Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Hå gamle prestegard ved havet. Det store huset vart bygd etter ein brann i 1787 og er den einaste prestegarden frå før 1814 som er bevart i Jæren prosti. Her sat sokneprest Kastrup over kyrkjeboka på kontoret sitt ein februardag i 1814, etter at han fekk ein dødsbodskap frå Sør-Varhaug, ein gard om lag seks km lenger sør langs sjøkanten.  Kastrup var grundig i arbeidet sitt. Dermed er kyrkjebøkene hans svært gode kjelder til historia om livsvilkåra for kvinner og barn tidleg på 1800-talet.

Foto: Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, juli 2011.

____________________________________________________________________________

Mor og barn  -  liv og død

Søren Michael Kastrup (1749 – 1826) var sokneprest i Hå i åra mellom 1796 til 1826, men hadde vore kapellan i Hå frå 1778 til 1796. I 1814 var han ein eldre mann med omfattande kunnskapar om prestegjeldet og soknebarna sine. Men presten hadde ingen oppdaterte kunnskapar om den politiske situasjonen i Danmark-Noreg vinteren 1814. Den 19. februar 1814 sende prins Christian Frederik brev til dei fem biskopane i landet om freden og fredsvilkåra. Brevet skulle sendast vidare til alle sokneprestane. Innhaldet var eit resultat av notabelmøtet eller stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar. Sein postgang førte til at biskopen i Kristiansand stift ikkje fekk brevet før 27. februar. Der fekk han beskjed om bededagsgudstenestar og val på valmenn den 25. februar. Brevet nådde ikkje Kastrup på Hå og dei andre 21 sokneprestane i Stavanger amt før om lag 10. mars.

Frå prestegarden hadde Kastrup godt utsyn over havet. Utover i januar 1814 merka han nok at det vart roleg der ute. Han såg ikkje lenger britiske kaperskip. Det var slutt på åra då framande krigsskip skaut kanonkuler innover land eller gjorde strandhogg på Jæren. Folk flest merka nok også den nye og meir fredelege kvardagen.

Dagleglivet gjekk sin gang i Hå. Når folk kom til prestegarden med melding om fødsel eller død, skreiv Kastrup opplysningane inn i kyrkjeboka si. Innførslane vitnar om at presten var grundig, og om at han hadde omtanke for soknebarna sine.

Ein dag rett etter den 21. februar kom Rasmus Olsen Sør-Varhaug til prestegarden for å fortelja om kona sin dødfødsel:

Statsarkivet i Stavanger, Hå sokneprestembete, kyrkjebok A 2, 1812 – 1817, side 154.

Dette skreiv presten inn midt på sida i kyrkjeboka:

”Febr 21de Kl 6 slet om Eftermiddagen blev Rasmus Olsen Sør-Varhougs Kone Torborg Svendsdatter forløst med et dødfødt Drengebarn. Ovenbemeldte Moder blev Barselsyg Dagen før dend 20de Febr. Kl 6 slet om Eftermiddagen  –  Dette hændes Foster, som Hun havde baaret i 9 Maaneder, mærkede hun icke at være dødt, førend 1 Time før Fødselen. – Hændis Jordemoder var Rasmus Ellingsen Sør-Varhougs Enke Malene Olsdatter Sør-Varhoug, hændes Grande. – Med dette dødfødte Barn blev Moderen Lykkeligen forløst efter 24 Timers Forløb, ovenbemeldte Datum 21de Febr Kl 6 Slet om Eftermiddagen ved Naturen Allene, uden nogen Haand Vending eller Instrumenter, uagted det kom først med Fødderne frem til Verden.” (sitat slutt)

I 1814 var det ikkje første gongen Torborg og Rasmus mista eit barn. Om sokneprest Kastrup bladde tilbake til  den føregåande sida i kyrkjeboka si, kunne han lesa om vesle Sven. Sven døydde av kikhoste den 24. november 1812, fem veker gammal. To dagar før, den 22. november, var Torborg inngangskone under gudstenesta i Varhaug annekskyrkje. Ho takka då for barnet sitt.

Torborg og Rasmus var ikkje åleine om å mista barn i kikhoste denne hausten. I månadane september – desember 1812 vart 13 personar gravlagde i Hå prestegjeld. Ti av desse var små barn, og ni av dei ti døydde ”af kiighosten”, som presten skreiv i kyrkjeboka.

I februar 1814 mista Torborg og Rasmus det neste barnet sitt i dødfødsel. Torborg vart ”Lykkeligen forløst”, skriv presten. Ho kom med andre ord frå fødselen med livet i behald. Torborg fekk eit langt liv. Ho var 76 år då ho døydde i 1854. Det var heller uvanleg. Alt dette fortel kyrkjebøkene om. Når presten Kastrup la vekt på dokumentera dødfødslane så pass inngåande som i Torborg sitt tilfelle, hadde dette truleg ein spesiell grunn. Han støtta Torborg og andre kvinner som mista barnet sitt. Det skulle ikkje vera tvil om at kvinna var ein person utan skuld i dødfødselen, og om at ho ikkje hadde utført ei straffbar handling. 

Med ein slik grundig dokumentasjon om fødslar og dødsfall, gir sokneprest Kastrup oss i dag ei god kjelde til ei viss forståing av kva det ville seia å vera kvinne og mor i eldre tid. 

Kjelde:

 Digitalarkivet.no

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15801&uid=ny&idx_side=-47



.