Fram til 1949 hadde Statsarkivet i Bergen ansvaret for arkivmaterialet frå den statlege lokalforvaltinga i Rogaland. Men lokale krefter her i fylket arbeidde for å få eige statsarkiv. I 1949 kom det eit filialkontor i Stavanger, og ein stor del av arkivmaterialet frå Rogaland vart overført dit frå Bergen. I 1970 vart Statsarkivet i Stavanger eigen institusjon.
I 1964 flytta statsarkivet frå dei små kontorlokala i kjellaretasjen på Stavanger Sykehus til Norges Bank sitt nybygg på Domkirkeplassen. Der var det magasinplass til 700 hyllemeter arkivsaker. Arkivmengda auka raskt i 1970-åra, og statsarkivet måtte leiga magasin både i gamle Frue Meieri der Arkeologisk museum UiS held til, og i ulike tilfluktsrom rundt om i byen.
I 1987 flytte statsarkivet inn i dei noverande lokala i IMI-gården i Bergelandsgata og fekk då ein magasinkapasiteten på om lag 7.000 hyllemeter. Men etter kvart vart også desse magasina for små. Med tilleggsareal i IMI-gården, auka magasinkapasiteten til 12.000 hyllemeter i 2002, og vidare til totalt 15.500 hyllemeter i 2008.
Interkommunalt Arkiv i Rogaland (IKA) vart etablert i 1976 som den første interkommunale arkivordninga i landet. Frå 2002 kunne IKA tilby depot for dei eldre kommunearkiva her i Bergelandsgata. Rogaland Historie- og Ættesogelag (RHÆ) vart oppretta i 1912. Laget har kontor og bibliotek her i bygget. Lesesalen til statsarkivet tek dermed imot gjester som ønskjer å sjå på arkivmateriale eller historisk litteratur frå alle desse tre institusjonane.
