Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Dei fire kirkestolane til Suldal hovudkyrkje, Sola hovudkyrkje, Sandeid annekskyrkje og til Hausken hovudkyrkje. Alle protokollane er innbundne i pergament. Pergament er reinsa og tørka skinn av kalv eller gris. Desse små protokollane vert oppbevarte i spesialemballasje  ved Statsarkivet i Stavanger.

Foto: Anne Karin Jåsund, Statsarkivet i Stavanger, 2013.

_________________________________________________________________________

Kirkestol – ikkje ein stol eller benk i kyrkja

Ein av dei aller eldste protokollseriane i magasina våre er 44 små Kirkestoler . Dette er ein serie med kyrkjerekneskapar; ein protokoll for kvar kyrkje på landsbygda i dåverande Stavanger amt. Kirkestolane går tilbake til 1663 og er dermed 350 år i år. Protokollane manglar for om lag ti av dei gamle kyrkjene i Rogaland.

”Stol” er eit ord frå mellomtysk og tyder pengar som vart lånte ut med rente. Ein kirkestol er ein protokoll med oversyn over årlege inntekter og utgifter til kyrkjene. Protokollen har også oversyn over alt kyrkja åtte, som jordeigedomar og husdyr, like eins over kyrkjeinventaret.

Dei viktigaste faste inntektene for kyrkja var først og fremst fjerdeparten av tienda som alle bønder måtte betala sidan dei åtte jord. Tienda vart delt i fire partar mellom Kongen, presten, kyrkja og dei fattige i sokna. Tienda vart betalt i kontantar eller i landbruksprodukt som korn, smør eller små husdyr, til dømes sauer eller lam.

Andre årlege inntekter var festeavgift for utleige av jord, eller av kyr som kyrkja åtte, utleige av slåtten på kyrkjegarden og inntekter frå gravferder. Kyrkjene fekk også gåver, både pengar, jord, skog eller kyr. Kyrne vart leigde ut til dei som betalte best. 

Dei faste utgiftspostane var til dømes kjøp av vokslys, nattverdsvin og brød og kjøp av tjøre til utvendig vedlikehald. Når kyrkja trong reparasjon utover vanleg vedlikehald, måtte ein kjøpa tømmerstokkar og bord, murstein og mørtel eller eikespon til taktekking Når det skjedde, inneheld kirkestolane ofte namna på arbeidsfolka og arbeidsløna deira. 

Dei lokale kyrkeverjene førte kirkestolane. Dette var ressurspersonar i sokna. I praksis var det presten som peika ut kven som skulle vera kyrkjeverje. Prosten reviderte rekneskapen kvart tredje år. Signaturane deira finst i protokollane. 

I dag er kirkestolane særleg interessante på grunn av alle personalopplysningane. Dermed burde dei vera ei aktuell kjelde for slektsgranskarane sidan dei går tilbake til tida før kyrkjebøkene tek til i dei aller fleste prestegjelda. I Rogaland har sju prestegjeld kyrkjebøker frå tida før 1700.

Statsarkivet i Stavanger har fire hyllemeter med arkivmateriale etter Kristiansand stiftsdireksjon. Rogaland var ein del av Kristiansand stift til 1925. I tillegg til dei 44 kirkestolane inneheld denne vesle ”Stavanger-avdelinga” av Kristiansand stiftsdireksjon kopibøker, journalar, protokollar med oversyn av utleige av benefisert gods og over andre inntekter.

Foto: Anne Karin Jåsund, Statsarkivet i Stavanger, 2013.

___________________________________________________________________________

Kor gamle er kirkestolane?

Kong Christian IV sin ”Store Recess” av 27. februar 1643 inneheld ei nøye utgreiing om føring av kirkestolar. Dette var ei presisering av eldre pålegg frå København. Kong Christian Vs Norske Lov av 1687 inneheld detaljerte opplysningar om kva kirkestolane skulle ha med av inntekter og utgifter for den enkelte kyrkja.

