Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Stemmerettsjubileet (1913 – 2013) går mot slutten. Camilla Collett, Gina Krog, Fernanda Nissen og Fredrikke Marie Qvam var dei ”fire store” i den nasjonale stemmerettskampen før 1913. Dei vart også dei fire forgrunnskvinnene i det nasjonale markeringa av jubileet i 2013.

I løpet av dette året har Statsarkivet i Stavanger hatt ein generell artikkel av den lange vegen mot allmenn stemmerett, og me har presentert ni ulike kvinner frå alle delar av Rogaland. Desse kvardagskvinnene på 1800- og 1900-talet har supplert dei ”fire store”. Dei har også representert eit bidrag til forståinga av kva det ville seia å vera kvinne i lokalsamfunnet før 1913. Du kan lesa om desse ni kvinnene i presentasjonane til høgre her på sida.

Kvinnene kom frå ulike miljø, og dei fekk ikkje dei same utfordringane i livet. Det offentlege kjeldematerialet ved statsarkivet og aktuell lokallitteratur kastar eit visst lys over dei. Det finst også bevart brevmateriale etter fleire i privat eige og ved institusjonar som Nasjonalbiblioteket. Dette gjeld særleg for Augusta Wergeland Vedøe, Kitty Kielland, Elisabeth Edland og Dorthea Rabbe. Utgangspunktet vårt har vore kjelder i offentlege og private arkiv ved Statsarkivet i Stavanger

Hannchen Jacobsen, den siste kvinna på lista, representerte eit nytt yrke som kom etter 1850, og som passa for kvinner, i praksis for kvinner i ressurssterke familiar. Portrettfotografering vart ein utbreidd mote i heile landet frå 1880-åra. Før den tid var det meir velståande kvinner som oppsøkte eit fotografatelier. Det finst portrett av alle dei ni kvinnene våre, så nær som Augusta Wergeland Vedøe og Alethe Rosenkilde, men Augusta vart måla av kunstmålaren Knut Baade i 1838.  

Eit fotografi kan seia meir enn tusen ord, heiter det. Fotografia er i alle fall viktige historiske kjelder. Me avsluttar markeringa vår av stemmerettsjubileet 1913 – 2013 med ein presentasjon av 12 portrett og gruppebilete frå før 1913 og ser på kva desse kan fortelja om kvinnene som var fødde på 1800-talet.  

Me skulle kanskje tru det var ungdommen som oppsøkte dei første fotografateliera i 1850 – og 1860-åra. Slik var det ikkje. Fotografering var dyrt. Eldre, velståande kvinner og menn var dei beste kundane. I Stavanger oppsøkte det gamle apotekarparet Zetlitz i Kirkegata den første fastbuande fotografen i byen ein gong før apotekaren Egert Nandrup Zetlitz døydde i 1863. Begge var fødde på 1700-talet. Dette var andre gong  ekteparet Zetlitz kjøpte portrett av seg sjølv. Dei vart måla i 1830-åra av den omreisande tyske kunstnaren Philip Henrich Kriebel. På dette fotografiske portrettet framstår Johanne Anne Albertine (Hanna) f. Løwold som ei trygg, sikker og myndig eldre kvinne. Ho har tidstypisk krinolinekjole og hovudplagg med blonder og silkeband. Foto: H.P. Thykier. Privatarkiv nr. 66, Statsarkivet i Stavanger.

Heller ikkje på landsbygda var det ungdommen som kom til dei nye fotografateliera dei første tiåra etter 1840. Det var veletablerte gardbrukarpar som investerte i eige portrett. Berta Torgersdotter (1801 – 1890) på Kyllingstad i Gjesdal høyrde til denne gruppa. Berta fekk ni barn mellom 1822 og 1846.

