Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Dette nummeret av Bergensposten inneheld vidfamnande artiklar - her kan me mellom anna lese om Wilhelm Frimann Koren Christie, om krigsfangar på Vestlandet under den Store Nordiske Krigen og om postlevering frå tog i fart. Artiklane er forfatta av tidlegare tilsette ved Statsarkivet i Bergen og lesesalsgjestar.

Bergensposten nr 1/2013 ligg tilgjengeleg hos Statsarkivet i Årstadveien  - merk ny inngang frå Stemmeveien - og hos Turistinformasjonen i Bergen sentrum. Om du ikkje kan henta deg eit eksemplar, kan du få eit sendt i posten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen  for å tinga eit hefte. Ei elektronisk utgåve er tilgjengeleg på nettsidene . Der finn du også alle tidlegare nummer av Bergensposten.