I Rogaland eller Stavanger amt, kom føring av kyrkjerekneskapane i gang i samband med at styresmaktene intensiverte arbeidet med å få orden på dei kyrkjelege forholda i Noreg. Då Titus Bulche vart kyrkjekommissær i 1662, reiste han kringom i landet på inspeksjonar. Dette er nok grunnen til at kirkestolane i Stavanger amt med eit par unntak, kan daterast til 1663. 

Det finst også eldre rekneskapsmateriale enn frå 1663. I Riksarkivet inneheld arkivet Rentekammeret inntil 1814 reviderte kyrkjerekneskapar, mellom anna ein serie frå Stavanger stiftsskriveri: Kirkerekneskap 1617 – 1661.

Slik gjekk det med kirkestolane

I 1723-1724 selde Kongen i København kyrkjene på landsbygda i Noreg til private for å skaffa pengar til ein tom statskasse. Det kan diskutertast om han verkeleg åtte kyrkjene og dermed hadde rett til å selja dei. Ein langvarig krig med Sverige hadde tappa statskassen for pengar. Kongen hadde behov for pengar. Dei fleste kjøparane var velståande byborgarar. Mange skaffa seg gjerne fleire kyrkjer i slengen. I Dalane prosti kjøpte til dømes Jørgen Asserson Hiorth, kjøpmann og skipsreiar i Egersund, både Ogna, Bjerkreim og Egersund kyrkjer. Kanskje tenkte både han og dei andre å verta rike på desse spesielle kjøpa.

Dei nye eigarane skulle overta kirkestolane og føra rekneskapane vidare. I 1734 kom det offentleg påbod om at dei private eigarane skulle senda dei gamle originalprotokollane med tilhøyrande dokument til Stiftsdireksjonen i Kristiansand for arkivering i ”stiftskista” og sjølv kosta på seg kopiar. Desse skulle oppbevarast i kyrkjene. Den same forordninga opplyste at dette alt vart gjort i Kristiansand stift. Kirkestolane frå Stavanger amt vart sannsynlegvis sende til Kristiansand i samband med salet til private ti år tidlegare. Alle protokollane sluttar nemleg i 1723-1724.

Me skal sjå litt på kirkestolane for Talgje i dåverande Hesby prestegjeld i Ryfylke og Ogna i dåverande Egersund prestegjeld i Dalane. Kva fortel desse protokollane om inventaret, og kva slags personopplysningar inneheld dei?

 

Talgje kyrkje er ei av dei ni bevarte steinkyrkjene i Rogaland frå mellomalderen. Kyrkja er bygd i romansk stil ein gong mellom 1130 og 1150 på hovdingsetet Gard på Talgje i Finnøy kommune.

Foto: Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, 2011.

Interiør frå Talgje kyrkje ein sundag i novemer 2011 då kyrkjetenaren var i ferd med å blåsa ut talglysa i dei om lag 400 år gamle messingstakane på alteret etter gudstenesta. Talgje kyrkje har eit rikt inventar frå 1600-talet, både liturgisk utstyr og gjenstandar elles, som den gamle brurebenken i renessansestil. Alt dette er nemnt i kirkestolen.

Foto: Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, 2011.

Kirkestolen til Talgje i Finnøy og to av dei fremste sidene med status for inventar og utstyr.

Kjelde: Kristiansand stiftsdireksjon, Stavanger amt, Statsarkivet i Stavanger.

Foto: Anne Karin Jåsund, Statsarkivet i Stavanger, 2013.

___________________________________________________________________________

”Inventarium og Ornamente”

Kirkestolane inneheld oversyn over inventar og ornament, som det heitte før. Dette var det liturgiske utstyret eller kyrkjesølvet, lysekruner og lysestaker i messing, messehaklar, alterbøker, alterdukar og andre tekstilar, med vidare. Alle gåver og nye innkjøp til kyrkja skulle også førast inn. 