Berta hadde nok andre ærend også då ho reiste til fotograf i Stavanger rundt 1870. Stolen ho sit på, går igjen på mange visittkortportrett frå den tida, men den aktuelle fotografen trykte ikkje namnet sitt på fotokartongane. Berta er kledd i ei tradisjonell jærsk kvinnedrakt. Ho har stakk og liv i ullstoff, hovudplagg, plagg eller sjal og forkle. Desse tre draktplagga var av bomull eller silke og hadde fleire fargar. Berta hadde nok også ei lita hue under hovudplagget, men denne var annleis enn blondehua til fru Zetlitz. Berta høyrde til den siste kvinnegenerasjonen på Jæren som bar denne drakta. Som fru Zetlitz ser Berta både trygg og sikker ut. Opphaldet i atelieret var prega av høgtid. Dette var sikkert første gongen, og kanskje også den einaste gongen ho var i eit fotografatelier. Foto: Ukjend. Fotoarkivet Folkebiblioteket Gjesdal, Statsarkivet i Stavanger.

Anna Catherine Falck fødd Lindal (1842 – 1924) høyrde til ein yngre kvinnegenerasjon enn fru Zetlitz i Stavanger og gardkona Berta Torgersdotter frå Gjesdal. Fru Falck kom frå ein velståande, eldre bakarmeisterfamilie. Ho gifta seg med skipsreiar Thomas S. Falck (1829-1889) frå Drammen. Dei bygde eit ”bypale” i mur i Laugmannsgate 1. Der budde fru Falck åleine etter at mannen døydde, i 1900 saman med to tenestejenter og ein kusk og i 1910 saman med to tenestejenter.

Anna gifta seg om lag 1862 og hadde to søner på 2 og 3 år då det var folketelling i 1865. Dette portrettet av henne frå tidleg i 1860-åra er truleg ikkje frå Stavanger. Det viser ei ung, litt forsiktig kvinne frå ein velståande familie. Det er ingen grunn til å tru at den fine silkekjolen med blonder, eller smykkene, var lånte effektar. På den tida hadde nemleg fotografane forskjellig slags pynt, også klesplagg, som kundane kunne låna under fotograferinga. Den svære flettekransen til Anna var kanskje ikkje hennar eigen. Foto: Ukjend. Privatarkiv nr. 1167, Statsarkivet i Stavanger.

Dei aller fleste kvinner i Rogaland kom frå enkle kår. Dei hadde ein annan bakgrunn enn Anna Catherine Falck. Jentene reiste som oftast frå heimen etter konfirmasjonen. Dei tente hos andre, eller fekk seg etter kvart arbeid i den nye hermetikk- eller tekstilindustrien. På større gardsbruk kunne døtrene i huset arbeida heime til dei gifta seg, eller heile livet om dei var ugifte.

Dette stereofotografiet frå ei stove i Ryfylke er frå 1889. Dermed er det eitt av dei aller eldste interiørfotografia frå landsbygda i Rogaland. Far i huset les avisa. Mor heklar, gamlemor spinn på rokken, ei ung jente spøtar sokkar og ei anna sit ved den nymotens symaskinen. Fotografiet viser med andre ord fire ulike typar  tekstilproduksjon. På 1800-talet laga alle kvinner klede og tekstilar til heimen. Denne produksjonen viser ikkje igjen i dei offentlege arkiva. Derfor er dette fotografiet særs verdifullt. Dei to yngste kvinnene på fotografiet var truleg døtre i huset. Tenestejenter var vanlegvis ikkje med på familiebilete. Foto: Martin Morrison, på heimebesøk frå Iowa, USA. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

Kvinner i meir velståande familiar dreiv også med ulike typar handarbeid. På dette området var det ikkje forskjell på fattig og rik. Men dei velståande kjøpte nok i langt større grad ferdiglaga klede hos profesjonelle skreddarar og sydamer enn folk flest hadde anledning til på 1800-talet.

Her er me i daglegstova på Hå prestegard den 22. november 1904. Prestefrua Cecilie Catherine Holm f. Gløersen (1847 – 1938) var sorenskrivardotter frå Trondheim og Solvorn i Sogn. Ho og dottera Cecilie fremst spøtar, medan dottera Helene sit med symaskinen. Far sjølv, sokneprest Karenos Th. Holm, kviler på sofaen bak kvinnene. Helene gifta seg i juni 1905. Andre fotografi frå prestegarden viser at ho hadde ein omfattande ”utstyrsproduksjon” før ho flytta frå heimen for godt. Foto: John Landstad. Fotoarkivet Hå folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Mange ungdommar, særleg menn, emigrerte til USA. For mange var det fattigdom eller mangel på framtidsutsikter i heimlandet som gjorde at dei reiste. Emigrasjonen til USA tok seg sterkt opp etter at den amerikanske borgarkrigen var slutt i 1865 og nådde eit høgdepunkt i andre halvparten av 1880-åra. Då reiste også mange unge kvinner. Dei fleste fekk huspostar i byane eller hos farmarfamiliar.

