Lesesal SAS

Foto: Anne Karin Jåsund.

Lesesal

Statsarkivet har lesesal med omlag 40 plassar. Denne er til bruk for besøkande til statsarkivet, IKA Rogaland og Rogaland Historielag. Lesesalen er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Alle kan koma hit for å gjera eigne undersøkingar, enten dette gjeld spørsmål om slekt, eigedom, lokalhistorie elles, juridiske rettar eller andre spesielle forskingstema. Lesesalsinspektøren kan gje råd og hjelpa deg igang. Du kan gjere deg nytte av biblioteket vårt på lesesalen. Boksamlinga inneheld meir enn 10 000 bind. Sjå nærare under publikumstenester.

 

Besøk

Statsarkivet ligg i Stavanger sentrum, med kort veg til bussteminal og jernbanestasjon. Det er mange parkeringsplassar i P-anlegg ved bussterminalen/jernbanestasjonen. I Bergelandsgata er det 2-timarsparkering.

Sjå kartskisse