Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kari vart fødd 29. april 1874 på garden Eikeland på heia i Bjerkreim og døypt 10. mai same året i Bjerkreim  kyrkje. Foreldra var innerst Isak Nilsen og Inger Torgersdotter Egeland. Kjelde: Helleland sokneprestembete, Kyrkjebok for Helleland og BjerkreimA 7.1, 1863 – 1886, s. 108a.

________________________________________________________________________________________

Barndomsår i Bjerkreim

Far til Kari overtok heimebruket på Eikeland same året som Kari kom til verda. Ho voks opp i ein søskenflokk på ti. Eldste broren døydde 8 år gamal, og to av dei andre søskena før dei var tretti år gamle. Eikeland hadde eit stort klyngetun med fire brukspartar. Bruksparten til Isak og Inger var så pass stor at dei kunne dela denne i to mellom Torger og Nils, dei to eldste av dei gjenlevande sønene. Dette var i 1901. Då hadde rett nok Nils, den yngste av dei to, budd fleire år i Stavanger og stifta familie der. Han arbeidde då på Mouritzens Såpefabrikk. Jørgine, yngste dottera, vart tenar på eit av grannebruka. Også ho vart buande på Eikeland. Dei andre i den store søskenflokken måtte reisa frå garden for å finna seg eit levebrød.

Yrkeskarrieren til Kari utafor heimbygda tok til på lensmannsgarden i Time. Der fekk ho truleg nærkontakt med det store arbeidarmiljøet som voks fram rundt ullvarefabrikken på Ålgård i grannekommunen Gjesdal.  Arbeidarane på dette biletet vart fotograferte i samband med 25-års jubileet til Aalgaards Uldvarefabrikker  i 1895. Foto: C. Jacobsen, Stavanger eller B. Norland, Stavanger/Ålgård. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger. 

_______________________________________________________________________________________

Ut for å søkja teneste

Me kjenner ikkje til når Kari flytte frå Bjerkreim. Då det var folketeljing i desember 1900, var ho tenestejente på lensmannsgarden Norheim i Time. Dette må ha vore ei krevjande men sikkert også interessant teneste. Kari var ”Tjenestepige for Husgjerning”. Ho arbeidde med andre ord inne i huset. Ei anna ung jente var ”tjenestepige for Fjøsstell”. Lensmannen var enkjemann med fem mindreårige barn heime. Den 80 år gamle mor hans var folgekone. Kanskje kom Kari til garden etter at den eldste dottera i familien døydde i mars 1900, 22 år gamal.

Vegen gjekk ikkje direkte frå Norheim til Ålgård for Kari. Taletta, Kari og Karen, tre av dei fem jentene i søskenflokken på Eikeland, og to av dei tre gjenlevande brørne reiste til Stavanger. Den nye hermetikkindustrien der lokka med arbeidsplassar for både kvinner og menn. Nils kunne som nemnt flytta heim til Eikeland i Bjerkreim etter nokre år i byen. Også broren Theodor ønskte å få seg eit gardsbruk og flytta frå Stavanger. I 1925 kjøpte han eitt på Kalberg i Time saman med ein brorson. Theodor flytta sidan tilbake til Bjerkreim. Der budde han på Vikeså dei siste leveåra. To av søstrene vart værande i Stavanger. Kari flytta til Ålgård der Aalgards Ullvarefabrikker vart siste arbeidsplassen hennar.

Arbeidsstokken ved ullvarefabrikken utanfor den store arbeidarboligen, Storahuset, i samband med 25-års jubileet til bedrifta i 1895. Grunnleggjaren Ole Nielsen og kona Malen Hansdotter er nr. 5 og 6 frå venstre i fremste rekkje. Dei kvinnelege arbeidarane held seg i bakgrunnen. Det var nok slik i kvardagen også at mennene kom i første rekkje, ikkje berre når det galdt løn. Storahuset frå 1882 -1895, var ein trebygning som  fekk  fire fløyar. Der var det husvære for fabrikkstyraren og familien hans, hyblar for einslege arbeidarar, rom for felleshushald og kontor. I dag er Storahuset rådhus i Gjesdal kommune. Foto: C. Jacobsen, Stavanger. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger.

________________________________________________________________________________________

Frå tenestejente til fabrikkarbeidar

Då Kari flytta til Ålgård, fanst det fleire spinneri rundt om i fylket, også fleire i Gjesdal, men desse var små samanlikna med ullvarefabrikken på Ålgård. Det var og andre større kvinnearbeidsplassar, som Egersund Fayancefabrikk i Eigersund kommune og mange hermetikkfabrikkar, ikkje bare i Stavanger. 

Aalgaards Uldspinneri stod likevel i ein klasse for seg sjølv. På Ålgård hadde fabrikkeigar Ole Nielsen (1827 – 1915) bygt opp eit heilt industrisamfunn kring elva med fossen og med seg sjølv som navet i både bedrifta og lokalsamfunnet rundt. Ole Nielsen styrte den nye industribygda i patriarkalsk ånd. Han sørgde både for eigen bruksskule, for ulike helsetenestar, fleire fritidstilbod for arbeidarane, og for pengar slik at Ålgård kunne få eiga kapellkyrkje i 1917. Nielsen bygde også tidleg ein stor arbeidarbolig for dei mange tilflytta einslege arbeidarane, Fælleshusholdningen for Aalgaard fabrikers ugifte og enelige arbeidere og betjente.  Sonen Nils Nielsen budde også der med familien sin. Han var fabrikkstyrar på Ålgård. Kona Oline Nielsen var styrarinne for felleshushaldet.

