Riksarkivets organisasjon
Riksarkivet er inndelt i fem avdelingar, kvar med ein avdelingsdirektør som leiar. Vidare har Riksarkivet ein stab for koordinering av fellesoppgåver med stabsdirektør Tor Breivik som leiar og ein informasjonsstab leia av informasjonssjef Margaret S. Aarsæther. Begge leiarane sorterer direkte under Riksarkivaren. Avdelingsdirektørane og regiondirektør er Riksarkivet si toppleiing saman med riksarkivar Ivar Fonnes.
Bevarings- og tilsynsavdelinga
Avdelinga har ansvaret for kontakt med arkivskaparar i offentleg og privat sektor og samarbeider også med arkivinstitusjonar utanfor Arkivverket. Avdelinga fører tilsyn med arkivarbeidet i offentleg forvaltning og syter for at dei statlege arkivskaparane har ordna arkivet og gjort bevarings- og kassasjonvurderingar før materialet blir avlevert til Arkivverket. Vidare mottak av elektroniske arkiv, etatsansvar for elektroniske arkiv og samordning av arbeidet på dette feltet. I tillegg har avdelinga depotfunksjonar for privatarkiv. Avdelinga har tre seksjonar og blir leia av avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard.
Seksjon for elektronisk arkivdanning (Elark-seksjonen)
Seksjonen har ansvaret for standardisering av elektronisk arkivdanning i offentleg forvalting. Ein viktig del av arbeidet er tilsyn med arkivdanninga i statsforvaltninga og fagleg rettleiing og støtte i spørsmål om elektroniske arkiv. Seksjonen har også ansvaret for rett avlevering av elektroniske arkiv og har hovudansvar for elektronisk arkivdanning i kommunal sektor. Leiar for seksjonen er underdirektør Geir Ivar Tungesvik.
Seksjon for bevaring og kassasjon
Seksjonen har ansvaret for å utarbeide strategi, metodikk og prinsipp for Riksarkivaren sitt arbeid med bevaring og kassasjon av offentlege arkiv. Seksjonen utarbeider generelle kassasjonsreglar og godkjenner dessutan framlegg til vedtak og planar for bevaring og kassasjon. Vidare koordinerer seksjonen tilsynet med arkivarbeidet i kommunal sektor og fører tilsyn med offentlege arkivlokale. Seksjonen samordnar også avleveringa av papirarkiv til statsarkiva og anna arkivfagleg arbeid som gjeld kommunane. Leiar for seksjonen er underdirektør Lars-Jørgen Sandberg.
Seksjon for privatarkiver
Seksjonen har ansvaret for riksarkivaren sitt arbeid med privatarkiv, det vil seie arkiv etter private føretak, organisasjonar og enkeltpersonar. Arbeidet omfattar utval, avlevering og katalogisering av privatarkivmateriale. Seksjonen har også ansvar for å samordne privatarkivarbeidet i og utanfor etaten. Leiar for seksjonen er underdirektør Sigrun Rasmussen.
Depotavdelinga
Avdelinga har ansvaret for å ta vare på og katalogisere arkivmateriale som er avlevert til Riksarkivet. Vidare digitalisering, tilgjengeleggjering og vedlikehald av digitalisert og digitalt skapt arkivmateriale, utvikling av prinsipp og system for standardisert kataloginformasjon om arkiv og dessutan arbeid med nettkatalogar. Avdelinga har fem seksjonar. Avdelingsdirektør Ole Gausdal leier avdelinga.
Seksjon for avlevering og arkivbeskriving
Seksjonen har ansvar for avleveringsprosessen knytt til mottak av nye avleveringar av papirarkiv frå forvaltninga, og for kvalitetssikring av arkivinformasjonen i registreringssystemet Asta. Seksjonen er sentral i utviklinga av metodar og system for standardisert arkivinformasjon i Arkivverket sine nettkatalogar. Seksjonen har og eit overordna ansvar for magasinstyringa i riksarkivbygningen og for tilbringartenesta knytt til drifta av lesesalen i Riksarkivet. Leiar for seksjonen er underdirektør Stian Norli.
Seksjon for bestandsforvaltning
Seksjonen har ansvar for å ta vare på dei sentralstatlege arkiva frå 1814 og fram til i dag. Seksjonen har eit overordna ansvar for bestandsforvaltning i vid forstand, slik som kvalitetsheving av kataloginformasjon, ivaretaking av særskilte brukarinteresser, og formidlingsretta verksemd. Ei viktig oppgåve i seksjonen er ordning og katalogisering av arkiv som framleis er uordna og dermed utilgjengelege for Riksarkivet sine brukarar. Leiar for seksjonen er underdirektør Linda Holmås.
