Bilde av statsarkivet bygning

Statsarkivet i Stavanger, Bergelandsgt. 30. Foto: Anne Karin Jåsund.

Statsarkivet er depotinstitusjon for arkivmaterialet frå den statlege forvaltinga i Rogaland. Dei eldste arkiva går tilbake til 1500-og 1600-talet. Mesteparten av materialet er frå om lag 1750 og framover. Rogaland har tildømes dei eldste bevarte tingbøkene i landet. Den eldste er etter Sorenskrivaren i Jæren og Dalane, og tek til i 1613.

Statsarkivet har meir enn 1650 store og små privatarkiv. Dei største privatarkiva omfattar hermetikkindustrien, skipsreiarlag og petroleumsindustrien. Dei siste er frå 1970-åra og framover. Desse petroleumsarkiva utgjer no ein stor del av privatarkiva våre. Statsarkivet i Stavanger har eit nasjonalt ansvar for å dokumentera norsk petroleumshistorie på arkivsida. Ved utgangen av 2011 hadde vi omlag 15000 hyllemeter med arkivmateriale i magasina våre.

Spør oss!

Følg oss på Facebook!

Siste nytt fra Statsarkivet!

Nye opningstider på lesesalen!