Blant dokumenta som blir publiserte på nett 9. april er det mange tidlegare dokument som tidlegare har vore unnateke offentleg innsyn, og ei hittil ukjent privat brevsamling og karakterbøker frå Quisling si barne- og ungdomstid.  I tillegg publiserer Riksarkivet alle fotografi frå samlingane sine kor Quisling er avbilda - også mange private.

Vårsleppet består av fire hovudbolkar som blir publiserte på nett 9. april. Tre av dei blir gjorde tilgjengelege på Digitalarkivet, mens dei rundt 500 fotografia blir presenterte i tematiske fotoalbum på Flickr.

Den fyrste bolken inneheld familiebrev og karakterbøker frå Quisling sin barndom, ungdom og tidlege vaksenliv. Det er 54 familiebrev og postkort frå perioden 1894-1929 - det eldste er frå 2. juni 1894, der den snautt 7 år gamle Vidkun skriv til mora si. Dei tre karakterbøkene er frå middelskule og gymnas 1898-1903, og viser at Vidkun var ein svært flink elev.

- Breva og karakterbøkene dukka opp i Danmark på seinsommaren i fjor og blei gitte i gåve til oss, seier Øyvind Ødegaard, avdelingsdirektør i Riksarkivet. - Dette materialet har altså vore heilt ukjent også for historikarar og forskarar til no, og blir for fyrste gong gjort tilgjengeleg for eit norsk publikum 9. april.

I det vaksne livet sitt førde Quisling 7. sansar. Med tre unnatak er alle desse bevarte for perioden 1922-1944, og dei blir no publiserte i vårsleppet. - Han nytta dei ganske lite, så det går ofte mang sider mellom kvar innførsel. Likevel gir dei innblikk i mange sentrale hendingar og avtalar, slik som gjestingane hos Hitler i Berlin, fortel Ødegaard.

Landssviksaka heim til alle

Quisling blei i oktober 1945 dømt for landssvik, og saman med to andre NS-leiarar dømd til døden. Riksarkivet publiserer no heile landssviksaka, som kulminerte med Høyesteretts ankebehandling med domsslutning av 13.10.1945.  Saka er på drygt 3500 sider og inneheld alle dokument framlagde for retten og alle rettsforhandlingane. Landssviksaka kan nå bli lesast på internett.

På Riksarkivet sitt vårslepp klikkar du deg vidare til Digitalarkivet for å lese dokumenta og til Flickr for å sjå bileta.