Historikk

Riksarkivet blei oppretta i 1817 og Noreg fekk dermed for første gong ein eigen statsinstitusjon med ansvar for å ta vare på offentlege arkiv. Dette har sidan vore hovudoppgåva for Riksarkivet. Arkivmengdene har stadig auka og dermed også behovet for meir plass til oppbevaring.

Den første tida heldt Riksarkivet til på Akershus festning. Arkivlokala der var små og det var fare for både brann og fuktskadar. I 1866 flytte Riksarkivet til den nye Stortingsbygningen der det var god plass.  Men så fekk Stortinget sjølv bruk for heile huset og i 1814 fekk Riksarkivet lokale i Noregs Bank sin første bygning på Bankplassen, der Arkitekturmuseet nå held til.

Etter fleire år med for lite plass og med provisoriske romløysingar, kunne Riksarkivet i 1978 omsider flytte inn i ein ny rommeleg bygning på Kringsjå, like ved Sognsvann stasjon. Der er nå arkivmaterialet trygt lagra i store hallar utsprengde i fjellet. Anlegget under bakken er utvida i fleire omgangar og det er framleis plassreservar. Nytt sentraldepot for arkiv blir nå bygt på Tynset.