort behov for informasjon om forholda i heimlandet, og informantar i Noreg bidrog med jamlege leveransar sende med kurer. Som et eksempel på korleis desse rapportane såg ut, har vi nå publisert 115 sider frå 1942
  • Omkring 600 fotografi frå Sverige. Bilde viser eit breidt spekter av aktivitetar frå første stund som flyktning på svensk jord til avreise til det frie Noreg. Fotografia omhandlar nordmenn på flukt, flyktningmottak og forlegningar, administrativt personale, militærteneste og arbeidsliv, idrett og fritid, minnemarkeringar og festar, demonstrasjonar, kulturaktivitetar og informasjonsarbeid.

– Veldig mange nordmenn har slektningar som flykta til Sverige under krigen. Nå kan desse raskt finne opplysningar om dei i flyktningregisteret og kyrkjeboka på nett. Noen vil også kunne finne bilete av dei blant de 600 fotografia vi publiserer, seier Øyvind Ødegaard.

Dette er tredje gang Riksarkivet gjennomfører eit vårslepp av digitaliserte dokument frå andre verdskrig. Det tas sikte på å publisere fleire tusen spanande dokument kvart år framover. Hensikta med Riksarkivets vårslepp er at nylig frigjevne dokument blir digitaliserte og gjort tilgjengelige på nett. Inspirasjonen er henta frå Storbritannia, Australia og USA, der ”record releases” er store mediehendingar kvart år.