Dette fotografiet viser tre søstre frå Ree i Time som emigrerte sommaren 1885, Johanna (Hanna), Lisabeth (Lisa) og Maria. Den yngste av dei feira 20-års dagen sin på båten i Atlanterhavet 12. juli 1885. Foreldra, Jens og Johanna Ree, emigrerte også, like eins tre av dei andre barna i søskenflokken på ti, men på andre tidspunkt. Alle slo seg ned i The Yellow Medicine County, eit område i Minnesota med stor konsentrasjon av folk frå Jæren.

Mange emigrantar var innom fotografen i Stavanger før dei gjekk ombord på skipet. Her ser me dei tre søstrene i fine reiseklede, i kåper og kyser. Dei er alle prega av alvor framfor den store reisa. Ingen av dei kom tilbake til heimlandet. Foto: Jan Greve. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

 

Hermetikkindustrien i Stavanger vart ein stor arbeidsplass for kvinner tidleg på 1900-talet. Både eldre og unge kvinner, også heilt unge jenter, arbeidde i den nye sardinproduksjonen som første gong kom i gang ved Stavanger Preserving i 1879. Mange av kvinnene var frå landsbygda. Arbeidet førte til at dei slo seg ned i byen.

Tidleg på 1900-talet var det svært mange hermetikkfabrikkar i Stavanger. Eigarane brukte fotografiet aktivt i marknadsføring av produkta sine, både på emballasje, i reklame og i trykksaker elles. Dermed finst det mange fotografi frå åra rundt 1900 – 1910 som viser produksjonslokale og arbeidsprosessar. Tilsvarande sørgde eigaren Ole Nielsen av Aalgaards Uldvarefabrikker for å dokumentera spinneri-, veveri- og trikotasjeproduksjonen ved fabrikkanlegga på Ålgård og Figgjo, første gong til 25-års jubileet i 1895. Dermed finst det også mange  fotografi av kvinner i hermetikk- og i tekstilindustrien i Stavanger og på Jæren frå 1895 og framover. Her ser vi eldre og unge kvinner under arbeid i eitt av produksjonslokala til Stavanger Preserving om lag 1905 – 1910. Foto: Haakon Johannessen. Privatarkiv nr. 107, Statsarkivet i Stavanger.   

Omsorgsarbeid har til alle tider vore kvinnene sitt område. Dette var ikkje eit aktuelt motiv for dei første fotografane. Men det var ikkje uvanleg at mødre fotograferte seg med barna sine, gjerne det første barnet. Denne motivgruppa finst på portrett som går like tilbake til 1860-åra.

Etter 1902 kom det nye kameraet Kodak Brownie Box Camera  for amatørfotografar til Stavanger. Fotografering vart mote hos borgarskapet i byane. Men det finst ikkje mange amatørfotografi frå før 1913 som viser kvinner og og stell av barn, sjuke eller gamle i heimen. 

Slumsøstrene hos Frelsesarmeen utførte desse omsorgsoppgåvene i det offentlege rommet. Arbeidet deira er heller ikkje dokumentert. Men ein gong rundt 1910 tilkalla Frelsesarmeen i Stavanger fotograf. Dermed vart dei  sju slumsøstrene og leiaren deira dokumenterte for ettertida. Kanskje skulle dei markera eit jubileum for Frelsesarmeen i Stavanger. I dag kjenner vi ikkje namnet på nokon av dei. Foto: Hakon Johannessen. Privatarkiv nr. 430, Statsarkivet i Stavanger. 

