Graf over besøk og sidevisingar for onsdag 16. januar 2013 på dei nye søkjesidene for Digitalarkivet.

Graf over besøk og sidevisingar for onsdag 16. januar 2013 på dei nye søkjesidene for Digitalarkivet.

Besøket på nettsidene til Arkivverket og spesielt Digitalarkivet har auka formidabelt sidan nyttår. Kvar veke har me sett ein ny topp på statistikken. Dei siste vekene har trafikken auka måndag kveld, etter at programmet Hvem tror du at du er? er ferdig. Trafikken held seg så jamt høg heile tysdagen. Denne veka såg me at pilen peika oppover også på onsdag og me fekk ein av dei dagane med mest trafikk på nettsidene.

Berre på onsdag var 2,4 millionar sider vist. På same dato i fjor var talet 762 000 sidelastingar. Trafikken er spreidd over fleire tenester og maskinar. Nokre stader er meir populære enn andre og der vil ein merka den auka trafikken:

  • framsida til Arkivverket og Digitalarkivet: over 31 000 besøk på onsdag
  • skanna kyrkjebøker: over 22 000 besøk
  • dei nye søkjesidene for Digitalarkivet (med folketeljingar frå 1865 og 1910, samt søkbare kyrkjebøker):  over 21 000

Sjølv om besøkstalet er noko lågare hos skanna kyrkjebøker og dei nye søkjesidene, brukar gjestane lenger tid når dei først er innom: over 26 minutt i gjennomsnitt for kvart besøk i dei skanna kyrkjebøkene og over 15 minutt på søkjesidene. Det er mykje! 

Det er ikkje berre på nettsidene den auka interessa for slektsgransking visar seg: Det strøymer inn med e-postar og telefonar. Alle  vil finne slekta si! Digitalarkivet er ein god stad å byrja, men dei søkbare data går ikkje så langt fram i tid. For verkeleg å kunna ta i bruk søkinga i Digitalarkivet, bør ein ha informasjon om ein person som levde i 1910 eller tidlegare. Det vil vera lurt å lesa om korleis ein kan søkja før ein tar fatt, og det kan ein gjera på hjelpesidene til Digitalarkivet . Om ein er usikker på korleis ein skal byrja med slektsgransking, vil rettleiinga for slektsgransking  fortelja ein heil del.

Me trivst med det høge besøket og set vår lit til at interessa for slekta held fram også når Hvem tror du at du er? er avslutta. På laurdag 19. januar får me testa kapasiteten nok ein gong når programmet Lindmo skal ta for seg slektsgransking!