Riksarkivets ansvarsområde

Riksarkivet har ansvaret for arkiva etter den statlege sentraladministrasjonen, altså departement, direktorat og andre sentraladministrative organ, og i tillegg arkiva etter Høgsterett. I Riksarkivet finn du også viktige arkiv etter privatpersonar og private verksemder og organisasjonar. Riksarkivet blei oppretta i 1817.

Riksarkivet er organisert i fem avdelingar:

  • Bevarings- og tilsynsavdelinga
  • Depotavdelinga
  • Publikumsavdelinga
  • Administrasjonsavdelinga
  • It-avdelinga

Riksarkivaren er leiar for Riksarkivet. Inga Bolstad tiltrådte som riksarkivar 1. oktober 2014.

Riksarkivbygningen

Riksarkivbygningen ligger i skogkanten ved Sognsvann stasjon i Oslo. Foto: Jaro Hollan.


Du er velkommen som gjest

Riksarkivet stiller arkivmaterialet til disposisjon for publikum på lesesalen, som er open måndag-fredag heile året og den fyrste laurdagen i månaden i skuleåret. Du er velkommen som lesesalsgjest eller for å sjå utstillingane våre i Skattkammeret. Nettbutikken vår sel bøker du elles berre kan få kjøpt i bokhandelen. Vi held til ved Sognsvann stasjon i Oslo.

Alle kan vende seg til Riksarkivet, anten ved personleg frammøte eller per brev, telefon, telefaks eller elektronisk post. Dei fleste tenestene er gratis. Vi vil gjere vårt beste for å hjelpe deg med å finne relevant informasjon frå arkiva.
Vi holder til ved Sognsvann stasjon.