Den offentlege skulen på landsbygda gjorde ikkje forskjell på gutar og jenter, eller på ulike sosiale grupper. Fleire foreldre såg likevel ikkje nytta av å senda jentene til skulen. Det offentlege skuletilbodet i byane var ikkje likt for gutar og jenter. Jenter frå betrestilte heimar gjekk helst på private ”pikeskoler” som ressurssterke kvinner dreiv.  Her ser me ein jenteskuleklasse i Stavanger som fotograferte seg i atelier rundt år 1900. På den tida hadde ingen av fotografane i Stavanger spesialisert seg på å fotografera skulebarn, og det var heller ikkje vanleg å fotografera dei lokalt på skulane. Derfor er slike tidlege skulefotografi heller sjeldne. Skulebileta representerer ei god kjelde til studiar av barneklede i ulike sosiale lag, men jentene på private skular i byane var nok ikkje representative for folk flest på dette området. Foto: Olaf Herseth. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

Svært få unge kvinner fekk vidare skulegang utover barneskulen. Også på dette området kom gutane i første rekkje. Frå 1846 kunne unge menn ta landbruksutdanning på Austrått i Høyland, seinare på Tveit i Nedstrand. Det gjekk mange år før det kom ei tilsvarande praktisk utdanning for kvinner. Jenteskulen eller husmorskulen på Åsland i Time kom i gang i 1883.

 Både gutar og seinare jenter fekk tilbod om eit vidaregåande skulekurs etter konfirmasjonen. Også på dette området var gutane prioriterte. Amtsskulen for gutar i Ryfylke og i Jæren og Dalane kom i gang i 1875 og for jenter ti år etterpå.

 Det var tungvint å reisa til fotograf i Stavanger når skuleåret var slutt. Men det hende at skulane fekk besøk av omreisande fotografar. Desse tre alvorsfylte jentene var elevar ved jentekurset då amtsskulen heldt til i Årdal i Ryfylke i 1885/1886. Det var kanskje fotograf Jan Greve som besøkte skulen. Han hadde fleire fotograferingsrundar i Ryfylke og på Jæren i slutten av 1880-åra og var ein av dei første etablerte fotografane i Stavanger som oppsøkte kundane sine. Foto: Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

I 1899 kom det ein privat folkehøgskule, Jærens folkehøgskule på Kleppe i Klepp. Denne vart etter kvart svært populær hos både unge kvinner og menn. Det vart tradisjon at elevane ved skulen reiste til fotograf Henrik Wiig på Sandnes, mot slutten av skuleåret. Nokre ønskte også å fotografera seg i ein ”elevsituasjon”, som desse jentene. Albumeigaren Pauline Vik frå Rennesøy var elev ved skulen vinteren 1903–1904. Her har ho fotografert seg i lag med fem skulevenninner, alle i kvite serveringsforkle, dei fleste truleg også i konfirmasjonskjolane sine. Dei høgtidsstemte jentene ser langt eldre ut enn 16 – 17 år gamle jenter i dag. Foto: Henrik Wiig. Fotoarkivet Rennesøy folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Me avsluttar fotokavalkaden vår med portrettet av Siri Salvesdotter Skjæveland (1892 – 1965) frå Bjerkreim. Ho representerer ein ny kvinnegenerasjon, og ein generasjon som hadde stemmerett når dei vart myndige. Ein gong før 1910 fotograferte ho seg hos Villads eller Velas Sagland, læraren i Vikeså-krinsen. Sagland var også bygdefotograf etter at han vart lærar der i 1898. Både dei profesjonelle fotografane i byane og bygdefotografane hadde mange unge kvinner som kundar på den tida. På dette området var det ikkje forskjell mellom kvinner og menn så lenge det var mote å skaffa seg portrett i visittkortformat. Siri står fram som ei trygg og sikker ung kvinne med den eine handa planta i sida og den andre på – ja, nettopp på ein portrettalbum. Ho har ein lys sommarkjole i bomullsstoff.

Fotografen arrangerte eit atelier ute, med bord og stol på ein trepall inntil husveggen. Til og med fotoalbumet fekk plass på bordet, nett slik det låg inne i bestestova. Trepallen og veggen viser ikkje på denne kopien og på den tilskorne papirkopien kundane fekk. På den kopien var det uråd å sjå at atelieret var heller provisorisk. Foto: Villads Sagland. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.



.