Vilhelm Bjerknes kom til Bergen i 1917 og vart professor på det nyoppretta Geofysisk Institutt. Her hald han fram med forskninga si om å få til ei effektiv varsling av vêret. Ei slik vêrvarsling villa vera " en stor sak for næringer som landbruk og fiske under den stigende matnøde i landet" som han sjølv skriv i ein av artiklane i festskriftet til Vervarslinga på Vestlandet.

Festskriftet "Vervarslinga på Vestlandet 25 år" markera instituttet sine 25 år i 1943. Statsarkivet i Bergen har skanna boka og gjort ho tilgjengeleg på nett . Les meir om boka og innhaldet i eigen artikkel .

I samband med arkivdagen i 2010, laga Statsarkivet i Bergen nettutstillingar  om Bergensskolen og vêrobservasjonar før Bergensskolen. Me tillet å minna om dei for meir informasjon om nybrottsarbeidet til Vilhelm Bjerknes og kva man gjorde for å varsla vêret i gamle dagar.