Då det var folketeljing i året 1900 , budde det 82 personar i dei fem bygningane som utgjorde Fælleshusholdningen, eller Storahuset som namnet vart på folkemunne. Forutan ekteparet Nielsen og barna deira var det bare 13 mannlege arbeidararar. Resten var einslege kvinner. Dei aller fleste, både kvinner og menn, kom frå andre bygder, mange også frå andre fylke på Vest- og Sørlandet.  Det var truleg ei indre rangordning mellom alle kvinnene. Tre av dei arbeidde ved gardsbruket som høyrde til fabrikken. Fire av dei deltok i ”Husgjerningen”. Dei arbeidde med matglaging og anna til felleshushaldet.  Det spørst om ikkje lærarinna ved brukssksulen stod øvst på denne interne stigen. Deretter kom nok ”bokholdersken” ved fabrikkontoret, og så kanskje den eine ekspedistrisa ved fabrikkutsalet. 

Av dei andre kvinnene som høyrde til felleshushaldet, var ”12 spolersker, to rennesker, sju spinnersker, to hespersker, to tvinnersker, 22 veversker og sju nuppersker” i 1900. Desse siste kvinnene kontrollerte saman med ”stopperskene” ferdig vovne tøyrullar og bøtte eller justerte på småfeil i stoffet.

Kari Egeland fekk også det første husværet sitt i Storahuset, i Arbeiderboligen  som det står i folketeljinga frå 1910 . Det budde då 50 personar i same huset som Kari. Sambygdingen, nupperske Tomine Tysland, budde der då det var folketeljing i 1900. I 1910 hadde ho for lengst flytta til leigehusvære hos ein skomakarfamilie på Ålgård. Der budde ho saman med Talette Kløgetvedt, ei anna kvinne frå Bjerkreim. Båe var då ”stoppersker” ved fabrikken. Kari Egeland var åleine frå Bjerkreim i den store Arbeiderboligen i 1900.  Ho er nemnd som arbeiderske. Folketeljinga 1910 spesifiserte ikkje arbeidsoppgåvene så detaljert som folkteljinga 1900. Fleire er nemnde som veversker og stoppersker. Heile 129 kvinner er nemnde som arbeidersker og sju som fabrikkarbeidersker. Av dei mannlege tilsette er 30 nemnde som arbeidarar.

Ålgård vart som ein landsby. Dei fleste større arbeidsprosessar ved fabrikken fekk eigne hus. Dette er det store spinneriet, der eldste delen er frå 1880. Dette var det første fabrikkbygget på sørsida av Figgjoelva. Den lokale kraftstasjonen låg ved sida av spinneriet. På rekkje og rad langs elva følgde så Lageret, Kjelhuset, Appreturen, Fargeriet, Ullageret og ”Theateret”, bygningen for ull- og fillesortering. Veveriet låg på nordsida av elva. Dette var ein stor murbygning frå 1898 med eit tilbygg frå 1912. Veveriet vart reist på same staden der den aller første spinneribygningen låg. Foto: C. Jacobsen, Stavanger. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger. 

________________________________________________________________________________________

I 1889 grunnla Ole Nielsen også trikotasjefabrikken Figgen Co eller Figgjo Trikotasjefabrikk. Figgjo i dåværande Høyland kommune låg ikkje langt frå grensa til Ålgård i Gjesdal. Fabrikken på Ålgård var spinneri og veveri. Figgjo var strikkefabrikk som produserte finare strikkevarer som underklede, strømper, genserar med vidare. Råstoffet, ullgarnet, kom spinneriet på Ålgård. Her ser me arbeidsstokken ved den første fabrikken, truleg ved 25-års jubileet til Aalgaards Uldvarefabrikker i 1895. Foto: C. Jacobsen, Stavanger eller B. Norland, Stavanger/Ålgård. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger. 

_______________________________________________________________________________________

I 1910 var det kome til nye kvinneyrke ved bedrifta. To søstre frå Sandnes var telefon- og telegrafistinner med felles hushald, sju kvinner hadde arbeidet sitt på fabrikkontoret og i eksepedisjonen, to kvinner var lærarinner ved bruksskulen, og fabrikken hadde fått eigen sjukepleiar. I den andre enden av arbeidsstigen hadde det og kome til fleire tilsette. Fleire menn og kvinner dreiv med reingjering og soping av fabrikklokala, skulen og turnlokalet.  I lokalmiljøet elles på Ålgård hadde det også kome fleire nye kvinneyrke. Ei kvinne var musikklærarinne, ei var pensjonatvertinne, ei hadde moteforretning og det var fleire syersker.

På det nye meieriet var det både meierske og undermeierske, ysterske og underysterske. Tilsvarande var det fleire typar nye mannsyrke.

