Arkivverket skal, som andre statlege organ, leggja ut data slik at andre kan ta dei i bruk på nye måtar.  Folketeljinga 1910 vert no lagt til rette for det. Arkivverket tilbyr teljinga i 1910 til DIFI si nasjonale tevling Apps4Norge.no. Kven kan laga dei mest spanande tenestene basert på opne, offentlege data? Svaret får me i april. Teljinga i 1910 bør vera ei interessant kjelde å arbeida med.

Arkivverket tilbyr og data frå 1910-teljinga til prosjektet Kultur – og naturreise  som er eit samarbeid mellom Kulturrådet, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens kartverk. 

330.535 buplassar i Noreg i 1910 

Det budde 2.391.782 menneske i Noreg i 1910. Teljinga viser at det var 279.635 bustader  på landet og 50.900 bustader i byane. På landet var buplassane knytte til gards - og bruksnummer. Det var og mange husmannsplassar i 1910. I byane var buplassane knytte til gateadresser. Snart kan du vonleg sjå på kart kvar dei fleste av desse 330.535 buplassane låg og kven som budde der.

Kartfesta bustader

Døme på kartfesta bustader

Kartfesta bustader i teljinga 1910 frå Balestrand i Sogn og Fjordane. Klikk på gul pil kan t.d. så visa kven som budde på kvar buplass

Gjennom eit samarbeid med Norsk kulturråd og prosjektet Kultur - og naturreise har Riksarkivaren sett i gang eit arbeid med å kartfesta alle dei 330.535  buplassane i 1910. Dette vert ein viktig del  av datagrunnlaget som etaten vil tilby. Det er god von om å få på plass koordinatar for 70-80 % av desse bustadane gjennom å køyra saman dagens register over gardar, bruk og gatedresser med opplysningane i teljinga. Det som ein ikkje får med på denne måten, må ein ta på andre og meir manuelle måtar. Her vil det og liggja til rette for aktiv innsats frå lokalkjende kring i landet.  Teljinga i 1910 er den første kjelda som vi kartfestar. Arkivverket har svært mykje data som kan egna seg til å presentera på kart.




Stor trafikk

Folketeljinga frå 1910 er i dag tilgjengeleg for søk på Digitalarkivet . Normal trafikk på denne kjelde er kring 80-90.000 besøk i månaden. I januar steig dette til over 370.000 besøk. Auken skuldast i hovudsak serien Hvem tror du at du er? som NRK sender.