Ovanom ser me kirkestolen til Talgje og to av dei første sidene. Side 3 har eit oversyn over ”Inventarium og Ornamente”. Her er alle enkeltgjenstandar lista opp, som kalk og disk, messehakel, alterduk, messinglysestakar, alterbøker med vidare. Nedst på sida står dei to kistene til oppbevaring av ”Kirckens Kleder” og til talg- eller vokslysa.

Gjenstandar som var gåver, har opplysningar om kven dei kom frå. Side 11 i protokollen er ein status over ”Foræring til Kirchen”. Her kan me lesa om alle gåvene frå 1663 då kyrkjeverja tok til å føra protokollen. Sidetilvisinga til venstre viser kor i protokollen gåva er ført inn. På side 89 er det til dømes innført at Halvor Hofda gav ei lysekrune av messing med 11 armar. Lysekruna heng i kyrkja også i dag.  

Ogna kyrkje sett frå nord. Steinkyrkja vart reist på 1200-talet. Murane i hovudskipet er frå 1200-talet. Resten av bygningen er ny etter brannen i 1991. Kirkestolen for Ogna har mellom anna informasjon om reparasjonar på bygningen i 1673 og etter stormskadar i 1684-1685.

Foto: Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, 2007.

___________________________________________________________________________

Personalhistorie for slektsgranskrane

Kirkestolane er ei også ei god kjelde til slektsgransking. Protokollane inneheld både namna på kyrkjeverjer, på folk som gav gåver til kyrkja og ikkje minst opplysningar om dei som døde og deira nærmaste.

Den første Jon på Kvassheim i Ogna, var både lensmann i Valle skipreie og kyrkjeverje i Ogna etter at han flytte til Kvassheim frå Njå i Time om lag 1660: ”Kirckens Ombudsman Joen Quassemb” hadde ansvaret for å samla opplysningane om inntekter og utgifter for Ogna kyrkje til den årlege rekneskapen. Det kosta ikkje noko å gravleggja døde på kyrkjegarden for gardbrukarane og familiane deira. Unntaket var husmenn, strandsitjarar, borgarar, skipparar, styrmenn og andre som ikkje hadde inntekt frå gardsdrift. Dei betalte ikkje tiende. Dermed var dei ikkje med på å støtta kyrkja økonomisk. I Sirevåg budde det fleire slike, og dei måtte betala for bruk av kyrkjegarden, med mindre dei var svært fattige. Dei som kunne betala, finst i kyrkjerekneskapen. Når framande sjøfolk vart gravlagde på Ogna, betalte den ansvarlege for dette. I praksis var dette gjerne kapteinen på det aktuelle skipet, om han var tilgjengeleg. Kyrkja fekk pengegåver frå framande sjøfolk rett som det var. 

Gardbrukarfamiliane måtte ikkje betala for grava. Dersom ein skulle ringja med kyrkjeklokka i samband med gravferda, eller om presten skulle vera til stades og tala over den døde, måtte dei pårørande betala både til kyrkja og til presten. Folk måtte også betala for gravminne, enten dette var eit steinmonument, trekors eller ein enkel trestokk. Summen varierte alt etter kor gamal den døde var.

To sider frå kirkestolen for Ogna annekssokn i Egersund prestegjeld, Dalane prosti.

Den eine viser mellom anna utgifter i samband med prostevisitas, utgifter til stiftsskrivar og til innkjøp av skriveutstyr, og utgifter til innkjøp av brød og vin for eitt år. Den andre viser inntekter frå personar i samband med gravferder. Me kan og lesa at Ole Friestad og kona hans betalte for ein ”gravstock til deres leyersted på Kirkcegaaarden” i 1723.

Kjelde: Kirkestol for Ogna. Kristiansand stiftsdireksjon, Stavanger amt, Statsarkivet i Stavanger.

___________________________________________________________________________

”Dog de som ere gandske fattige nyder Jorden fri..”

