Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Statsarkivet i Stavanger markerer stemmerettsjubileet 1913 – 2013 med ein presentasjon av ti ulike kvinner i Rogaland som alle vart fødde før 1913. Me vil visa på kva område kvinnene kunne gjera seg gjeldane i hundreårs-perioden etter 1814. Først ut er prestekona Augusta Vedøe i Suldal og Jelsa. Augusta var søster til Camilla Collett og Henrik Wergeland, men som kvinne fekk ho ein heilt annan lagnad enn søstera. 

 

Camilla Collett, Gina Krog, Fernanda Nissen og Fredrikke Marie Qvam var dei ”fire store” i den nasjonale stemmerettskampen før 1913. Desse er i dag dei fire forgrunnskvinnene i det nasjonale markeringa av jubileet. Dei ti kvardagskvinnene i Rogaland på 1800- og 1900-talet supplerer desse ”fire store” og fyller ut biletet av kva det ville seia å vera kvinne i lokalsamfunnet før 1913.




.