ber

Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er skrive av statsarkivtilsette og lesesalgjestar.

I dette nummeret kan du mellom anna lese om Johann Freiderich Foswinckel - mannen som ga namnet til Foswinckel-gate i Bergen, tukthusstraff for tjuvmjølking som eit døme på kvinneliv for 200 år sidan, huspostillen i Røldal som eit døme på lese- og skrivekunnskap hos norske bønder, og oppskrift på Strandgadekager - ein ny julekakeslager?

Heftet er gratis, men om du ikkje kan hente det sjølv (på lesesalen eller hos Turistinformasjonen i Bergen) ber me om at du betalar porto for sendinga. Det er óg mogeleg å abonnere på Bergensposten. Ta kontakt med Statsarkivet i Bergen for å tinga eit papirhefte . Bergenposten er også tilgjengeleg for nedlasting frå nettsidene. Gå til samlesida for alle nummer av Bergensposten for den elektroniske utgåva .