Korkje prestane eller kyrkja fekk mange inntekter frå dei døde før, særleg ikkje frå dei fattige. Kirkestolen for Ogna viser kor mange pengegåver kyrkja fekk frå framande sjøfolk, eller når sjøfolk vart gravlagde. Kirkestolen fortel også om dei som vart gravlagde under kyrkjegolvet. Det var ikkje billeg å gravleggjast inne. Satsane var delt inn etter tre aldersgrupper, 0-5 år, 5-15 år og frå 15 år og oppover. Det var ulike summar for kor ein ville gravleggjast. Ein gravstad under koret var dyrast. Der kosta det 9, 6 eller 3 riksdalar, alt etter alder på den døde. Deretter kom øvre delen av midtgangen og under preikestolen. Det tredje alternativet var nedre delen av midtgangen, ved døra til våpenhuset. Det billegaste alternativet var under kyrkjebenkene. Då måtte dei pårørande i tillegg ta opp dei faste kyrkjebenkene og festa dei att etter gravlegginga. 

Dei ulike takstgruppene vart fastsette i ei kongeleg forordning frå 1682 om gravferder i Danmark og Noreg. I 1711 vart forordninga regulert for Kristiansand stift som Stavanger amt høyrde til. Denne siste instruksen er innført i kirkestolen for Ogna. Prestar og kyrkjeverjer var dei einaste som kunne få gratis gravstad inne i kyrkja. Sidan Ogna var annekskyrkje til Egersund, budde det ikkje prestar i sokna. Derfor var det ikkje aktuelt med prestegraver i kyrkja. 

Kirkestolen viser at berre eit par personar vart gravlagde inne i kyrkja i åra mellom 1663-1723. Den siste var ein Niels Olsen som er ført i rekneskapen for 1716. Ei kongeleg forordning i 1805 sette sluttstrek for skikken med gravlegging under kyrkjegolvet.

Dermed mista kyrkjeeigarane denne inntekta.

Dei årlege leigeinntektene for dei 6-7 kyrne  som kyrkja åtte, var i alle år ei langt større og sikrare inntektskjelde for kyrkja enn dei døde. Det var ikkje store sosiale klasseskilje i Ogna før. Så å seia alle døde vart gravlagde ute på kyrkjegarden og enda i umerka graver. Berre eitt ektepar betalte for gravmonument i perioden 1663-1723. Dette var Ole Friestad og kona hans som betalte for ein ”gravstock til deres leyersted på Kirkcegaaarden” i 1723 (sjå illustrasjon).

Dermed er det namna på dei som ikkje åtte jord, og som skulle betala ein liten pengesum for ei umerka grav på kyrkjegarden, som vart skrivne inn i kirkestolen.

Oppsummering

Dei 350 år gamle kirkestolane inneheld fleire typar personalopplysningar i ein elles kjeldefattig periode. Me finn namna på kyrkjeverjene, på dei som leigde kyrkjekyrne, på husmenn og strandsitjarar i sokna, namna på andre som måtte betala for gravlegging ute, kven som vart gravlagde inne i kyrkja, kven som gav gåver til kyrkja med vidare. 

Kirkestolane er også ei god kjelde til bygnings- og til kulturhistoria generelt, til studiar av prisar på byggjemateriale og anna, og til studiar av lokale arbeidsløner.

Skulle me koma med eit jubileumsønskje for 350-åringen, er det at både lokalhistorikarar og slektsgranskarar kan verta flinkare enn i dag til å bruka denne innhaldsrike og interessante arkivkjelda. 

Aktuelle kjelder

www.arkivportalen.no

Mykland, Liv, 2005: Håndbok for brukerne av statsarkivene.

Næss, Hans Eyvind, 2006: Kirkestolen: Gullgruve for eldre persondata . Artikkel i Arkivmagasinet, nr. 1, 2006.

Risa, Lisabet, 2007: Kyrkjegarden i Ogna . Artikkel i Kyrkjelydsblad for Hå, nr. 3, 2007.

Statsarkivet i Stavanger, 1978: Kristiansand Stiftsdireksjon. Stavanger amt.  Arkivkatalog.




.