Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er skrive av tilsette, lesesalgjestar og samarbeidspartnarar.

Tredje nummer for i år er no tilgjengeleg i to utgåver: Eit trykt hefte ein kan hente på Statsarkivet eller Turistinformasjonen i Bergen og ein pdf-fil for gratis nedlasting.
Om du ikkje kan hente eit hefte og heller ikkje kan laste ned fila, kan du sende frimerke til Statsarkivet så får du heftet i posten. Les meir om tinging av hefte.

I dette nummeret av Bergensposten kan du lese om kartteiknar og militæringeniør Hans Balthazar von Gottberg som tidlegare førstearkivar ved Statsarkivet i Bergen, Christopher John Harris, relaterer til Strilekrigen og Harmonien i 1765. Gina Dahl og Renathe-Johanne Wågenes tek for seg bispearkiva og ser på ei heller ubrukt kjelde: listene over blinde og døvstumme for Vestlandet frå 1804-1811. Universitetsbibliotekar i Bergen, Bjørn Arvid Bagge, skriv om bergenspatrioten Gustav Brosing (1908-1966) og det svært omfattande arkivet biblioteket har frå han. Medan Bjørn Davidsen har konsentrert seg om andre verdskrig i Bergen og sett på korleis informasjonsflyten mellom motstandsarbeidarane og dei allierte har vore. 

Les siste nummer av Bergenposten: 

Bergensposten nr 3/2015