Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

 I desse dagar for to hundre år sidan var fleire viktige brev på veg til alle prostane i det store Kristiansand stift. Biskopen hadde sjølv fått breva frå prins Christian Frederik den 27. februar 1814. Stavanger amt lengst i vest, var delt inn i fem prosti; Karmsund, Ryfylke, Stavanger, Jæren og Dalane. Dei fem prostane var også sokneprestar i prestegjelda sine. Prostane skulle senda breva vidare til alle prestane. Stavanger amt hadde 22 prestegjeld.  Dei tre bevarte breva nedanom er frå arkivet til prosten i Jæren, sokneprest Wessel-Brown i Høyland prestegjeld. Dei fekk nummer 1, 2 og 3 i arkivet hans. Breva var trykte, det eine i København og dei andre to i Kristiania. Dette var opne brev eller kunngjeringar retta mot alle innbyggjarane i landet.

Kongeligt aabent Brev angaaende Norges Afstaaelse til Sverrig, udstædt den 18. januar 1814. Første og siste side.

___________________________________________________________________________

Kong Frederik VI sitt opne brev til det norske folket var datert Middelfart 18. januar 1814. Først tidleg i mars fekk folk i Stavanger amt endeleg kjennskap til det fullstendige innhaldet i fredstraktaten i Kiel 14. januar 1814. I brevet går det fram at den svenske regjeringa støtta av stormaktene, tvinga Kong Frederik VI til å gje frå seg Noreg til Sverige. Dette gjekk han med på fordi han ville gjenoppretta fred i Norden, og fordi han ville avverga at landet vårt vart råka av hungersnaud, skreiv han. I brevet sitt løyste kong Frederik alle i Noreg frå truskapseiden til han som konge. Han oppfordra folk til å gå inn i unionen med Sverige med ro og orden.

Aabent Brev fra Norges Regent, Prinds Christian Frederik angaaende Rigets nærværende Stilling og tilkommende Regjeringsforfatning, datert Regentskabet i Norge, Christiania 19. februar 1814. Christian Frederik. Første og siste side.

__________________________________________________________________

Det var ei stor dokumentbunke biskopen sende ut etter at han hadde fått breva frå Regentskapet i Kristiania den 26. februar. Etter stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar, skreiv Christian Frederik Regentskabet i Norge  under breva sine. Han hadde fått tilslutnad frå mennene på møtet til å gå vidare med planane om Noreg som eit sjølvstending kongerike med eigen grunnlov og med han sjølv som folkevald konge.

Kundgiørelse, datert Regentskabet i Norge, Christiania 19. februar 1814. Christian Frederik.

________________________________________________________________

Denne kunngjeringa var eit reint propagandaskriv frå Christian Frederik. Han fortel om korleis den svenske regjeringa gjekk fram mot Kong Frederik og mot Noreg. Christian Frederik prøvde å stilla Sverige i eit heller dårleg lys og slo fast at det norske folket sjølv skulle få bestemma styringsform. Han la vekt på at han var den som hadde ”odelen” til den norske trona, og at han ville hjelpa det norske folket til å vinna fridommen sin.

Eit sirkulære eller ope brev til biskopane hadde instruksar om eidsavlegging, om skriving av fullmakter og om val i kyrkjene på ein ekstraordinær bededag 25. februar. Alle myndige menn skulle gjera eid på at dei ville forsvara Noreg som eit sjølvstendig land og deretter velja to valmenn. Desse skulle samlast i kvart amt for å velja tre representantar til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll 10. april. Byane og forsvaret hadde eigne val.

Då desse breva kom til Stavanger amt tidleg i mars, måtte prestane skunda seg og kalla inn til gudsteneste. Tida var knapp. Egersund prestegjeld sør i amtet var først ute. Dermed kan me nå i ettertid seia at det aller første politiske valet i Stavanger amt eller Rogaland, skjedde 11. mars 1814 i Egersund.

Dette valet vert neste tema i serien vår.

 
Kjelder:

Statsarkivet i Stavanger, Jæren prostiarkiv, boks CB 1814 – 1822, Reskript, lover og forordninger 1814 – 1822.



.