Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Riksarkivet er ein del av Arkivverket og har ansvaret for arkiva etter den statlege sentraladministrasjonen, altså departement, direktorat og andre sentraladministrative organ, og i tillegg arkiva etter Høgsterett.

Desse institusjonane har plikt til å avlevere arkiva sine til Riksarkivet når dei er blitt 25 år gamle og er ute av administrativ bruk. Riksarkivet oppbevarer også viktige arkiv etter privatpersonar og private verksemder og organisasjonar. Riksarkivaren er leiar for Riksarkivet og etaten Arkivverket.

I Riksarkivbygningen sine magasin er det nærare 126000 hyllemeter arkiv (2009). Her er det materiale som går like tilbake til 1100-talet, frå fellestida med Danmark og frå sjølstendetida etter 1814 og fram til vår tid. Det meste er frå tida etter 1814. Tilfanget aukar med omkring 5000 hyllemeter i året. Riksarkivet kan med rette kallast Noreg sitt kollektive minne.

Riksarkivet har eigen lesesal og stiller arkivmateriale til disposisjon for brukarar. Lesesalen er open måndag-fredag heile året og laurdag i skuleåret. Talet på lesesalsgjester var litt over 8000 i 2007.

I somme saker gjer Riksarkivet arkivundersøkingar for publikum og det blir dessutan ofte levert kopiar. Det mest brukte materialet er digitalisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet. Riksarkivet publiserer bøker, vitskaplege kjeldeutgåver, meldingsblad og hefte med arkivinformasjon og føresegner om arkiv. For meir om Riksarkivet sine tenester sjå Arkivverkets serviceerklæring for publikumstjenesten.