Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Dei to aller første politiske vala i Stavanger amt eller Rogaland fylke skjedde 11. mars 1814 i Egersund og i Bjerkreim. Egersund var hovudsokna i Egersund prestegjeld. Annekssokna Ogna hadde eige val den 18. mars. Bjerkreim høyrde til Helleland prestegjeld. Valet for Helleland og Heskestad, den andre annekssokna i Helleland, var fredag 18. mars 1814. Det var på denne datoen dei aller fleste valmannsvala fann stad i Stavanger amt.

Egersund kirke på postkort frå om lag 1965. Kyrkja er ei av dei åtte bevarte valkyrkjene frå 1814 i Rogaland. Eldste delen er frå 1623. Seinare på 1600-talet fekk kyrkja tverrskip og vart då ei korskyrkje. Valkyrkja i Bjerkreim er ikkje bevart. Der kom det ny kyrkje i 1835.

Foto: Normanns Kunstforlag A/S, Oslo.

___________________________________________________________________________

Brevet eller ordren frå prins Christian Frederik kom til alle prestane i Stavanger amt tidleg i mars 1814. Der fekk dei beskjed om å halda ekstraordinær bededagsgudsteneste 25. februar. Alle myndige menn skulle gjera eid på at dei ville forsvara eit sjølvstendig Noreg og velja to valmenn. Alle embetsmennene og dei 12 ”viktigaste mennene” elles i kyrkjelyden skulle signera ei fullmakt frå ”menigheden” som skulle leverast til prinsen på Eidsvoll. Dei to valmennene måtte reisa reisa til Stavanger. Der skulle amtmannen organisera det endelege valet på tre representantar frå landdistrikta i Stavanger amt. Desse tre skulle møta på Eidsvoll 10. april 1814.

Sidan brevet frå prinsen ikkje kom fram til Stavanger amt før i mars månad, var det opp til den enkelte presten å halda bededagsgudsteneste så snart som råd. Her var Egersund og Bjerkreim først ute.

Brevet frå prinsen sa at kvar ”menighed” skulle velja to representantar til valmannsvalet for heile amtet. Folk i Stavanger amt tolka omgrepet ”menighed” ulikt. Dei aller fleste prestegjelda hadde fleire kyrkjesokner. I Stavanger amt valde dei fleste soknene to valmenn kvar. Dette var ikkje vanleg på Vestlandet elles. I dei fleste prestegjelda på Vestlandet valde heile prestegjeldet to representantar.

Den 11. mars 1814 skreiv soknepresten dette inn i kyrkjeboka si: ”Dend 11te Afholdtes ved Egersunds Kirke dend Befalede Nationale Fæst; da Meenigheden sværgede til Norges Selvstændighed.

Den 14de Ejudem (mars månad, som ovanom): blev samme Højtidelighed Afholdt ved Ogne”.

Fullmakta frå Ogna var datert 18. mars, ikkje 14, mars.

Kjelde: Egersund sokneprestembete, kyrkjebok A6, 1808 – 1815, fol. 33a.

__________________________________________________________________________

Sokneprest Lund førte fullmakta frå Egersund i pennen. Underskriftene viser at fleire statleg tilsette budde i den vesle byen. Sorenskrivaren i Jæren og Dalane budde der, like eins distriktslegen og losoldermannen. Losoldermannen hadde også ansvaret for forsvarsverket i Egersund som batterikommandant. Egersund hadde også eigen tolloppsynsmann. Alle desse signerte fullmakta først saman med forlikskommissæren, kjøpmann Møllbach. Deretter følgde kjøpmann Bowitz som kyrkjeverje i Egersund og lensmannen, Jacob Ellertsen. Til slutt før signaturane til dei 12 ”vanlege mennene”, kom ”Section Anfører” Andreas G. Svinland. 

Resultatet av valet vart at forlikskommissær og kjøpmann Christen Møllbach og los og gardbrukar Michael Stapnes vart valde til valmenn frå ”Egersund Menighed ”.

Seinast onsdag 23. mars var dei på veg til Stavanger, den eine av dei med den signerte fullmakta frå Egersund i reiseveska. I Stavanger domkirke, klokka 9 om morgonen torsdag 24. mars, skulle amtmannen administrera valet på dei tre Eidsvolls-representantane frå landdistrikta i Stavanger amt.

Vi skulle gjerne visst kva tankar Christen Møllbach gjorde seg under reisa til Stavanger. Valet i Stavanger domkyrkje vert tema seinare i denne serien. 

Kjelder:

Utskrift frå Egersund sokneprestembete, kyrkjebok A6, 1808 – 1815, fol. 33a.

 Kyrkjeboka på digitalarkivet

Lenke til fullmakta frå Egersund menighet:

 Kopi av orginaldokument med alle signaturene   

Avskrift av fullmakta



.