Kari Egeland høyrde til den store gruppa arbeidersker. Me kjenner ikkje til kva arbeidsoppgåver ho hadde ved fabrikken, eller korleis ho fann seg til rette på arbeidsplassen, i felleshushaldet, eller i den vesle fritida ho hadde. Det var aldri mange kvinner frå Bjerkreim ved fabrikken på Ålgård. I 1910 var det bare fem medrekna Kari.

 

Det var både ei rangordning mellom kvinne- og mannsarbeid og mellom dei ulike kvinnearbeidstypane i fabrikkbygningane på Ålgård og Figgjo. Ser me bort frå kontorarbeid ved fabrikken, var nok trikotasjefabrikken på Figgjo den mest attraktive arbeidsplassen. I den andre enden av skalaen kom ull- og fillesortering i ”Theateret”. Dette var ein av arbeidsplassene utan støy frå maskinar. Kvinnene der var kjende for replikkane sine, noko som gav bygningen det speielle namnet på folkemunne. Fabrikken på Ålgård kjøpte inn og tok i mot ull som råstoff til spinning. Ulla kom ned gjennom kanalen i bakgrunnen og vart sortert før ho vart levert til vasking, karding, spinning og veving. Her ser me nokre av kvinnene som arbeidde ved ”Theateret” i 1912. Foto: B. Norland, Stavanger. Fotoarkivet Gjesdal folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

_____________________________________________________________________________________

Då arbeidsdagen tok slutt

På eit eller anna tidspunkt før 1920 leigde Kari husvære på Ålgård hos to ugifte søstre. Søstrene Ingeborg og Berta Lindø (f. 1848 og 1860) frå Sveio var ikkje representative for kvinnelege fabrikkarbeidararar. Dei flytta til Ålgård i unge år. Dette var ikkje uvanleg. Folketeljinane frå 1900 og 1910 har fleire eksempel på at to søstre flytta i lag til Ålgård for å arbeida ved ullvarefabrikken. Dei fleste kom frå Nord-Rogaland og Hordaland. Men det var få som kjøpte eige bustadhus. Huset til Ingeborg og Berte i sentrum på Ålgård vart bygt i 1899, og søstrene fekk tinglyst skøyte i 1903. Ein gong etter 1910 vart Kari leigetakar hos dei. Fleire ugifte kvinner eller enkjer med eige husvære hadde ekstrainntekter. Folketeljingane 1900 og 1910 viser at fleire var syersker, ei var ”strykerske”, nokre leigde ut hyblar eller husvære, eller dei hadde ”kostgjester”.  Då tok dei i mot arbeidarar eller andre i kosten.

Kari fekk mange år som pensjonist og døydde på Ålgård i 1957. Det fanst ikkje noko folketrygd i landet vårt då arbeidslivet tok slutt for henne. Kari flytte heller ikkje tilbake til Bjerkreim som sambygdingen Tomine Tysland. Fabrikken var kjend for å ta vare på arbeidarane sine. Statsarkivet i Stavanger tek vare på det store bedriftsarkivet etter DFU. Dette inneheld truleg også informasjon om Kari.

Kari fekk ein stor del av arbeidsdagen sin på den aller største kvinnearbeidsplassen i Rogaland. Som tilsett ved DFU hadde korkje ho eller alle dei andre kvinnene dei same vilkåra i arbeids- og dagleglivet som mennene ved fabrikken. I godt vaksen alder opplevde ho både å få stemmerett ved kommune- og ved stortingsval. Me kjenner ikkje til om Kari nytta seg av denne retten. Kanskje kjende ho ikkje nokon spesiell identitet knytta til Gjesdal kommune. Det finst ikkje kjeldemateriale som kan fortelja om Kari nytta dei politiske rettane sine. Men det store DFU-arkivet kan fortelja om arbeids- og levevilkåra til Kari og alle dei andre kvinnene ved fabrikkken. Her ventar fleire forskingsoppgåver.

Kjelder:

Arkivverket - www.digitalarkivet.no  :

-Kyrkjebok for Helleland sokneprestembete, A 7.1, 1863 – 1886.

-Folketellinga 1910.

Statsarkivet i Stavanger

-Folketeljinga 1900 Gjesdal.

-PA 553 Figgjo Trikotasje.

-PA 568 De Forenede Ullvarefabrikker DFU

-Fotoarkivet Gjesdal folkebibliotek, SAS 1989/12 GJE 1: 1 – 42.

Litteratur:

Berge, Reidar (red), u.å.: Dagbok av Malli Berge 1925 – 1942.

Nordås, Hallvard,1989: Gjesdal bygdebok 1870 – 1989.

Risa, Lisabet, 2000: Bjerkreimboka III, kapitlet om garden Eikeland på heia. 

Ålgård Rotary (red), 2009: Ålgårds historie 1870 – 2007.

Aktuelle nettadressar

Bjerkreim, Tolleiv, 2002: Historien om Aalgaards Uldvarefabrikker og De Forenede Ullvarefabrikker D.F.U.:

http://www.gjesdalgjestgiveri.no/historie/historie2/



.