Seksjon for digitalt depot
Seksjonen har ansvaret for å ta vare på, omtale og presentere digitalt skapt arkivmateriale og legge til rette for bruk. Vidare utvikling av metodar og system for mottakskontroll og testing av digitalt skapt materiale. Hans Fredrik Berg er fungerande leiar for seksjonen.
Seksjon for digitalisering og konservering
Seksjonen har ansvaret for å digitalisere papirarkivmateriale og andre analoge media for publisering på nettet, konservering og restaurering av papirmateriale og fototenester. Leiar for seksjonen er underdirektør Synne Stavheim.
Seksjon for digital tilgjengeleggjering
Seksjonen har ansvar for å gjere digitalt skapt og digitalisert arkivmateriale tilgjengeleg. Den skal utvikle kravspesifikasjonar for brukartenester i Digitalarkivet og arbeidet omfattar dessutan arkivmateriale som ikkje kan gjerast ope tilgjengeleg pga. sensitivt innhald. Seksjonen skal også legge til rette for indeksering av digitalisert materiale, og betre kvaliteten på transkribert materiale. Prosjektet Det norske folk i 1814 er også plassert i seksjonen. Leiar for seksjonen er underdirektør Kristian Hunskaar.
Publikumsavdelinga
Avdelinga har ansvaret for Riksarkivet sine publikumstenester slik som sakshandsaming av førespurnader, publikumstenester på staden og ulike former for informasjonsarbeid om arkiv og bruken av arkiv. Avdelinga har også depotansvaret for arkiv frå tida før 1814 og utgir vitskaplege kjeldepublikasjonar. Avdelinga har fire seksjonar. Avdelingsdirektør Øyvind Ødegaard er leiar for avdelinga.
Seksjon for brukartenester
Seksjonen har ansvaret for å hjelpe Riksarkivet sine brukarar med sakshandsaming, arkivundersøkingar, spørsmål om tilgang til materiale som det gjeld innsynsrestriksjonar for og rettleiing i bruk av arkiv. Leiar for seksjonen er underdirektør Tine Berg Floater.
Seksjon for formidling
Seksjonen informerer om Riksarkivet sitt arkivmateriale ved arrangement av ulike slag, utstillingar, publikasjonar, og presentasjonar på nettet. Seksjonen har også brukarretta kontaktverksemd. Riksarkivet sitt bibliotek høyrer med til seksjonen. Leiar for seksjonen er underdirektør Bård Alsvik.
Seksjon for eldre arkiver og spesialsamlingar
Seksjonen har ansvaret for å ta vare på og informere om arkivmaterialet frå tida før 1814 og syter også for alle publikumstenestene for dette materialet. Seksjonen har i tillegg depotansvar for ein del spesialsamlingar. Leiar for seksjonen er underdirektør Alfhild Nakken.
Seksjon for kjeldeutgivelse
Seksjonen har ansvaret for publisering av vitskaplege kjeldeutgåver. Utgivararbeidet skjer i samarbeid med ein ekstern kommisjon, Kjeldeskriftkommisjonen, som står for prioritering av publikasjonane. Leiar for kommisjonen er underdirektør Tor Ulset.
Administrasjonsavdelinga
Avdelinga har ansvaret for dei administrative oppgåvene i Riksarkivet og har dessutan overordna ansvar for administrasjonen i heile Arkivverket. Avdelingsdirektør Kari Metliaas er leiar for avdelinga.
Personalseksjonen
Seksjonen har det administrative ansvaret for personalsakene og utforming og vedlikehald av etaten sitt personalreglement. Seksjonen gjer sitt for at Arkivverket til eikvar tid skal ha ein god personalpolitikk. Leiar for seksjonen er personalsjef Anne Størset.
Økonomiseksjonen
Seksjonen har det økonomifaglege etatsansvaret i Arkivverket, medrekna rekneskaps- og lønnsfunksjonen, arbeid med budsjett og budsjettoppfølging, økonomirapportering til departementet, samt økonomifagleg stønad til leiarar og medarbeidarar i heile etaten. Leiar for seksjonen er økonomisjef Morten Riiser.
Seksjon for bygningsdrift og –utvikling
Seksjonen har ansvar for drift og bygningsmessig utvikling av Riksarkivbygget på Kringsjå og gir råd og rettleiing til resten av arkivetaten i saker som gjeld drift og utvikling av bygg. Seksjonen har eit særleg ansvar for arkivbygget på Tynset og gir dessutan råd og rettleiing om innkjøp i etaten. Leiar for seksjonen er Leif T. Andressen.
Arkivseksjonen
Seksjonen har ansvaret for den interne arkivdanninga i Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo og syter for at Arkivverket handsamar eiga arkivdanning og eigne arkiv i samsvar med lov og forskrift. Leiar for seksjonen er arkivleiar Hanne Husby.
IT-avdelinga
Avdelinga har ansvaret for IT-systema i heile Arkivverket. Avdelingsdirektør Hans-Herman Fischer er leiar for avdelinga.
